Neste-etappe
“Neste etappe”: Senter for immateriell kultur i Bergen
Vi trur visjonen om eit nasjonalt (eller nordisk) senter for munnleg historie kan koplast saman med og inngå i visjonen om eit tredje nasjonalt senter for immateriell kultur. Med utgangspunkt i den kompetansen som er bygd opp og energien frå det lokale og regionale prosjektarbeidet, ynskjer vi å gå for fullt inn i samarbeid med andre interessentar på det immaterielle kulturfeltet i Bergen/Vestland. Vi trur vi kan bidra med:
Allianse- og entusiasmebygging. Ein føresetnad for bygging av ein ny kulturinstitusjon i Noreg, er at det finst eit breitt engasjement bak. Politikarane må kjempe for det - men nøkkelen til politisk engasjement er at folket vil ha det.
”Immaterielt fartøyvern“ - mellom anna i form av munnleg historie om håndbåren fartøykunnskap - vil vere viktig både som arbeidsfelt og identitetsfaktor for senteret. Dermed er det også eit viktig felt for alliansebygging. Vi har alt gjennomført eit forteljapanel om fartøyvern saman med Sjøfartsmuseet, og vi har avtale om to publikumsarrangement ombord i DS “Stord 1” i juni og august 2023.
Eit anna allianse-felt er vidare eksperimentering og utvikling av samanhengen mellom munnleg historie og utøvande kunst av ulike slag, slik vi har begynt saman med Det Vestnorske Teateret, Bergen Borgerscene og Jakob Sande Senter for forteljekunst. Denne våren er vi også i dialog med Grieg-Akademiet om moglege fellesinteresser.
Eit tredje felt er alliansebygging mellom det tunge akademiske miljøet innan immateriell kultur i Bergen - f.eks. Språksamlingane - og ikkje-akademiske miljø som festivalarrangørar av ulike slag.
Definisjon av immateriell kultur som vi har peika på i fleire tidlegare innspel, så vil det vere viktig å endre den oppfatninga som har festa seg her i landet, om at immateriell kultur berre handlar om tradisjonshandverk, folkemusikk og forteljetradisjonar frå førindustriell tid. Folkemusikk og tradisjonshandverk har alt sine senter for immateriell kultur. Skal vi lukkast å få eit tredje senter inn på statsbudsjettet, må bergensmiljøet har ein tydeleg definisjon av immateriell kultur.
Nytt stort nasjonalt eller nordisk munnleg historie-prosjekt. Både styret, den reduserte staben, aktive medlemmer og samarbeidspartnarar arbeider for å bygge opp eit nytt nasjonalt prosjekt.
Det er inga løyndom at eit nasjonalt minneinnsamlingsprosjekt samband med utvandrarjubileet i 2025 kan vere eit slik.
Ein annan kandidat er ein landsdekkande oppfølgjar av den store regionale minneinnsamlinga OSLOVE som Memoar i Oslo har ansvar for i 2023-25.
Det er også kjent at vi arbeider med planar for eit stort nordisk prosjekt om munnleg historie og bærekraft.
Profesjonalisering: På grunn av den posisjonen som Memoar har opparbeidd seg, så er det problematisk at vi berre har standardisert personvernerklæring og at vi ikkje har fått formell stadfesting frå Datatilsynet om at vår verksemd er i samsvar med deira krav. Å få dette avklart vil også vere ein del av det utviklingsarbeidet som må gjerast i forkant av opprettinga av eit senter for munnleg historie som del av eit senter for immateriell kultur.
Fagutvikling og kompetansespreiing: Endeleg treng vi aktivitet for å oppretthalde vårt omdømme som det faglege tyngdepunktet innan munnleg historie i Noreg. Vi treng å delta i skandinavisk nettverksarbeid innan fagfeltet, og vi treng å publisere gode artiklar både i vår eigen blog - memoar.blog - og i ulike fagtidsskrift. Memoarkonferansen 2024 blir eit høgdepunkt i dette utviklingsarbeidet.
Politisk arbeid: I 2023 vil fortsette det politiske arbeidet
Vi treng eit politisk pålegg frå Kulturdepartementet til Nasjonalbiblioteket om at dokumenterte samlingar av munnleg historie er bevaringsverdig immateriell kulturarv som NB må ta ansvar for å langtidslagre.
Og vi treng politiske vedtak både nasjonalt, på fylkesnivå og i Bergen Kommune om at Noreg treng eit kompetansesenter for munnleg historie, og at det bør ligge i Bergen som ein viktig del av eit nytt senter for immateriell kultur.
Involvering av frivillige: Den gruppa av frivillige som i si tid tok initiativet til “Det store vi” har vakse både i storleik og erfaring, og vi har stor tru på at meir fokus på samarbeid med dei vil bety rask vekst i kapasiteten til å gjennomføre prosjekt i Bergen og Vestland. Samarbeidet med andre delar av det frivillige kulturvernet vil også bli tillagt stor vekt.
Vi har planar om å gjennomføre ein ny kursserie alt våren 2023 for å førebu frivillige som skal delta i dei planlagte prosjekta som er nevnte over.
Vi knyter til oss frilansarar og oppmuntrar frivillige som vil profesjonalisere arbeidet sitt innan munnleg historie.
Målet:
Retninga peika vi ut alt i 2016, då vi og 57 fagpersonar frå ulike delar av kulturlivet signerte innspelet “Kulturhistoriske arkiv - kunnskapsbanker for fremtiden” i høyringa til Humaniora-meldinga (Stm. 25, 2016-17). Sjølve målet formulerte vi i 2020, saman med 67 fagpersonar (i høg grad dei same) som signerte oppropet “Senter for munnleg historie”. Begge er publiserte på nettadressa smh.oralhistory.no
Eit nasjonalt kompetansesenter for munnleg historie som skal ta hand om:
Minneinnsamlingar / livshistorieinnsamlingar gjennom prosjekt i heile landet,
Kriseberedskap og samtidsdokumentasjon gjennom munnleg historie-prosjekt
Dokumentasjon av daglegliv, mangfald og variasjon gjennom munnleg historie,
Arkivforvalting og formidling av munnleg historie
Kompetansedeling og fagutvikling av munnleg historie som fag,
Formidling og “vidareforedling” av munnleg historie
Målgrupper:
Målgruppene for prosjekt “neste etappe” er:
Ållmenta i Bergen
Fagpersonar og frivillige som reknar seg som, eller som kan reknast inn i fagfeltet immateriell kultur, frå musé og frivillig kulturvern, andre frivillige organisasjonar, utøvande kunst, akademia (til dømes språk og folkeminne) og festivalsektoren.
Politikarar i Bergen Bystyre, Vestland Fylkesting, Stortinget og regjeringspartia.
Kulturdepartementet, Kulturrådet og Kulturdirektoratet
Samarbeidspartnarar innan Kulturvernforbundet
I løpet av prosjektet “Munnleg historie for alle” har Memoar langt på veg tatt den rolla som det framtidige senteret er tiltenkt. Sparebankstiftelsen DNB vidarefører samarbeidet med oss, som hovudsponsor for eit stort prosjekt i Oslo - “OSLOVE” - som skal markere byens 400-årsjubileum med å samle like mange livshistorier. Memoar er hovudansvarleg, med ei lang rekke samarbeidspartnarar der Oslo Kommune er den største. Men medan MHA var eit nasjonalt prosjekt, er OSLOVE eit regionalt Osloprosjekt.
Dermed står vi i den situasjonen at Memoar våren 2023 har ein bølgetopp på Austlandet, men ein bølgedal i rundt hovudkontoret i Bergen. Denne søknaden har som mål å sikre gjennomføring av neste etappe på vegen fram mot at eit nasjonalt senter for munnleg historie skal etablerast i Bergen.