Hans Vestre huse

Hans Vestre Huse. 02.01.1921 - 24.09.2000

Hans var yngst i søskenflokken etter Ingebrikt. P. Huse og kona Jenny Vestre. Hans fekk teknikk inn med morsmjølka. Faren, I.P., som han vart kalla, dreiv sildeoljefabrikk, mekanisk verkstad og var ein av grunnleggjarane til Hydraulik i Brattvåg. Hans fekk verkstadpraksisen sin her. Fagutdanninga tok han på Bergen tekniske skole. Medan han var der, tok han speletimar og spelte fiolin i Musikkselskapet Harmonien.

Som den ”framfoten” han var, skreiv han hovudoppgåva om atomfysikk, fusjon og fisjon! Det siste la han nok på hylla, men fiolinspel og musikkinteresse vart ein raud tråd gjennom resten av Hans sitt liv. Det er så mykje ein kunne sagt om Hans – om alle styre han sat i – både i bedrifter, finansinstitusjonar og organisasjonar, men det vil føre for langt. Sikkert er det at han var ein høgst respektert og mykje nytta person. Livsverket hans, det å utvikle Hydraulik Brattvaag AS frå ein liten, landsens mekanisk verkstad til ei verdsomspennande bedrift er eit ruvande ettermæle etter han.

Hans var ein blidspent og jovial person. Han greide og å sette dette preget på bedrifta. Blid og plystrande høyrde vi han i korridorane. Kontordøra var alltid open og den som ville kunne stikke innom. Ein vart alltid vel motteken, sjølv om eg er overtydd om det ikkje passa like godt kvar gong. Han bygde opp ein organisasjon med stor individuell fridom. Ein fridom som vart sett pris på av dei tilsette og som dei følte som eit stort personleg ansvar i den jobben dei gjorde. Salg var nok det som sto Hans nærast, og det kunne sjå ut til han styrte utfrå filosofien om at dersom ein hadde nok å gjere, så ville kvar på sin plass løyse dei problem som oppstod. Det gjorde dei og utan at dette var spesielt formalisert. Han var og ein leiar med omsorg sine tilsette. Hans kunne verke beskjeden og litt tilbakehalden.

Det var han og om eigen person, men gjaldt det bedrifta, var han ein fighter av rang. Bedrifta tok han som livsoppgåva si, og han fór verda rundt for å promotere den. Resultatet av dette ser ein i dag ute i fjøra der lille Årsund Slipp i si tid låg.