Nytt sjøfartsprosjekt i gang på Agder
Nytt kulturhistorisk museum (Viga museum) opnar i Kristiansand i 2028. Munnleg historie blir eit satsingsområde for muséet - og bygginga av den munnlege kjeldesamlinga startar alt nå! Memoar og sjømannsforeiningane i Lillesand, Kristiansand og Mandal skal samarbeide med Vestagdermuséet om ei innsamling av sjøfartsminne i Agder. Fyrste planleggingsmøte var 13. mai.
Svært vellukka medlemsmøte i Mandal Sjømannsforening 9. september. Torunn Lunde og Ragnhild Bie frå Vestagdermuseet orienterte om det nye muséet og sjøfartsprosjektet, og Bjørn Enes frå Memoar fortalde om intervjuserien. Ni av medlemmene meldte seg til dei to fyrste intervjudagane, som blir tirsdag 13 og onsdag 14. oktober - på Sjømannshjemmet i Mandal. Vi vil også forsøke å få til ein intervjudag med nokre av dei som sat heime - "havfruer" og born av sjøfolk. Og vi vil samle tekstar av folk som skriv om sitt liv på sjøen og i sjøfarten.
Eit godt besøkt medlemsmøte torsdag 24. september slutta unisont opp om idéen. Fyrste intervjudag vart fylt opp alt under møtet, og det vert nå arbeidd med å "spikre" avtalar om dag to. Pr 27/9 er det fire ledige intervjutidspunkt på fredag 7. november. Påmelding kan skje til Sjømannsforeningen eller direkte til intervjuaren Bjørn Enes på epost bjorn@memoar.no.
Også medlemsmøtet i Christianssands Sjømandsforening likte tanken om ei stor samling munnleg sjøfartshistorie i det nye muséet. Også der blei fyrste intervjudag fyllt opp alt i løpet av møtet. Når dette blir skrive (27/9) er der tid til tre intervju til, det kan sjå ut til at dei ledige klokkesletta blir laurdag 7. november kl. 13:00, kl. 15:30 og klokka 17:30. Påmelding kan skje til Sjømandsforeningen eller direkte til intervjuaren Bjønr Enes - bjorn@memoar.no.
Onsdag 13 mai 2026 diskuterte Vestagdermuséet, sjømanssforeiningane i Lillesand, Kristiansand og Mandal og Memoar, planar om ei ny innsamling av munnleg sjøfartshistorie med utgangspunkt i Agder. Muséet vil gjerne bygge opp ei samling av munnleg histore til bruk i det nye muséet som er under bygging i Nodeviga i Kristiansand. Sjømannsforeiningane er opptekne av å sikre munnleg primærkjeldemateriale frå dei eldste medlemmene, som ennå har både krigshistorie og forteljingar frå den såkalla gullalderen i handelsflåten. Og Memoar vil gjerne bidra til størst moglege samlingar av munnleg sjøfartshistorie, og ser prosjektet i Kristiansand som eit svært verdfullt tilkot til samlingane på Sjøfartsmuseet i Bergen, Kuben i Arendal og andre.
Konklusjonane vart slik:
Deltakarane i møtet foreslår for sine respektive Sjømannsforeingar at dei blir med i ei slik innsamling.
Første tiltak blir å arrangere eit medlemsmøte eller ope møte med informasjon om prosjektet. Det kan gjerne kallast ein forteljekveld, der medlemmene også blir oppmoda til å fortelje episodar frå sine sjømannsliv. Bjørn Enes frå Memoar kjem gjerne til desse møtene.
Neste tiltak blir ein eller fleire intervjudagar, der dei som skal intervjuast kjem ein og ein til avtalt tidspunkt for intervju. Intervjuar blir Bjørn Enes frå Memoar (og ein person frå Vestagdermuséet?), og det kan gjerast fire til seks intervju kvar intervjudag. (Intervjuet tar mellom ei og to timar. Det blir laga avtale med kvar enkelt som blir intervjua om at det blir dei som skal bestemme om opptaket kan brukast av muséet).
Desse forteljekveldane eler medlemsmøtene kan gjerne skje snarast råd, i alle fall helst før jul. Dei vil sikre ei verdifull kjeldesamling som både sjømannsforeiningane og muséet kan bruke forsking og formidlingsarbeid i åra framover.
Muséet på si side vil også arrangere ein eller fleire slike forteljekveldar, for eksempel med eit intervju på scena og deretter ordet fritt. Også muséet vil arrangere intervjudagar.
Det var også semje om at liknande tiltak - forteljekveld pluss intervjudagar - kan vere verdfulle også med fokus maritim industri, marinen og Fullriggaren Sørlandet. Muséet vil arbeide vidare med dette.
Det må sjølvsagt lagast formelle avtalar om desse samarbeidstiltaka, men det var tydeleg at alle partar var så positive til dette at det berre er å setje i gang.
Slik ser arkitektane føre seg at det nye kulturhistoirske muséet skal sjå ut når det opnar i 2028.