Hovudprosjekt i utvandraråret:
Intervjuopptaket er sjølvsagt viktig. Men etterarbeidet - logging, dokumentasjon, arkivering og formidling - er minst like viktig. Store samlingar av opptak blir verdfulle når dei er enkle å finne fram i for samtidige og framtidige brukarar. Vi arbeider stadig med å bli flinkare til å lage enkle innhaldsstrukturar og å effektivisere etterarbeidet. Kort om dei enkelte delane av etterarbeidet:
Emneord er ei "grovsortering" av innhaldet i intervjusamlingar: I forkant av kvart nye prosjekt lagar vi fyrste versjon av emnordlist. Gjennom prosjektet utvidar vi lista med viktige enkeltord som vi forstår av vi burde ha tenkt på i starten.
Eit fritekst samandrag av intervjuet er svært verdfull dokumentasjon. Det er ofte lett å skrive for intervjuaren, snarast råd etter intervjuet. Vi eksperimenterar også med autotranskripsjon og samandrag med hjelp av kunstig intelligens.
Logg er eit stikkordsmessig innhaldsoversyn over intervjuet minutt for minutt. Poenget er at brukaren skal kunne finne ganske nøyaktig tidskode for det ho/han ønskjer å sjå eller høyre.
Di større samlingane er, di større er faren for at verdfulle intervju "druknar". Det må derfor vere enkelt å finne dei att - på nettsida, i arkivet - og i videosamlinga. Derfor må alle intervju ha sitt arkivkort.
Memoar nyttar eksisterande "hyllevarer" som verktøy til dei ulike delane av desse arbeidsprosessane. Vi eksperimenterar også med bruk av kunstig intelligens. For innsamlarar er desse fire hejelpemidla dei viktigaste:
"Bak scena" består infrastrukturen av opptaksprogram frå Obsproject. mellomlagring i Dropbox, redigering i WeVideo, publisering av video i Vimeo, nettside i Google Sites og blogg i Wordpress til blogg. Vi er i prosess med ein avtale om langtidsarkivering hos Vestland Fylkesarkiv. Og vi eksperimenterar med å bruke språkmotoren Whisper fra Skriveriet,no til autotranskripsjon og både Google Gemini og ChatGPT til samandrag,
Hilmarfetivalens arkivseminar: Memoar og Folkemusikksamlinga i Nord-Trøndelag har saman førebudd ein diskusjon om arkiv og immateriell kultur. Medan folkemusikken har lang erfaring med arkivbygging, så er "eit munnleg riksarkiv" fyrste og - så langt - einaste sak på Memoars politiske kravliste. Dessverre er Marit Westrum frå Folkemusikksamlinga blitt offer for haustens influensaepidemi. Dermed blir Bjørn Enes frå Memoar aleine om å innleie til diskusjon om korleis vi saman kan arbeide for å sikre at immateriell kulturarv frå samtid og nær fortid kan bli bevart for etterlekta.
Klokka 10:00 i Lillesalen i Steinkjer Samfunnshus - og digitalt på www.Memoar.no.