Jostein Midtbø

Publiseringsdato: 05.nov.2020 14:32:50

Jostein Midtbø vart intervjua heime på Midtbø i Norddalsfjorden 07.06.2020. Intervjuet handla i store trekk om livet i Norddalsfjorden før og no, om barndomsminner og dei gamle ferdselsårene over vatna og fjella. Vi fekk også snakka med Jostein om hans politiske virke, yrkesaktive liv som rektor ved fleire av skulane i tidlegare Flora kommune og hans engasjement for friidretten, naturen og friluftslivet. Jostein har skrive bok om dei gamle ferdselsårene over fjella og arbeider no med ei ny bok om Midtbøstøylen. Eit museum til minne om gamle gjenstander og levemåter er også under planlegging.

Intervjuar var Harald J. Stavang. Dokumentasjonsarbeidet er gjort av Siri Linn Brandsøy.

Jostein gav sitt samtykke til publisering den 04.10.2020. (Foto: Firdaposten).