Reidar Høyset

Intervju med Reidar Høyset


Reidar Høyset vart intervjua heime i Sunnarvika 21. mars 2021. I intervjuet følgjer vi han frå skulebenken i Eikefjord, gjennom førstegangstenesten og sitt engasjement i i Tysklandsbrigaden. Mot slutten av intervjuet er vi også innom det familiære. Saman med kona Ragnhild bygde han hus like ved barndomsheimen sin og tok over gardsdrifta som dei har drevet ved sidan av anna arbeid. Bruket har no gått vidare til neste generasjon, og i ein alder av 89 år er han framleis aktiv og hjelper til med vedkløyving og anna gardsarbeid. Frå år 2000 til 2015 arbeidde han deltid som lastebilsjåfør, mest mellom Florø og Bergen. Etter pensjonsalder arbeidde han også på Safari Engros på Fjordbase.


Det skal elles mykje til for å få med alt Reidar har gjort gjennom sitt lange liv i løpet av eit intervju, og han ønsker å leggje til noko av det som ikkje vart nevnt med følgjande tekst:


"Bestemor på farsida var Andrea, født på Helgheim i Jølster. Mannen Rasmus døydde tidleg, så ho måtte ta ansvaret for drifta av garden, saman med borna. Ho døydde i 1976, 105 år gammal, og budde heime heile tida. Klår i tankane til det siste. Ho lærde meg å slå med stuttorv før eg tok til på skulen!

Eg gjekk også handelsskule i Florø - ei tid etter at eg byrja i arbeid for Køff Engros. Det var undervisning på kveldstid, i samarbeid med brevskule. Det var ei hektisk tid med små born heime, og ei kone på nattevakt!

Seinare, vinteren 1981- 82, var eg elev ved Flora Vidaregåande skule på tømrarlinja. Det var kveldsskule ein gong i veka, og brevundervisning ved NKI skulen. Det var hektisk i kombinasjon med jobb og arbeid heime, men svennebrev vart det!

Eg arbeidde også på Safari Engros på Fjordbase etter eg vart pensjonist. Frå år 2000 til 2015 - arbeidde eg deltid som lastebilsjåfør- mest millom Florø og Bergen."


Intervjuar var Harald J. Stavang.

Dokumentasjonsarbeidet er gjort av Siri Linn Brandsøy.

Innhaldslogg:


Tid frå start og Stikkord om innhaldet

00:49:14

Fødd 14.06.1932. Foreldra var Alfred og Hilda. Mor var frå Osa. Besteforeldra på morsida var Andreas Osa og Maren som kom frå Svardalen.

Opphav

01:33:24

Bestefaren som kjøpte garden var frå Naustdal og heite Hugset, men bytta namn til Høyset.

Etternamn

02:08:05

Dei var tre søsken, Reidar og to yngre søstre. Den mellomst Målfrid vart gift Bruland, og den yngste Alvhild gifta seg med Leif Leversund og er nabo oppe i bakkane.

Søsken

03:57:03

Bestefaren Rasmus bygde vindmølle som han kunne drive sagbruk med.

Vindkraft

05:52:15

Faren produserte halvtønner og såkalla fjerding som er ei 1/4 tønne i volum. Han leverte også tømmer til tønnefabrikkane i Eikefjord.

Tønneproduksjon i Eikefjord

07:24:00

Gjekk på tidlegare Sunnarvikskule som låg på Kleiva. Der var småskule og storskule, og dei var ca. 9-10 i kvar klasse.

Skule

09:24:10

Under krigen var det mange born som var sendt på landet, og det var ein del ifrå Bergen her. Foreldra i byane var glad dei hadde ein forbindelse til landet der det var lettare tilgang på mat.

Andre verdskrig

11:21:18

Dei ulike skulekrinsane: Sunnarvik, Barlindbotn, Svarthumla, Langedal på Kleivane, Løkkebø, Tonheim og Eikefjord.

Skulekrins

12:27:12

Sentralisering av skulane. Argumentet var at dei gamle skulande ikkje held mål lenger når det gjaldt fasilitetane og hygiene.

Sentralisering

13:55:13

Forskjellen i skuledebatten før og no.

Skuledebatten

15:34:01

Under krigen hadde tyskarane patruljebåtar i område. Reidar hugsar ein dag soldatane steig i land og rigga opp maskingevær for å utføre ein razzia i nabolaget. Faren hans hadde dynamitt på gården.

Andre verdskrig

20:05:00

Det var ikkje råd å få tak i sko og kle, og far til Reidar laga eit par treskostøvlar til han frå botn av.

Andre verdskrig

21:05.00

Onkelen til Reidar, Alf Osa, var på eit skip som var torpodert i slaget om Narvik i 1940.

Slaget i Narvik

22:51:23

Eit anna minne som sit som spikra er den svarte fredagen. Eit fly kom siglande så nærme at naboen som var ute og fiska fortalde at om han hadde strekt årene opp i lufta, så hadde han nådd opp til flyet.

Den svarte fredagen

25:42:21

Reidar fortel om dagen då han fekk vite at krigen var over. Folk gjekk meir eller mindre i ein rus i dagane etterpå.

Fredstida

27:11:06

17. mai det året var heilt fantastisk, og den mest intense 17.mai som har vore nokon sinne.

Nasjonaldagen

27:45:04

Rutebåten Tordenskjold var blant dei som gjekk til Florø om ein hadde ærend i byen, og ein kunne køyre til Ramsdalen med hest og kjerre.

Samferdsel

31:03:19

Etter krigen vart heimevernet veldig populært.

Heimevernet

32:50:00

I Sunnarvika satte dei opp ei eiga skytebane.

Skytebane

33:30:51

Reidar var skulelei og som 17-åring søkte han seg inn på snikkarskulen i kjelleren på Storebru. Deretter begynte han å jobbe hos Erik Havn som dreiv trevarefabrikk i Eikefjorden.

Arbeid

35:14:13

Reidar hadde førarkort og erfaring med å kjøre lastebil då han skulle på sesjon. Etter to månader fekk han innkalling til transportkompaniet på Gardermoen, i brevet stod det også at han var utvalt til å delta i Tysklandsbrigaden.

Militæret

37:42:13

I april 1952 reiste Reidar til Tyskland for å vere med i Tysklandsbrigaden. Der vart han stasjoner i Schleswig by.

Tysklandsbrigaden









39:37:06

- Det var då vi kom til Hamburg at vi såg elendigheita.

Tysklandsbrigaden

40:32:12

Intervjuar: Kva var dykkar hovudoppdrag der nede?

Tysklandsbrigaden

41:37:00

Den kalde krigen begynte for fullt og det var såpass farlig at dei vart flytta opp i Nord-Tyskland. - Oppdraget vårt var å passe på at tyske gruppe ikkje kunne organisere seg og danne millitære konstellasjoner.

Den kalde krigen

43:35:00

På slutten når Tysklandsbrigaden var der nede så var det slik at dei var sett opp som ei forsvarslinje. Dersom russerne ville ta Skandinavia, skulle dei fungere som ein buffer. - Vi pluss 800 engelskmenn og 1300 danske soldater skulle forsvare den danske grensa.

Den kalde krigen

46:03:06

Koreakrigen var og i full gang, og det var på tale å sende norske soldater ned dit. På øvingsbana vart det skote med skarp ammunisjon.

Koreakrigen

47:15:22

Intervjuar: Kor mange var de i den kontigenten?

Tysklandsbrigaden

47:51:00

Reidar var sjåfør for troppsjefen i tredje tropp, og fekk litt større friheit. Han fekk til og med bruke trekvarttonneren på privat sightseeing.

Tysklandsbrigaden

48:57:07

- Mange spør om vi hadde hevntankar når vi kom ned dit, men når vi såg landet då var det ikkje noko å spekulere i lenger.

Tysklandsbrigaden

51:50:24

Intervjuar: I di tenestetid, du kom ikkje i situasjoner som du helst ville unnvære?

Tysklandsbrigaden

54:05:23

Intervjuar: Veteranane som kom der i 47, fortalte dei liknande historier?

Tysklandsbrigaden

54:44:08

Hausten 1952 reiste Reidar heim igjen. Tilbake i Norge begynte han å jobbe hos Havn trevarer igjen. Etter ein måned fekk han innkalling frå militæret om å møte opp på Voss til eit beltevognkurs.

Beltevogn

57:22:02

Etter kurset begynte Reidar å jobbe for Eikefjord Kraftlag.

Arbeid

01:01:03:24

Vidare gjekk vegen til Sognefjellet der han jobba på eit anlegg, og som beltevognsførar.

Arbeid

01:05:53:01

I 1961 begynte han å jobbe som sjåfør for Sigurd Nybø. Deretter jobba han med anlegg.

Arbeid

01:07:40:00

Reidar var forlova og såg etter noko anna arbeid enn anlegg og endte opp i sjåføryrke igjen. Seinare jobba han også som truckførarinstruktør.

Arbeid

01:11:00:10

Reidar og kona Ragnhild gifta seg i 1967 og etablerte seg på loftet heime på garden. Dei fekk tre sønar.

Familie

01:13:03:09

I 1970 bygde han nytt hus på garden. Mykje av arbeidet gjorde han sjølv på fritida. Huset stod klart i 1973.

Etablering

01:15:06:10

Reidar har alltid vore glad i å arbeide, men det var no ikkje alltid lystlig å jobbe på garden når ein var sleten etter ein lang dag.

Arbeid

01:16:34:04

Intervjuar: Kva arbeid har du hatt mest glede av? Garden eller inntekstgjevande arbeid eller?

Arbeid

01:18:02:01

Om sitt engasjement i foreninga til Tysklandsbrigaden, og etablering av ei avdeling for brigaden på Måløyraidet senteret.

Måløyraidet senteret

01:22:07:19

Intervjuar: Har du drevet anna organisasjonsarbeid som du vil innpå?

Organisasjonsarbeid

01:23:28:23

Tankar rundt at ein i politikken i dag ikkje har erfaring frå arbeidslivet.

Politikk

01:24:15:13

Reidar fortel om korleis han har opplevd det siste året med korona. Han saknar barnebarna.

Korona

01:27:58:23

Reidar nærmar seg 89 år og er framleis aktiv med vedkløyving og anna.


01:29:25:11

Intervju slutt