Bjørn Enes

Mannen bak Memoar

Ærespris til Bjørn Enes

MEMOARKONFERANSEN 2022

Memoar sin første ærespris. Bjørn Enes ble hedret på Memoarkonferansen 2022. Museer, historielag og entusiaster over hele Norge har skapt viktig kildemateriale etter kurs med Bjørn. Flere store nasjonale prosjekt er startet etter hans initiativ. Memoarmetoden, med innsamling, arkivivering og publisering av muntlig kildemateriale, har Bjørn utviklet. Selv har Bjørn Enes intervjuet hundrevis av tidsvitner og han har en enestående evne til å åpne opp for personlige fortellinger og viktig informasjon. Gratulerer! Vi er ydmyke og tar med alt du har skapt, når vi skal arbeide med drømmen din om å etablere senter for munnleg historie, innen 2024. Styre og stab, 4. februar 2022

Andre priser til Bjørn Enes for arbeidet med Muntlig historie: Kulturprisen 2020 for Årstad bydel, Kungl. Gustav Adolfs Akademien för svensk folkkultur sin pedagogiske pris 2021. Memoar fikk Bergen kommunes kulturarvpris i 2016.

To journalister i samtale

14/12 2021: Abednego Asante Asiedu, journalist frå Ghana på studieopphald i Bergen, gjennomførte den 14. desember 2021 dette intervjuet med sin norske journalistkollega og minneinnsamlar Bjørn Enes. Intervjuet handlar i hovudsak om om eit besøk Enes gjorde i Ghana 50 år tidlegare, mot slutten av året 1970, då han reiste som rygggsekkturist frå Marokko til Kenya. Opptaket er gjort i studio i Bergen off. bilbiotek.


70 år på 70 minutt....

I dette opptaket frå 2021 fortel Bjørn Enes til intervjuar Barbro Matre om det livet han har levd i samband med at han passerte 70 år. Det vil sei - det var planen om å snakke seg gjennom heile livet. Men det står att ein god del å snakke om til 80-årsjubileet.....

Opptaket var sendt direkte - fom fyrste eksperiment på eit "direkte-Memoar". Det er så langt ikkje laga logg

OPPstarten av Memoar

I dette opptaket frå september 2016 fortel Bjørn Enes korleis han oppfattar forhistoria og det fyrste arbeidsåret til organisasjonen.

Han fortel om tidsvitneprosjektet "Neveragain.no" som han sjølv var leiar for frå den fyrste ideen oppsto i 2005 til prosjektet måtte pakka saman i 2009. Han fortel også litt om "Norges-dokumentasjon", som er ein del av medstiftar Jostein Saakvitne si forhistorie. Enes fortel vidare om det fyrste større innsamlings-prosjektet - Industri.Memoar.no - og gir eit oversyn over dei prosjekta som var aktive i september 2016. Opptaket er gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek. Intervjuar er Astrid Olsen.

Stikkord om innhaldet:

Meir av Bjørn enes

Bjørn Enes, med Ipaden i neven i ein monolog med seg sjølv om at det ikkje er nok å tenkje på framtida. Me må ta ansvar for fortida og.


Møtet: Metin Sepetioglu

Hausten 2014 møtte eg Metin Sepetioglu i Side, Tyrka. Han fortalde om oppveksten sin i Kappadokia, og landskapet der høyrdest så utruleg ut at eg slo til då han tilbaud meg å vere med for å sjå. Han ville høyre om eg trudde nordmenn kunne vere interesserte i å reise der saman med han. Dette er historia som kom ut av turen med han:

Meir av historia er å finne på nettsida me seinara laga i hop, du finn henne på adressa www.cappadocia.euPå vegen attende - gjennom Taurusfjella til kysten - var det ikkje berre tid for gode samtaler, men også for song. Dette er Metin sin versjon av "Eg kan klare meg utan deg" - ei folkevise frå Kappadokia. Den handlar om den utilnærmelege jenta som ikkje synest friaren er god nok - heilt til han seier okey, eg kan finne meg ei anna jente eg.......

Minner frå Rwanda

Hausten 2015 var eg på reportasjereise fro Fædrelandsvennen i Rwanda. Det var eit år etter folkemordet. Heile landet var sterkt prega av det som hadde hendt, det var sterke inntrykk.

Det sterkaste var møtet med Gazinzigua Florence. Ho var seksten år då eg møtte ho. Ho var vansira i andletet og og hadde store probem med å gå. men dei såra ho må ha hatt inni seg var mykje meir alvorlege, sjølv om dei ikkje var moglege å sjå spor av på utsida. Historia hennar var så opprørande at det vart hovudhistoria på heile reportasjeturen.

Det er jo gått mange år sidan no, men så viste det seg at ein av dei som kom inn med FN sin høgkommisær for flyktningar etter at alt var over, lækjaren Tor Harald Kristiansen frå Flekkefjord, hadde helde kontakten med folk i Rwanda i alle år etterpå. Rundt seg hadde han bygd opp ei gruppe entusiastar som mellom anna hadde fått skulane i Flekkefjord til å samle inn pengar til ulike tiltak i Rwanda gjennom alle åre.

Dei hugsa mine forteljingar, og i mars 2015 vart eg invitert til Flekkefjord for å fortelje og reflektere over dette tjue år gamle minnet. Det var då eg laga denne digitale forteljinga: