Årsmelding 2018

19-02-14-AarsberetningMemoar2018 (1).pdf

Referat frå årsmøtet i Memoar 2. mars 2019:

Årsmøtet vart innkalla med denne sakslista:

1. Årsmelding om arbeidet sidan sist årsmøte 

2. Rekneskap 

3. Forslag om å oppretta Stiftinga Memoar og å endra pkt 1. og 2. i vedtektene

4. Val av styre og andre tillitsverv. 

Årsmøtet vart sett 2. mars 2019 kl. 15:00 i Auditoriet i Bergen off. Bibliotek.  17 medlemmer og tre observatørar var til stade. 

Fylgjande vedtak vart gjort:

Sak 1 - Årsmnelding: Det vart vist til årsmelding for Memoar 2018 og til Sluttrapport Krafttak Hordaland og Sluttrapport Krafttak Noreg. Alle hadde vore tilgjengelege på http://om..memoar.no i forkant av årsmøtet, og alle medlemmer hadde fått epost om dette. Årsmeldinga vart tatt til etteretning. 

Sak 2. Rekneskap.  Det vart vist samandrag av rekneskapet for Memoar 2018  på storskjerm og elles vist til at rekneskapet haddee vore tilgjengeleg på http://om.memoar.no i forkant av årsmøtet. Kåre Dale gjorde greie for sine kommentarar til rekneskapet som tillitsvald revisor. Årsrekneskap+et vart tatt til etteretning.

Sak 3 - forslag om vedtektsendring og oppretting av Stiftinga Memoar:  Etter ein kort diskusjon vart saka utsett til neste årsmøte.  Om  naudsynt kan styret kalla inn til ekstraordinært årsmøte på denne saka. 

Sak 4 - Val. Fylgjande styre vart vald: