Edith Bjørg Bjørnseth

Edith vart intervjua på Flora Kystmuseum laurdag 10. november 2018. Intervjuet handla i stor grad om hennar erfaringar frå utviklinga av datateknologien. Den starta med teoretisk opplæring om elektronisk databehandling på handelsskulen på Voss tidleg på 1970-talet, lenge før nokre av elevane der hadde sett ein datamaskin. Sidan var ho med gjennom alle "datagenerasjonane" fram til ho avslutta arbeidslivet sitt for Statoil på oljebasen i Florø i 2010.


Intervjuar var Bjørn Enes. Dokumentasjonsarbeidet er gjort av Siri Linn Brandsøy

00:00:04

Fødd i 1945 og veksla mellom å bu i Selje kommune og på Vevring, i eit gards- og landbruksmiljø, før familien slo seg ned i Havreneset i 1954.

00:01:26

Det å flytte til Havreneset var litt spesielt. Det var ikkje sentrum, men ble kalla å bu i Jeriko, og ungane som budde i Havreneset var i “krig” med ungane frå byen.

00:02:37

Edith fortel ei historie om då ho fekk klokke i gåve til ni-årsdagen sin. Den vart inndratt av ein lærar som meinte at ungar ikkje skulle ha klokke på skulen for mange menn i arbeid hadde ikkje råd til klokke.

00:06:24

Edith byrja å jobbe på oljebasen i Florø i 1985. Ho fekk jobben som sekretær fordi ho kunne data, men folk sa til mannen hennar at ho fekk jobben fordi ho var så flink til å strikke.

00:08:24

Edith tok utdanning etter at ho gifta seg i 1963 og var blitt mor. Ho jobba i resepsjonen på Victoria Hotel, hadde allereie gått på handelskule og ønska seg meir utdanning. Ho begynte då på reiselivslinje på Voss, og det var medan ho studerte der at ho begynte å lære om data i 1970.

00:09:05

På reiselivslinja på Voss var det ein ung lærar frå USA som hadde lært om noko nytt som heite data. Men han kunne ikkje vise dei noko datamaskin for på den tida var maskinene så store at dei tok eit heilt kvartal i New York.

00:10:05

Vi tok eksamen i datateori, men hadde aldri sett ei datamaskin.

00:10:50

Edith jobba nokre år til på Victoria Hotel før ho byrja å jobbe på Ankerløkken litt ut på 70-talet. Då hadde ingeniørane på Ankerløkken allereie byrja med data.

00:11:35

Dei ingeniørane som kunne data skulle halde eit kurs for dei andre ingeniørane på Ankerløkken og Svein, mannen til Edith, tilråde ho å delta sidan ho allereie kunne ein del om data frå før.

00:12:00

Kurset varte eit heilt år og på kurset lærte dei mellom anna å rekne ut korleis ein båt kunne byggast opp med kodar.

00:15:00

Det var ikkje komme tekstbehandling endå, det var først på 80-talet at PC og tekstbehandling kom. – Vi skreiv jo framleis på maskin.

00:17:53

Edith fortel om korleis dei lærte å skrive på skrivemaskin (utan å sjå på tastaturet). Ho fekk tilbakemelding på at ho var så dyktig at ho burde bli sekretær når ho var ferdig. – Og det er det yrket eg har hatt, konstaterer Edith.

00:18:38

Bjørn: Kor fekk du den første elektriske skrivemaskina?

Edith: – Det var nok på Ankerløkken.

00:19:08

Då ho vart tilsett i Statoil i 1985, så var kravet hennar for å takke ja til jobben at dei skaffa ei god elektronisk skrivemaskin med rettetast.

00:19:55

Rettetasten og kopimaskina var store framsteg på kontoret.

00:23:05

I Statoil var det vanleg med sekretærar, som ein tidlegare kalla for kontordamer. Dei søkte etter sekretær på basen og Edith søkte på jobben, men når ho skulle på intervju fekk ho beskjed om at jobben allereie var tatt.

00:24:32

Då ho likevel fekk jobben ringte dei mannen hennar for å avtale lønna hennar.

00:26:40

I startfasen var dei fire tilsette til saman på basen. – Tre som skulle ta seg av materialflyten, og så kom det ein basesjef seinare når det begynte å bli meir arbeid.

00:27:00

Edith fortel om Forpleiingsavdelinga til Statoil som skulle bemanne plattformane og Gullfaks A. – Det var bestemt at det var folk frå Sogn og Fjordane som skulle vere tilsette der.

00:28:08

Edith jobba nokon år som sekretær på plattform, men måtte til slutt bestemme seg om ho skulle arbeide på plattform eller på basen.

00:29:45

Før røyrene kom til basen lagra dei stålplater og overskot frå bygging av plattform, og tromlar med kablar, og alt var lagerstyrt på data.

00:30:25

Bjørn: Hugsar du kva maskin de hadde då?

Edith: – Det var frå eit firma som heite Norsk Data.

00:32:15

Etter eit år var dei fem på basedrift, og fem tilsette på Forpleiingsavdelinga.

00:32:59

Om dataflyt mellom basen, plattformane og andre kontor i Statoil.

00:36:22

Edith jobba stort sett med regnskap, og då det kom inn røyr til basen hadde ho kontroll på dei.

00:37:07

Plutseleg var det komme noko nytt som heite PC.

00:38:17

Det var ikkje meir enn eit år, så var Norsk Data vekke, og det var PC over alt.

00:40:30

Edith slutta i Statoil i 2009, og då var det ikkje norsk datahjelp, men då sat datahjelpa i India.

00:41:37

Edith fortel om då ho viste basesjefen korleis ein kunne løyse ei lang likning ved hjelp av PC i staden for reknemaskin.

00:45:23

Eg hugsar det var ei messe her i Florø med det same data kom, og då tenkte eg “Åh! no skal eg gå å sjå”. Men dei karane som heldt denne messa dei avviste meg så veldig, men eg kunne stå bak å sjå på.

00:47:50

Det var ikkje gymnas i Florø då Edith var ung, så ho tok alle fag som privatist etter at ho var gift. Ho gjekk også administrasjon og leiing på høgskulen på Hedmark - desentralisert.

00:49:30

Edith var den einaste kvinna som var inne til intervju hos Statoil som hadde sagt at ho kunne data.

00:52:46

Edith opplevde at dei tilsette og sjefane var likeverdige, og fortel at ho vart aldri dårleg behandla.

00:55:05

Når det gjeld utdanninga skulle ho ynskje at ting var annleis, for det er tøft å ta alt på eige hand.

00:56:10

Bjørn: Kva dreiv deg til å vere 5 år forut for di tid?

00:59:22

Eg trur det at mi slekt alltid har følt seg bra. Eg trur ikkje nokon i generasjonen før meg følte seg mindre enn nokon andre, verken på mor eller far si side.

1:01:11

Edith pensjonerte seg saman med mann sin når ho var 65 år. Då hadde Statoil ein sluttpakke som gjorde at ho fekk lønn fram til pensjonistalderen (67 år).

1:02:00

I dag underviser ho i data for seniorar ein gong i veka, og tenkjer at det er kommunane sitt ansvar at dei når ut og gir opplæring til dei som ikkje kan data.

1:04:24

Intervju slutt.