kJELLAUG hATLØY Bjergene
Kjellaug Hatløy Bjergene har levd eit langt liv som lærar i Dale, Fjaler. Men barndomen hadde ho i Hyllestad. Den - barndomen - varte til ho vart 14 år. Ho "hadde det i hovudet", så det vart til at ho skulle få ta realskulen. Og då måtte ho til Dale. Og det fekk vere nok, for då var ho klar til å arbeide som lærar på grendeskule i Naustdal. Etter kvart fekk ho lærarskulen, men ikkje som heiltidsstudent: Ho fylgde sommarkurset på Stord, der lærarmangelen i landet skulle dekkast med slike som henne, som brukte sommarferiane på å få seg dei papira som styresmaktene krevde. Livsforteljinga til handlar om eit liv i spenning mellom mellom kunst og "nyttig arbeid", lærargjerninga, "utdanningsrevolusjonen" på 1960-talet, og livet i bygda slik ho har sette det gjennom alle desse åra. Fram til pensjonsalder - då det endeleg vart tid til "unyttige ting" som å male bilde og stille dei ut i galleri....
Fyrst fortalde ho til Bjørn Enes i to lange intervju ein torsdags kveld og ein fredag. Og så - på laurdagen - fortalde han tilbake til henne og til publikum i ei fullsett løe i Klokkargarden, på Jakob Sande senter for forteljekunst. Korleis han hadde høyrt og opplevd forteljingane.
Å få høyre di livsforteljing er å oppleve ein ny versjon av Noregshistoria, sa han. Slik handlar forteljingane dine om oss andre og.
Opptak og logg av samtalane mellom Kjellaug og Bjørn to er også bevarte. Spørsmål om passordet til dei må rettast til Kjellaug.
Framføringa gjekk som sommarsalong under "Fest i Fjaler" i august 2022.
Spørsmål om passord til dei gto intervjuopptaka må rettast til forteljaren, Kjellaug Hatløy Bjergene.