Asbjørg Skjelten Myklebust

Asbjørg Skjelten Myklebust. f. 30.11.1926

Asbjørg Skjelten Myklebust. f. 30.11.1926

Asbjørg er født i Brattvågen, og foreldra hennar, «Anna og Ivar», var dei fyrste innbyggarane i Brattvågen, som reknar 11.11.1911 som sin «Fødedato». Huset ho vart født i, var det fyrste huset i Brattvågen og det vart innflytta i mars 1912. Då var det aude og snautt i Brattvågen utan vegar, og huset vart difor lafta på Alvestad, og ført inn i Brattvågen med robåt, for så å verta reist der. Huset står der den dag i dag, i all si prakt, og framleis i Asbjørg sitt eige.

Asbjørg gjekk 8 år på folkeskulen i Brattvågen, og tilfeldigheitene ville seg slik, at Peder Måseide starta ein privatdreven realskule i Brattvågen, og der gjekk Asbjørg i skulen sitt fyrste driftsår. Skulen vart seinare kommunal, og fekk namnet «Haram Realskule» Etter realskulen gjekk vegen strake råsa til Volda og gymnasiet der. Asbjørg reiste då som einaste elev frå Brattvågen det året. Ho vart uteksaminert i 1949. Asbjørg var enno ikkje sikker på kva retning livet skulle ta, men ein ting visste ho sikkert. Ho ville jobba med folk. Der låg to openberre val føre, sjukepleiar eller lærar, og valet falt på det siste. Ei val ho aldri har angra på. Den gongen var det lett å få lærarjobb utan formel utdanning, og Asbjørg tok seg difor jobb som lærar i 2 år, fordelt på eitt år på Ulla skule på Haramsøya, og eitt år på fastlandet fordelt på Samfjord skule og Skaar skule.

Dette gav meirsmak, og Asbjørg søkte på, og kom inn, som student ved «Sagene Lærerskole» i Oslo. Lærarutdanninga den gongen var svært forskjellig frå dagens utdanning. Utdanninga gjekk over 3 år, med fyrst eitt skuleår, so eitt praksisår i skuleverket, før det barst attende til skulebenken, for eitt avsluttande år. Praksisåret sitt hadde Asbjørg ved Vatne Barneskule. Etter endt utdanning, vart Brattvåg barneskule Asbjørg sin arbeidsplass, og der vart ho til ho gjekk av med pensjon 66 år gamal. Asbjørg hadde mange oppgåver innan skulen, og i ein periode hadde ho spesielt ansvar for å undervise elever med spesielle vanskar, som t.d. psykisk utviklingshemming. Dette gjorde at ho til tider kjente på seg at ho ville komplettere verktøykassa si med fleire verktøy. I ein alder av 50 år, tok ho difor vidareutdanning ved Volda lærarskule, parallelt med jobben som lærar, og enda opp som spesialpedagog. I fylgje Asbjørg gav dette påfyllet av kunnskap ein ekstra tryggleik i forhold til det ansvarsfulle arbeidet det var å undervisa.

Asbjørg på privaten.

Asbjørg kjem frå ei familie med sterke familieband, og dette har prega Asbjørg og. Gift med Olav Myklebust, og saman har dei fått borna Kjell og Ingrid. Får ein born, får ein og som oftast barneborn, og det vart 6 av det slaget og. Alt dette har vore til velsigning og glede for Asbjørg og Olav. Asbjørg har også vore interessert i, og har lagt ned ein innsats, i bedehuset og kyrkja i Brattvågen. Ho har dessutan stor glede av å sjå ting veksa og gro rundt seg, og dette ber hagen rundt den vakre heimen deira i Brattvågen preg av.

Intervjuopptak 27. mai 2021

Opptaket med ÅSM blei gjort etter eit samarbeidsarrangemnt mellom Haram Kulturhistorielag og Memoar. Intervjuet vart publisert 27. november 2022, etter at forteljaren - Asbjørg Skjetne Myklebust - hadde gitt sitt samtykke til deg.

Tekstsamandraget er laga av Sveinung Giske. Intervjuet skal i tillegg dokumenterast med ein innhaldslogg. Intevju og dokumentasjonen blir i prinsipp avlevert frå Memoar til Foleminnesamlinga ved årsskiftet 2022/23. I praksis vert det liggande i Memoar sitt arkiv fram til Folkeminnesamlinga har fått infrastruktur til å ta imot munnleg historie i form av digitalt skapte audioivusuelle filar.

Frivillige som kan ha lyst å hjelpe til med dokumentasjonsarbeid på dugnad kan ta kontakt med post@memoar.no

Dokumentasjonsdugnad:

For at eit intervjuopptak skal bli bevaringsverdig, må det dokumenterast.

Ein god innhaldslogg er fyrste og mest arbeidskrevjande oppgåve. Det er ein tabell med tidskoder (minutt og sekund frå start) og stikkord for innhaldet. Lag ein kopi av dette loggeskjemaet

Når loggen er ferdig, er det relativt fort å skrive eit tekstsamandrag

Dersom loggen også kan supplerast med ei meir generell emneordliste

Ei ferdig og avloeveringsklar personmappe inneheld opptak, Signert samtykkeerklæring, publiseringsfil, logg, tekstsamandrag og emneordliste.

Stubbar:

Ein stubb er eit kort utdrag - noko som er særskilt godt sagt, særskilt interessant eller på andre måtar eit "gullkorn" som eignar seg for publisering: