Perry sønderland

Perry Sønderland 21.04.1921 - 30. 08 2003

Perry var fødd, voks opp og vart busett i Brattvåg . Han vart gift med Gerd Skeide, fødd 19. august 1923 i Ulsteinvik. Dei fekk fire jenter. Saman med svogeren, Ingebrikt Sandnes starta han i 1949 Brattvåg Skipsinnredning, seinare Brattvaag Skipsverft AS.

Perry var ein engasjert person, ikkje berre i verksemda dei bygde opp, men og for heimbygda og kommunen. Han såg lenger enn dei fleste og var heil klar over at dersom bedrifta skulle utvikle seg, måtte både bygda og kommunen utvikle seg. Perry arbeidde i det stille. Han var oftast ikkje den som sto fram og fronta prosjekt. Kunne han få andre til å gjere den jobben, var det, det beste. Vi som kjende han, merka nok Perry si ånd i dei mange utspela som kom om ting som burde gjerast. Han hadde og den fantastiske evna til ikkje å gi seg om han møtte motbør. Det var alltid ein veg rundt. Perry var den siste ordføraren i Brattvåg bygningskommune og la ned eit stort arbeid der før den vart avvikla i 1966. Før krigen var han ein aktiv speidarleiar i bygda. Som ein av dei første i landet, tok han initiativet til at jenter skulle kome med i det som før heitte gutemusikk. Det vart til Brattvåg Skulekorps.

Han var ein av forkjemparane for ny riksveg til kommunane Haram, Midsund og Sandøy. Han var og aktivt med i arbeidet for å realisere Møreaksen. Her i bygda var han pådrivar for å får reist første samlingshuset ”Våghall”. Då dette bygget ikkje tilfredsstilte krava lenger, vart han aktivt med i reisinga av eit nytt kulturhus for Haram i Brattvåg. Han la ned mykje arbeid for å få bygd Brattvåg Vassverk, bustadblokkene på Vesterheim, reising av ungdomsbustader, reising av eldrebustader, reising av bustadane på Leite, sjukeheim, Åsen Terrasse, idretts- og symjehall, industriområda på Vesterheim og i Håvikmyrane. I tillegg til alt dette la han og svogeren grunnlaget for det som i dag er ei av Haram sine største bedrifter. Han var eit aktivt medlem og fleire gonger formann i Brattvåg Næringssamskipnad.

Han var med i kommunestyre og formannskap. Saman med Trygve Rønnestad, Erling Warnes og Sevrin Skjelten la han ned mykje arbeid for at storkommunen Haram skulle få dei grensene den har i dag. Lista kunne vore lengre, men det er umogleg å få med alt. For dette ueigennyttige arbeidet fekk Perry kongens fortenestemedalje i 1999. Då denne klubben tok på seg å prøve og rydde opp og gjere det trivelegare på Brattholmen i Brattvåg, kom Perry saman med eit barnebarn ein dugnadskveld i fjor, slepande med ei flåte frå Brattvåg Skipsverft. Der sto to solide benkar på som han hadde ordna med tilskot frå eit par verksemder i bygda.

Perry kom med i Brattvåg RK året etter at den vart stifta. Han har gjennom åra vore ein viktig støttespelar for klubben. Det er neppe eit einaste verv i klubben han ikkje har hatt, ein eller fleire gonger. Han var for eksempel president i 1978-79. Vi har særleg lagt vekt på hans skapande evner for hans heimbygds ve og vel. Også då blir lista svært lang. Men i nærmast stikkords form må nemnast. I 1936 var han troppssjef for Brattvåg 1. tropp av Noregs Speiderforbund på Jeløya

1948 var han med å starta «Guttemusikken» i Brattvåg. Dette var grunnlaget for det som seinare vart Brattvåg skulekorps. I 1956 var han primus motor for å få jenter inn i korpset. På denne måten vart Brattvåg skulekorps eit av dei aller første her i landet som tok med jenter i korpset. 1951 var Perry var mellom initiativtakarane til å skaffe bygda eit samlingshus, Våghall. I slutten av 50 åra var han saman med Erling Warnes initiativtakar til å få starta Brattvåg Vassverk.

Han var medlem av Brattvåg Byggekommune frå 1963 til den vart oppløyst i 1982. I 10 av desse åra var han ordførar. Perry kom med i Haram kommunestyre i 1959 og sat der til kommunesamanslåinga Haram-

Vatne i 1965. Etter dette var han med i det nye kommunestyret frå 1965 til 1969. I 1972 var han mellom initiativtakarane til bygging av idrettsshall i Brattvåg. Den sto ferdig i 1973.

Han var og med under arbeid med bygging av kyrkje i Brattvåg. Han var iniativtakar til bygging av budstadblokker på Vesterheim i Brattvåg Oppføring av ungdomsbustader gjennom Vollen Bustadstifting. Vidare har han vore ein aktiv medspelar i stiftinga for oppføring av bustader for eldre på Hautunet.

Han var og aktiv med når det gjaldt oppføring av bustader på Leitet i Brattvåg. Som om ikkje dette er nok, var han initiativtakar til det første terrassehusa i Brattvåg, Åsen Terrasse.

Det siste Perry var primus motor for, vart oppstarten av Brattvåg Janitsjar igjen. Perry likte seg ikkje i rampelyset. Han treivst best når han får halde seg i bakgrunnen. Det fine med han var at han held sin eigen person i bakgrunnen og var viljug til å overlate æra for sine mange resultat til andre. Perry, vart heidra med Paul Harris Fellow-ship utmerking.