Margit Skrindo

Publiseringsdato: 28.sep.2019 06:56:34

Margit Skrindo kjem frå Skrindo, ei grend med fem gardar i Ål i Buskerud. Ho vart fødd i 1931, ei tid då det framleis var naudsynt å laga så å seie alt ein skulle bruka på ein gard. Ho fortel om mange slike teknikkar i hushaldet, korleis dei laga lut, slåtten - med bakketurk og hesjeturk alt ettersom - og om bufardagen då dei drog den lange vegen frå Skrindo til langestøylen på Kråkhamar. Dyra visste godt kva som skulle skje den dagen, og var utålmodige etter å koma av garde. Det tok heile dagen - det var 17 km langt. På støylen var ho med å kinna og koka prim frå ho var knøttlita. Men då ho var 12 måtte ho koma heim for å vera med i slotten. "I tretti år var eg onnejente".

Videoen er inntil vidare sperra med passord. Spørsmål om passordet må rettast til Mariet Skrindo.

Opptaket vart gjort på Ål Bygdearkiv den 11. oktober 2018. Intervjuar vr Anne Marie Kollhus frå Nes Historielag.

Under videoen finn du ein logg med tidskodar som gir oversyn over innhaldety. Utskriftsvenleg logg finn du her

Stikkord om innhaldet i intervjuet:

(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.

Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:

https://vimeo.com/297809198#t=1m15s)