Jostein Helge Skjelten

Intervjuopptak 25. mai 2021

Jostein er glad i bygda si, og kan kallast ein ekte Brattvågpatriot i den positive tydinga av ordet. Jostein er sonen til Pearl Hazel Petersdatter Hildre (f. 09.12.1908- d 26.10.1994). Faren var Sevrin Skjelten (f. 26.06.1905- d. 14.10.20029. Jostein er gift med Astrid Margrethe Olavsdatter Vaksvik (f. 1939 i Vaksvika). Saman har dei 3 døtre, Trude Skjelten, f. 1963, Helene, f. 1965 og Synnøve f. 1970.

Jostein vart fødd inn i Brattvåg Elektro, og gjennom oppveksten og i feriane vart det arbeidsplassen hans. Jostein gjekk ved Köping Tekniska Institutt og utdanna seg til svakstraumsingeniør der. I 1985 vart han dagleg leiar i Brattvåg Elektro, ein jobb han hadde til år 2000. Bedrifta tok ein veldig stor del av hans tid, men Jostein fann tid til andre ting og. Han var trufast medlem av Brattvåg Rotary, og der var han President i 184-1984. Dessutan sat Jostein som leiar i Brattvåg Næringssamskipnad, og seinare i Haram Næringslag. Styremedlem i Haram Sparebank var ein anna arena der Jostein deltok. Har ein born, har ein ansvar, og slik også med Jostein. I tillegg til vanleg ansvar, vart han dregen inn i Brattvåg symjeklubb, som instruktør, medan døtrene deltok der. Han var også deltakande i styre for boligsamskipnaden «Hautunet», i ein periode då Brattvågen vaks veldig fort, og behova for bustader var stort.

Haramsøy 05.12.2022 - Sveinung Giske

Dokumentasjonsdugnad:

For at eit intervjuopptak skal bli bevaringsverdig, må det dokumenterast.

Ein god innhaldslogg er fyrste og mest arbeidskrevjande oppgåve. Det er ein tabell med tidskoder (minutt og sekund frå start) og stikkord for innhaldet. Det er enno ikkje gjort til dette intervjuet.

Lag ein kopi av dette loggeskjemaet


Når loggen er ferdig, er det relativt fort å skrive eit tekstsamandrag.

Dersom loggen også kan supplerast med ei meir generell emneordliste, er det enno betre.

Ei ferdig og avleveringsklar personmappe inneheld opptak, signert samtykkeerklæring, publiseringsfil, logg, tekstsamandrag og emneordliste.

Stubbar

Ein stubb er eit kort utdrag - noko som er særskilt godt sagt, særskilt interessant eller på andre måtar eit "gullkorn" som eignar seg for publisering.

Stubb: TV-arbeid på Sunnmøre i 1962

Stubb: Sjøsetting

Stubb: Om å reparere