Hanna Filomen Mjåvatn
Publiseringsdato: 13.okt.2019 08:11:01
Det finst store og små spørsmål. Slik svarar Hanna Filomen Mjåvatn på eit av dei store i dette intervjuet: «Kunst er menneskeskapt. Og da kan det jo være mye, da!»Ho er sjølv eit veldig spennande eksempel på det. Det er ein veldig tett samanheng mellom hennar eige liv og den kunsten ho skapar. Eit stort spørsmål i livet er identitet. Som treåring vart ho adoptert frå ein barneheim på Fillipinane. Som trettiåring reiste ho attende der. «Eg hugsa ingenting – men kroppen min kjende seg att...»
Denne opplevinga har gitt henne stort innsyn i korleis ord og opplevingar set seg i kroppen. Før den viktige reisa, opplevde ho dans som meistring og glede. Ho kom inn på Bårdar Akademiet etter vidaregåande skule, og kjende klassisk ballett som eit univers av fridom. Sjølv om det var streng terping på teknikk, kjende ho det som trygt og ho kjende seg sett.
Ein workshop i regi av Tekstlab vart eit viktig vendepunkt i utviklinga hennar. Der fekk ho nokre tekstar som ho vart oppmoda til å lesa høgt og samtidig bevega seg til. (Det var tekstar av Veronica Salinas). Det vart ei heilt ny erfaring – og ein forsmak på korleis det kunne vera å dansa til ord som kom frå henne sjølv. Like etterpå gjorde ho si viktige reise. På barneheimen fekk ho lesa eit brev som (adoptiv-)mora hennar hadde skrive til barneheimen nokre månader etter at ho hadde kome til Noreg. Det vart ei skilsetjande oppleving: «Eg kjende att mor si handskrift. Eg forsto at det var sant, at det var der eg hadde vore. Og at informasjonane eg hadde fått var riktige»
Då ho kom heim att, laga ho ei visning der ho las høgt frå dette brevet medan ho uttrykte det som sto der i dans.
Ho fortel veldig fascinerande om identiteten sin. Ho snakkar om at ho heile livet har hatt ein liten fillipinsk treåring inni seg. Så snakkar ho om ein norsk tiåring som tydeleg også er der. Denne tiåringen er glad og livlig og ganske bråkete og full av klovneri. Men inni seg er der noko vanskeleg som alle strekane kanskje skal døyva. Så er der ein trettenåring som skammar seg litt over tiåringen. Og så er det denne trettiåringen som får auge på dei andre – og som klarar å trekke fram orda deira.
Etter den fyrste visnsinga inviterte ho tre andre dansarar og ein komponist som alle hadde den same bakgrunnen som adopterte born. Saman arbeidde dei med å forska ut og formidla kva det vil sei å vera adoptert.
«Det viktigaste som har hendt meg er at eg vart invitert til å henta ut desse orda eg hadde inni meg sjølv, og bruka dei til å laga min eigen kunst».
På det andre store spørsmålet i intervjuet svarar ho: «Å vera adoptert er å ha lært seg å vera trygg med det ukjende – og vissa om at det kjem til å bli verande ukjend».
Det ser ut til at dette har løyst ut store kreative krefter i henne. Dei er heller ikkje lenger knytta berre til dans. Ho arbeider med tekst, lyd (ho tykkjer «musikk» er eit for trangt omgrep – ho brukar heller «lyd» eller «vibrasjonar»), rørsler og større konsept.
«Eg sausar alt i hop, eg!» seier ho.
Ho snakkar om forholdet til publikum, delingskultur, arbeid med born og unge og mykje anna. Ein kan ana at det også finst ein viktig far i livet hennar. Ho nemner han to gonger – han ser på livet som ei togreise, der ein kan sitja og sjå verda og livet fara forbi utanfor vindauget medan ein undrar seg og reflekterat over korleis det er å vera dei menneska ein berre får nokre glimt av.
«Nå har me snakka veldig masse!» seier ho, overraska, når samtalen går mot slutten.
Stikkord om innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar (h) minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:
https://vimeo.com/293454017#t=1h1m20s)
intervju optak- tysdag 12. juni klokka 12:00
Egentlig ...
av Hanna Filomen Mjåvatn
Dokumentarisk tekst om erfaringer og opplevelser av å bli adoptert, flyttet på, få en ny start, nye rammer. Gjennom flere ulike adopsjonshistorier utforskes hva som er likt og hva som skiller erfaringene fra hverandre. Prosjekt om identitet; konflikter og følelser hos det adopterte barnet. Hva det vil si å ligne på, være lik andre eller å føle seg annerledes? Hva er familie og tilhørighet? Adopsjon fra ulike perspektiver; barnets egne følelser og opplevelser av å bli adoptert og hvordan barnet blir sett av samfunnet/de andre.
Etter visningen blir det en åpen samtale med publikum
Idé/konsept:
Hanna Filomen Mjåvatn
Medskapende scenekunstnere:
Cecilie Lindeman Steen
Daniel Rodrigo Nilsen
Hanna Filomen Mjåvatn
Julian Skar
Shanti Brahmachari
Uma Feed Tjelta
Uma Isabelle Schanke (TekstLab Unge Stemmer)
Lydbilde/komponist:
Julian Skar
Konsulent:
Manouchehr Darakhshanfar
Teksten er utviklet som et samarbeid mellom alle medvirkende i prosjektet
"Egentlig ..." er en del av prosjektet "politics of identity", støttet av Norsk Kulturråd