Johan mork

Johan Mork 09.01.1927 -

Johan, fødd 09.01.1927 på Grimstad i Hareid, gift med Berit f. Grimstad i 1954. Dei fekk 2 jenter og 2 gutar – 4 barnebarn. Etter endt utdanning , kom Johan til Brattvåg i 1955 som nytilsett teknisk sjef i Haram kommune. Alt same året byrja arbeidet med å gjere Hestevatnet om til drikkevasskjelde for Brattvåg- eit arbeid som tok 10 år. Johan var også leiar i vassverket-i nye 10 år.

I kraft av den jobben han hadde, var han med å utvikle storkommuna Haram. I mesteparten av dei velfungerande systema og infrastrukturen vi har rundt oss i dag, har Johan vore ein pådrivar; det vere seg vegar og gater, tekniske anlegg, brannberedskap osv. Johan er ein pliktoppfyllande ,rettskaffen og jovial person – glad i å ferdast ute i naturen. Vi veit at han har to kjære hobbyar – den eine fylgjer kanskje den andre.. fuglehundar og rypejakt. Begge krev tolmodigheit og fastheit, og noko vi alle ser, god fysisk form. Han siterer rett som det er kjente forfattarar, noko som betyr at han også er glad i det boklege.