industri/Mustad på Gjøvik

Introduksjonskurs 22. april 2022 

Mustad historielag, Gjøvik historielag og Memoar v/Inger Christine Årstad inviterer til introduksjonskurs om muntlig historie. 

Møterommet Vinterhaven i Brighthouse inne i industriparken på Mustad. 

Program 22/4 (trykk for å lese meir)

Fredag 22/4 - 2022

11:  Om memoar og munnleg historie, og hvem er vi her på kurset?

12 - 13: Presentasjonsrunde: Kva er munnleg historie? Vinkling på industri.

Pause med lunsj

13:30 -15:00

Pause med eit godt måltid

Ressursside for samtykke og lenke til logging

Fredag 22/4-22

Tema for kurset var industri og munnleg historie. De fleste av deltakarane var pensjonister fra fabrikkene og salgs-avdelingene til Mustad. Produksjon av både fiskekroker og Mustad hestesko i hele verda utfordrer prosjektet. Vi fann ut at folk må bli intervjua på eige språk og at vi kan bruke fjernintervju. 

Forbrede prosjekt

TEMA FOR MØTER I HISTORIELAGET FØR WEBINARET MED MEMOAR:

Webinar 

Vi avslutter kurset med eit webinar.
Her utveksler vi erfaringar, og diskuterar vidare framdrift og praktisk etterarbeid: 

presentasjonen på introkurset:

Industri_GJØVIK_Mustad 22_4-22.pdf

Inger Chr. Årstad  

Inger Christine Årstad er ny leiar i Memoar frå årsskiftet. Ho har vore tilknytta som deltidstilsett og frilansar sidan hausten 2019. Fram til nyttår var ho leiar for arkiv, foto og formidling ved Mjøsmuseet. Ho er utdanna filmskapar og kulturhistorikar, og har også gjennom mange år hatt sitt eige produksjons-selskap for dokumentarfilm og munnleg historie. Inger Christine Årstad, ic@memoar.no, 92256277

I prosjektet "Munnleg historie for alle" 2019-2022 kan Memoar, Norsk Folkeminnesamling og Norsk etnologisk gransking tilby historielag, musé og andre så å seie gratis kurs om innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling av munnleg historie. 

Samarbeidspartnarane må ordne kurslokale, lokale til intervjuopptak og invitasjonar til kursdeltakarar og intervjuobjekt. Det er også viktig at samarbeidspartnarane gjer avtale med minst ein person som kan bli intervjua dagen før sjølve kursdagen. Vi kan gjere opp til tre intervju - helst med personar som er primærkjelder til lokalhistorisk utvikling. Kursdeltakarane kan delta - som intervjuar, medintervjuar eller observatør - så sant dei som skal bli intervjua samtykker til det.

Memoar dekker våre eigne kostnader (kursleiarar, reise, utstyr), takka vere Sparebankstiftelsen DNB og prsojekt "Munnleg historie for alle". 

For å ta del i webinaret på dag 3,  må du ha tilgang til ein PC (eller Mac eller Chromebook eller nettbrett eller telefon med internett). Maskinen din må ha kamera og mikrofon. Ein ekstern mikrofon/øyretelefon gir ofte betre kvalitet på lyd inn og ut. 

Du må ha interesse for å lytta til andre folk sine forteljingar om levd liv og erfaring. Ut over det er det ingen førehandskrav.