Fartøyvern
Handverk, frivillighet og ildsjeler
Fjordsteam, fartøyvern og fjordafart
Nytt forteljarpanel på Sjøfartsmuseet i Bergen, laurdag 18. februar 2023 kl 19 - 21
Dei vestlandske fjordane har aldri vore avkrokar. Dei har vore ferdselsårer. Folk langs fjordane har hatt god kontakt - med kvarandre, og med alt som hender på havet og i verda. Båtane, bryggekulturane og alle yrke, fag og kjøpmannskap som høyrer saman med dei, er grunndrag i landsdelskulturen. Dette skal me dele forteljingar om på ein ny laurdagskveld med munnleg historie på Sjøfartsmuseet i Bergen.
18. februar 2023 var dette tema i det sjuande forteljarpanelet som Memoar og Bergens Sjøfartsmuseum har arrangert saman. I panelet sat Tove Torkildsen frå Fjordabaatane.no, Carl Harbitz-Rasmussen, leiar av Fjordsteam, Kristian Djupevåg, båtbyggar frå Tørrviksbygd, Øyvind Konglevoll, brannmester og drivkraft i "alt" som har med fartøy og andre mobile kulturminne å gjere, og Ingvald Ådland, maskinist med fartstid både frå fjordafart og utanriksfart - og nå frivillig maskinist på DS Stord. Ansvarlege for førebuingar og gjennomføring av Bjørn Enes, frivillig minnesamlar i Memoar og Sebastian Kvamsdal Kaasa, historikar og frivillig i Memoar. Sjå opptak frå arrangementet under:
Kristian Djupevåg
Intervjuopptak med pensjonert båtbyggar/fartøybyggar Kristian Djupevåg.
Intervju Bergen kystlag
Ragnar Hovland forteller om oppvekst med båter og sin fars minner fra sjøfart.
Lokalhistorisk dag
Forteljarpanel 1/10-22 med Bergen kystlag om oppvekst med båt og frivillig kulturvern.
UTVIKLING
Vi ønsker innspel og idear til tema for munnleg historie og flytande kulturminne.
Gamle båter er livet!
VÅR DAG
Lørdag 1. oktober klokka 12 var «vår dag» for å vise fram fartøyvern og munnleg historie under frivillighetens år
Kortkurs
HARDANGER FARTØYVERNSENTER
24/5-22 Hardanger Fartøyvernsenter og Memoar samarbeidde om eit kortkurs i Norheimsund.