Svein Kåre Langøy, 1944-2019

Publiseringsdato: 28.sep.2019 07:46:27

Svein Kåre Langøy vart intervjua på Flora Kystmuseum laurdag 10. nevember 2018. Samtalen handla i hovudsak om livet på øyane i barndoms- og ungdomstid, livet til sjøs og arbeidet på oljebasen i Florø.

Han ga sitt samtykke tril publisering av opptaket den 27/11-18.

Intervjuar var Bjørn Enes. Dokumentasjonsarbeidet er gjort av Siri Linn Brandsøy.

Svein Kåre gjekk bort 31.5 2019.

Stikkord om innhaldet i intervjuet:

(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Lenkene er klikkbare).

Hent utskriftsvennlig stikkordliste

00:00:20 Fødd på gamle fylkessjukehuset i Florø under ei dramatisk tid, med ein far som allereie var teke som gissel av den tyske vernemakta.

00:02:32 - Det som eg i ettertid har fått greie på, er korleis mor mi fekk tak i nok kronasjer til at ho kunne ha noko å stikke i munnen (via eit “undercover” nettverk som fordelte pengar til dei som sat i fangenskap).

00:04:20 Familien flytter frå Langøya til Fanøya, der oldefar hadde busette seg etter å ha skifta beite frå fiske til butikk og trong butikkhjelp. Etter nokre år avvikla oldefar butikken og selde huset til faren.

00:07:23 – Det å vekse opp der ute på slutten av 40-tallet og byrjinga av 50-tallet var meget interessant. Det var altså folk på omtrent alle holmar.

00:07:51 Det høge talet skjær og holmar resultere i veldig mange båtar som køyrde på land, til underhaldning for ungane som lærte seg mange ord som ikkje var å finne i ordboka.

00:08:38 – Alle med respekt for seg sjølv hadde fiskebåt der ute, og ungane hoppa frå båt til båt utan redningsvest.

00:10:36 Dei fleste der ute hadde litt buskap, til dømes sau, men også grisungar som kom med rutebåten seint på vår/tidleg sommar og vart slakta i november/desember.

00:11:29 – Vi var jo født og oppvaksen i robåt, meir eller mindre, og det var ikkje snakk om maskinell framdrift eller noko av den eine eller andre sorten.

00:12:12 – Vi greidde å raske til oss brukte trollgarn og teiner for å fiske krabbe, hummar og torsk. Svein leverte levande fisk til fiskebåtane som tok med seg dette til Bergen. Pengane frå dette vart stort sett levert til og forvalta av ho mor.

00:13:26 Bjørn: – Kor langt var det å ro til butikken?

00:13:53 Svein fortel om tida med eventyrlig sildefiske og at han og dei andre ungane frakta brødkasser ut til fiskarane for butikken. Ofte midt på vinteren og i stummande mørke.

00:15:45 Ei historie om ein eldre mann som pleidde å gi ein kamferdrops til Svein kvar gong han klarte å ta fangelina til robåten hans. Ein gong frakta han masse pengar i ei margarinkasse, og Svein henta opp ein stor bunke med femtilappar som nesten for på sjøen. Som påskjøning fekk han behalde 50 kroner, som vart sett inn på rød postsparebankbok.

00:23:21 Ungane var ofte med naboane på fiske før dei begynte på skulen.

00:23:47 Dagane på skulen. Svein gjekk saman med seks andre i ein alder av sju. Skulen hadde sprengt kapasitet så dei heldt til på bedehusloftet. – Først då vi begynte i fjerde klasse fekk me plass inne på sjølve skulehuset. Det var stas.

00:28:01 Svein tok eit friår etter at skulen var ferdig

00:28:27 Bjørn: Du, eg lurar på om du skal forklare ein gammal båt?

00:30:01 Svein frakta og leverte tang til tangmjøl produksjon i Florø aleine som 13-åring. Turen tok vel over ein time.

00:31:17 Året etter var han gammal nok til å gå til presten. Då var det rutebåt inn til Florø ein gong i veka. Det vart mang ein styrkekonkurranse mot bygutane i Florø.

00:34:00 Brislingfiske var nær ved å koste konfirmasjonen

00:36:01 Om då fiske etter sild og brisling begynte å ta slutt

00:37:16 Bjørn: – Kan ikkje du forklare korleis ein fangar brisling?

00:42:21 Slutta med brislingfiske i 1979, same året som giftemål og litt meir seriøse tilstandar.

00:43:05 Hadde ingen form for formell sjøfartsutdanning anna enn livets lære, men der ute var båtlivet omtrent som å sette seg i ein bil på fastlandet. Det var forventa at ein kunne manøvrere båtane frå første stund, på same måte som dei som hadde ført dei i lang tid.

00:45:18 - Eg hugsar ein spesiell historie der oppe (frå havblikk til full storm på sildefiske på Møre).

00:50:16 Bryllaupet var ei sabla greie som skjedde på skulehuset med godt over 100 personar og bra heimebrygg.

00:53:41 Etter vel overstått bryllaup slutta begge i jobben på grossistlageret, og drog til sjøs i 13 månader for å tene nok til å byggje hus.

00:59:16 Svein fortel om tida etter at dei kom heim og hadde pengar. Dei begynte å byggje hus og han fekk jobb der han transportere olje med tankbil.

01:00:11 Etter ei tid med bygging av hus, graviditet, fødsel og alt som følgjer med, var det på tide å dra til sjøs igjen. Svein var då på ein tankbåt tilhøyrande Odfjell kor han jobba i fem år til saman.

01:01:40 Svein fortel om den gode kjemien blant mannskapet på båten.

01:02:34 – Eg hugsar vi fekk ein ny matros ein gong (som sat seg i kapteinen sin stol).

01:03:34 Bjørn: – Det var framleis ikkje vanleg med felles messe då? (Om hierarki på båten).

01:07:00 Svein vart etter nokre år ombord på den same båten spurt om å ta ut eit nybygg.

01:11:11 Tida på sjøen tok slutt då far til Svein vart sjuk og gjekk bort kort tid etterpå. Svein fekk ny jobb som ekspeditør på kaia.

01:12:30 Då han vart lei livet på land fekk han jobb på basen, og der vart han i 27 år.

01:14:30 Når driftsselskapet overtok basen var det ca. 80 mål og tre eller fire bygningar.

01:15:18 Jobba stort sett med det same. I starten heite det kaiformann, men bytte mot slutten namn til terminalkoordinator.

01:16:13 – Plutseleg ein dag kom det ein kar frå Stavanger som trong hjelp til å ekspedere røyr (Svein blir ein av dei fyrste som hadde ansvar for røyrlageret).

01:20:59 Svein fortel ei historie om ein av røyrbåtane som køyrde rett på Stabben fyr.

01:23:26 Meir om tida på basen, tidlig vakt og feiring av jonsok.

01:27:47 Svein fortel at han kunne aldri tenkt seg å ha vore forutan tida på basen. Her skjedde det alltid noko sidan basen dreiv med konstant utbygging.

01:29:28 Etter den siste utbygginga er basen på over 1000 mål planert område og Flora kommune og basefolka har gjort ein veldig god jobb.

01:30:30 – Eg har jo fått med meg både, sjømannslivet, fiskarlivet, og litt landliv og baselivet i dei åra eg har vore aktiv i arbeidslivet (eit slags tverrsnitt av norgeshistoria).

01:31:15 Bjørn spør Svein om det han lærte seg av kunnskap mellom holmane og øyane der ute har vore av betyding heile vegen.

01:32:21 Svein fortel om kor viktig det var å ha tilgang på båt for å dra på dans og liknande, og at det var forventa at den som førte båten ikkje drakk noko alkohol.

01:34:04 – Å komme inn til Florø med båt som guttunge var ganske stort (om julehandel og julegata i Florø før i tida).

01:36:10 Det var viktig for mannfolka å få seg ein sekk med kål, kanskje ein sekk med koks og litt bjørkeved (resten av året brukte dei rekved).

01:37:25 Svein fortel om at alle båtane hadde kappkjøring ut til Stabben fyr etter at julehandelen var overstått, og at dei drog i fløyta når dei passerte fyret for å ønskje god jul.

01:39:28 Svein rundar av med å seie at han trur han har fått fortalt det viktigaste frå eit 70 år langt liv.

01:39:55 Intervju slutt.