Abdi Getamesay
Publiseringsdato: 13.okt.2019 08:50:21
Då dette intervjuet vart gjort, var Adigani Getamesay nitten år gamal. Han rekna seg alt å vera langt forbi startfasen i si kunstnariske utvikling, for han begynte svært tidleg. Han skreiv sin fyrste tekst alt som niåring. Det var ei heftig gangsterforteljing. Han hadde fått husarrest, og sat inne og skreiv på mobiltelefonen. I dag ler han av innhaldet i teksten – men på same tid ser han på teksten som viktig. Det var fyrste gong han kjende at han meistra leiken med ord, med rytme og rim og flyt og lyden av orda. Han har to morsmål: Somalisk og norsk. Han er fødd i Noreg, men heime har dei alltid snakka somalisk. Mor hans snakkar flytande både somalisk, norsk, etiopisk, arabisk og engelsk, så han er vand med stort språkleg mangfald. Då han gjekk i tredje klasse, var bror hans i England og prøvespelte for fleire fotballklubbar. Han forsto at det var viktig å læra engelsk, og satte igang å læra veslebroren. «På skulen fekk me i lekse å lesa i femten minutt – så krevde bror min at eg skulle lesa tretti minutt engelsk i tillegg....»
Då han begynte å meistra engelsken, vart det moro. Og då dei begynte med engelsk på skulen, låg han langt framfor dei andre. Dei fyrste tekstane hans var alltid på engelsk.
Fyrst då han var seksten tok han til å skriva på norsk. «Født i djevelens felle» var fyrste tekst. Den vart også til i ein konfliktfylt situasjon, han hadde rømt heimefrå. Ikkje så langt – berre til studio på Kulturhuset på Torshov.
«Nokre gonger kjem berre tekstane av seg sjølv» seier han. Det hende med denne teksten. Fyrst då han var ferdig, gjekk det opp for han at han hadde skrive på norsk.
Abdigani har svært mange erfaringar å dela om kunstnariske prosessar. Musikken er svært viktig for han. Fyrst og fremst er han tekstforfattar og vokalist. Men han brukar mykje tid på å søka etter beats (musikk) på YouTube. Nokre gonger finn han musikk som passar med tekstar han har skrive – andre gonger vert han inspirert til å skriv for musikk han finn. Han lagar litt musikk også, men Ham karakteriserar seg som ein lærling når det gjeld å produsera.
«Musikk gjer ein forskjell. Eg har sett det», seier han. Då tenkjer han ikkje berre kunstnarisk, men også samfunnsmessig. Han fortel særskilt om korleis han gjer når han held kurs i rapping på Tøyen Bibliotek, om korleis grupper av born og ungdomar som tidlegare har mobba kvarandre kan bli sveisa saman av å jobba med å utvikla og tolka kvarandre sine tekstar.
Også i større samanhengar meiner han at musikk kan gjera ein forskjell. Han fortel inngåande om songen «Hard work is desires» – både korleis han vart, til innhaldet i songen – og korleis han fungerer.
«Det kom ein gut bort til meg på biblioteket og spurde: Kva hender etter at du har vore i fengsel?» Den hendinga brukar han som eksempel på at ein song kan gjera ein forskjell. Han såg sjølv opp til artistar då han var på same alder. Det er svært vanleg å fokusera på negative eller uoppnåelege verdiar i hiphop-kulturen – han nemner piller, damer, dyre bilar – men musikk kan også virka til å læra unge menneske om kva som er sant og kva som er alvor.
Han fortel svært entusiastisk og interessant om biblioteket på Tøyen, kulturhuset på Torshov og om inkubatoren Tekstlab, alle tre viktige institusjonar som han har brukt aktivt i si utvikling.
«Jeg gikk inn i en periode – jeg var down. Jeg gikk til en som heter Harry på kulturhuset...» I den samtalen oppsto et nytt sprang i utviklinga hans: «Poff! Jeg vil ha et band!»
Og så sto det plutselig et band der. Nå arbeider han entusiastisk for å få hele bandet til å fungere slik at det kan videreformidle de følelsene og den skapergleden som en tekst har begynt med. Første mål var å gjøre det sterkt i Ungdommens Kulturmønstring 2018. Det neste ville være å lage en heftig musikkvideo.
Og lenger fram?
«Jeg skal bli rørlegger. Hip-hop-rørlegger».
Opptaket vart gjort på Sentralen i Øvre Slottsgate i Oslo den 13. juni 2018. Intervjuar var Bjørn Enes. Videoen er inntil vidare sperra med passord. Spørsmål om passorden må rettast til Agdigani Getamesay.
Stikkord om innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar(h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:
https://vimeo.com/290883867#t=1h2m20s )