Kristiansand Mekaniske Verksted
19 og 20 mai 2020 og 12. desember 2021 gjennomførte fagforeningsveteranane Magne Jaktevik, Ivan Høgeli og Bjørn Enes ein lang samtale om den mekaniske industriens historie i Kristiansand i perioden 1960 fram til i dag.
Opptaka frå samtalane blir publiserte nedanfor,saman med i stikkordsmessig logg med tidskodar for kvart opptak
Samtalane handla om norsk skipsbyggingsindustri generelt og historia på Kristiansand Mekaniske Verksted og "etterfylgjaren" Westamarin, der mange av medlemmene i KMV-klubben fekk nye jobbar etter KMV-konkursen i 1990.
Alle samtalane er logga - du kan opne loggen i eit sidevindu ved å klikke på bildet av han ved sida av videoen.
Del 1 - 19/ 2020
Del 2 - 20/5 2020
Del 3 20/5 2020
Del 4 - 21/12 2020
Del 1 - 19/5 2020:
Tidskode (min:sek. frå start) og stikkord om innhaldet:
00:00
Ivan Høgeli arbeidde på KMV 1965 - 1990 - deretter Westamarin og Bredalsholmen Fartøyvernsenter
01:20
Magne Jaktvik var på KMV 1961-1990, deretter Westamarin
02;14
Ivan fyrste dag på KMV - personalintervju -- "Er du her endå?"
03:15
Nybygg på beddinga dei fyrste 12 åra. Seksjonar i hallen. Ny og større hall i 1973.
04:30
Hallen var uisolert i 1960. Masse trekk - kaldt.
05:20
Fyrst på 1970-talet kom det varme og utstyr for å fjerne sveiserøyken.
05.45
12 sveisarar pluss fyring - laga eit veldig dårleg miljø- kunne ikkje sjå gjennom
06:49
Kranfører - aldri nokon som såg han på grunn av røyken ...
7:24
Lærlingar: Godt system i plate og sveis, men også mange andre fag. Mange bedrifter hadde ikkje lærlingar. Vi utdanna for alle dei andre.
08:25
(M) - i 70åra vr dei garantert jobb viss dei tok fagprøven. Beste avtalar i landet.
09:30
KMVs rolle som lærebedrift for regionen hadde langerøter
10:18
Fyrste nybygg frå KMV blei levert i 1866. Liten dampbåt som gjekk lokalt. spørsmål om plass i historia
12:00
Bedriften hadde samfunnsansvar - lokale eigarar. I dag veldig ansvar. Folk med vanskar for å få arbeid fekk jobb her som ein del av bedriftens sosiale ansvar.
13:20
Vi var over 700 tilsette på det meste. Godt over 600 i klubben
13:55
M - Under krigen fekk f.eks. familien til dei sm var tatt av tyskerane løn heile tida.
15:00
Bygging i seksjonar starta lenge før vår tid. Truleg då dei tok til å heilsveise
Dei amerikanske libertybåtane var dei fyrste
16:10
Det var framleis ein del klinking på båtane på 1960-talet. Ivan begynte med klinking på Bredalsholmen. Forklarar klinkemetoden.
18:00
Tror nok mange var glade for å sleppe klinkinga.
M - Dei fyrste heilsveiste båtane sprakk - dei klinkebygde var meir fleksible
19:10
Sveiseutviklinga. Særleg sterk utvikling etter oljeindustrien. Alt i Nordsjøen måtte sertifiserast - både på sveis og overflatebehandlinga.
20:19
Lite utvikling mellom 1960 og 80-talet.
20:45
Når vi tok inn leigefolk måtte dei fyrst inn på sveiseskole - og avlegge prøve - det kom mange og ofte ekstreme krav frå oljesektoren
21:50
Kvalitetskontrollsystemet. Tradisjonelt hadde rederiet ein eller i høgda to inspektørar på eit nybygg båt. På ein mykje mindre seksjon for Nordsjøen kom det gjerne 8 eller 9.
22:0
"Vi kan gå ut den vegen" - Nei - ikkje utan skilt med "Utgang" over døra.
23:30
Sjauerformann. Skulle lage prosedyre på å fortøye lekter. Han hadde gjort det i førti år - men nåtte skrive
24:20
M - rekrutteringa: Veldig mange var sjøfolk, maskinfolk særleg. i 68 - 69 var vi 500 tilsette, enorm gjennomtrekk: Sjøfolk som jobba tre fire månader medan dei var heime før dei drog ut att.
25:35
Når eit nybygg skulle på prøvetur måtte det stillast fullt mannskap - stilte alltid av eigne folk. Ein sjauar med kost kunne stillie i full skipperuniform neste dag
Meir maskinfolk enn vanlege verkstader på grunn av reparasjonsarbeid
26:30
Produksjonen var omlag todelt i alle år - nybygg og reparasjon. Vanlegvis omlag 50 reparasjonsoppdrag i året - ein ny båt kvar veke i snitt.
27:45
Veldig styrke med denne todelinga.
Typiske jobbar var bunnsmøring til svære ombyggingar.
28:50
Alle slags fag - vi måtte leige elektrofolk. Dei fleste andre hadde vi sjøl.
I klubbstyret hadde vi ti medlemmer. Åtte av dei var valt i gruppeårsmåter - plate - sveis - maskinarbeidarane - ut og inne - snekker stillas. Leiaren i kvar gruppe var i klubbstyret.
30:15
Klubbårsmøtet valde berre klubbformann og verneombud.
30:50
Gruppene valde gruppestyre folk til avdelingsutval, produksjonsutval, verneombud og mange andre -
31:20
Årsmøtet i klubben valte folk til bedriftsutval, Verneutval, Kulturutval, pensjonsfond, hjelpekasse, studieutval, bibliotek, forslagskomite revisor tilsyn læregutar, forskikringsutval, feriehjemsforeninga, valkomite, represnetaskapet i avdelinga ibygen.
32:20
Enormt mange folk hadde verv. Det var med å skape tilhøyr og miljø
32:50
M -
33:05
Bedriftsidrettslaget. fem eller seks fotballag - tre eller fire divisjonar. Pluss od boys. Håndball. skyting. Bowling, terrengløp, ganggruppe. Kor - andakter i middagen
34:29
Sangkor og musikkkoprs - dei spelte på alle stabelavløpingar - fana til sangkoret ligg nå på Bredalsholmen
35:15
med alt som foregjekk - enormt mange
35:40
Samarbeid med leiinga: Hovudavtalen har to deler. Del B heiter samarbeidsutval. Alle grupper og foreningar var jo med i mange av dei
36:45
Torsdagsmøtene. Der møtte forhandlingsutvalet, prosjektleiarane, avdelingsleiarane, bedriftleiinga, formennene - der snakka vi om produktivitet, stoda i dei ulike prosjekta, bemanning og slikt.
36:35
Då torsdagsmøtet var ferdig kunne Magne peike på direktøren og nokre til: Du og du må vente - eg har noko viktig å ta opp.
38:50
Leiarane på KMV kom ofte utanfrå -
40:00
"Evig eies kun et dårleg rykte" - det blei oppfatta slik på byen at det var så dårlege forhold mellom leiing og klubb på KMV. Det kom av at vi gjekk på ein minstelønsoverenskomst. Ivan forklarar kva som er ulikt med normaloverenskomst.
42:20
Illustrerar med nokre tal: På 70-talet var det i snitt 35 forhandlingsmøter per år med leiinga. I tillegg kom alle møtene på gruppenivå
43:45
Vi hadde 35 klubbstyremøter og 15 klubbmøter kvart år. Då hadde vi 300-400 på kvart møte. Ofte gjekk dei i middagen over fleire dagar.
45:45
Magne Jakteviks fyrste dag - hugsar ikkje . Kom frå Høivolds mekansike verkstad. Nygift . Kom frå Hidra
46:40
Sveisekurs på Yrkesskulen etter militæret. På den tid var det veldig fort opplæring - du fekk fagprøveetter tre år. Det var eit veldig godt opplegg for å lære yrket
48:15
Sveisarane gjekk ofte som hjelpearbeidarar for dei andre når det ikkje var sveising.
49:00
På sekstitalet fekk vi eit par veldig store skip å bygge. Det medførte mykje endringar i arbeidsmptane - tt. Beauval (1964) og Nordbulk (1961)
Dei største investeringane var då - den nye hallen, tørrdokka, nytt maskin- or røyrleggarverkstad, garderobe, velferdanlegg, kantine, snekkerverkstad. Veldig mykje i perioden 60 - 65.
51:50
Bemanninga auka ein del, men ikkje veldig.
52:00
Det var den store overraskinga - det var ikkje lenger slik at investering var det same som arbeidsplassar. Det snudde på 60-talet: Investeringar betydde færre ansatte. Eksempel Falconbridge
Falconbridge snudde det i september 1975
53:40
Ikkje like markert skile på kmv - fleire oppdrag, ikkje færre folk.
55:00
Tidsstudier blei forsøkt sist på 60-talet, men det tok fort slutt. Fastløn begynte sist på 1960-talet. Målingane virka aldri.
56:05
Ivan arbeidde i den tida med måling.
Magne - arbeidsmengda gjekk i bylgjer - men det var aldri permitteringar før på 1980-talet - og ingen oppseiingar så lenge Magne var på verkstaden
57:15
(Med unntak av eit tilfelle)(vi måtte ta dei opp av dokka i tobb)
58:50
Metanolhistoria: Ein brasiliansk båt selde metanol, mange i byen blei forgifta.
Nokon gjekk i feil fat - og så blei det selt vidare på byen.
01:00:00
Ein døl fekk sveiseblink - politiet trudde harn var full og køyrde han på sjukehuset for pumping.
01:01:05
Det var meininga å samle gode historier til jubileet. For eksempel - frå gamalt av gjekk folk heim og hadde middag klokka 12.
01:02:15
På sekstitalet kom folk med tog frå Vennesla og med buss frå Lillesand
"Begynte du på Mekken så slutta du livet der og"
01:03:20
På mekken var dei ikkje "bønder inni" - dei var industrifolk og sjøfolk
01:04:00
Magne begynte med tillitsverv i klubb og avdeling i 1968.
Venstresidefolk og arbeiderpartifolk kniva - dei var flest, men det var alltid folk på venstresida som blei klubbfomenn. Osvald Olsen gjekk igjen fram til Magne tok over
01:05:30
Det var skikkeleg valkamp på tomta - det verste var det året Magne blei valt
01:06:15
Eg ville ha fleirtal av dei som var til stade - eg godtok ikkje valet, då tok ein APmann over.
01:07:30
Frå 1971 og utover var det lite av den knivinga - Ivan fortel om valkampen på 60-talet. Vi hadde aldri problem med å få folk til å ta verv.
01:08:45
Ivan: Eg har aldri forstått kvifor vi i SV fekk så få stemmer i val, når vi alltid vann avstemmingane i klubben?
Magne var aldri medlem i SV eller andre - men AP stolte jo ikkje på han.
01:10:38
Magne meldte seg inn i SV etter EEEC-kampen i 1972. Han var med i AIK. På det meste var vi to hundre medlemmer der. Før det var han ein periode medlem av AP - gjekk ut saman med dei andre i AIK
01:12:00
Både Osvald og Magne blei valt trass i sitt politiske syn, ikkje på grunn av. Medlemmene vill ha dei beste
01:12:45
Vi hadde ein god periode med gode avtalar fyrst på 0-talet. Kirunastreiken skapte grunnla for ein annan fagforeiningspolitikk i heile Norden. Kalheim sat like trygt på Aker . Same på Rosenberg. Enten SVarar eller AKParar.
01:14:10
Kirunastreiken - Norgasstreiken i Oslo. Det var ei rørsle i heile Europa mot å gjere alt "lovleg" - det var såkalla ville streikar i Tyskland. Det spreidde seg til venstresida i fagbevegelsen.
01:15:29
Blåpair mellom land - kvofor skjeddedet?
01:16:00
Vi fekk inn ei gruppe veldig ivrige AKParar som skapte ei positiv steming
Godetalsmenn og agitatorar - det skapte engasjement
01:17:00
Leigefolk Ein episode - innreiing av ein båt. Vi fekk inn bygningsarbeidarar frå et firma i byen. Dei var uorganiserte. Våre nekta å arbeide saman med dei.
Distriktsekretæren for Bygnings - dei som måtte gå - Sigurd Ingebretsen melde dei inn i foreninga og snudde dei og sende dei ombord att
01:19:20
Det var 100 prosent medlemmer i alle år - nokre få ville ikkje vere med i LO av religøse grunnar. Men dei kunne bli med i Klubben. Det betalte det same som oss andre - det var ok
01:20:30
AP mista si innflyting i Fagrørsla i løpet av dei åra rundt 1970. Det var det same over heile landet
01;21:21
Del 2 - 20/5 2020
Tidskode (tid frå start) og stikkord om innhaldet:
00:00:00
Fortell om AIK og Ragnar Kalheim?
00;50
Han var viktig - også i EEC-kampen. Vår kontakt med han var mest i faglige spørsmål.
(Ivan) AIK blei danna som ein del av EEC-kampen.
02:15
Det var dei same i AIK som truleg ville ha blitt med ei ein organisasjon for å dra AP meir til venstre . Det blei aldri laga ein slik organisasjon
06:30
Berit Ås og Kalheim var vktige for å bygge fyrst ei valforbund og seinare parti
04:20
Kalheim hadde glasauge. Han heldt ein gong handa framfor det friske auget i eit forhandlingsmøte, for det andre trengte han ikkje blunke på
05:20
Det gjekk mange historier om Kalheim. Dei gjekk føre når det gjaldt lønssystem.
05:55
Alle jobbar blei plassert i ei lønsgruppe. Inndelinga var systematisk - sjølv om der var ein trynefaktor når det gjaldt å innplassere folk der. Der var det fyrst og fremst arbeidsleiarane som bestemte. Etter kvart blei det til at dei tillitsvalde var med å diskutere innplasseringane.
07:40
Fyrst på 70-talet ville vi endre systemet. Ansiennitet kom sterkare inn. Etter ei stund overtok ansiennitet som viktigaste kriterium.
08:45
Noko av det viktigaste for klubben var å gjere ulikskapane mellom fag- og hjelpearbeidar så liten som råd. Det var like dyrt å leve for alle. Dessutan: Fekk vi opp hjelpearbeidarane var det lettare å få opp fagarbeidarane som bedriftene konkurrerte om
09:50
Midt på 1980-talet var det berre 50 øre mellom topp og botn.
10:20
Argumentasjon : Kor er statistikken som viser at hjelpearbeidarane betalar mindre for å leve?
11:15
Smusstillegg: Nokre material måtte ha høg temperatur for å sveise. Det blei veldig varmt. Ekstra tillegg - varmetillegg.- Men då protesterte sveisarar og andre som måtte jobbe ute i kulda. Etter kvart blei smusstillegget noko som blei innbakt i løna for alle.
14:07
Mange rare episodar. Ein gong masse røyk - eit par karar brente isolasjon av kablar som skulle til fillemannen.... -
106:00
Lønssystemet hadde 50 pre mellom kvart trinn, 3,50 frå botn til topp - og ansiennitet over sju år.
17:00
Vestlandskonferansen - for alle klubbane mellom Kristiansand og Trondheim. Alle gjorde førebuingar slik at vi fekk fullt oversyn over situasjonen hoskvarandre. Veldig nyttig
18:30
Dei andredaganevar det innleiarar og resolusjonar. Det
19:15
Frå starten så Forbundet Vestlandskonferansen som fraksjonsmakeri. Men etter kvart vart dei sjølve med som deltakarar.
19:45
Konferansen var viktig: Eks norsk andel av utbygginga i Nordsjøen, planlegging av kampanjer
20:35
Konferansane gjekk på omgang - ofte litt langt frå byane. Vi havna på Skjergardsheimen på Flekkeøy. Der var aslkoholforbud. Då vi rydda var det masse flasker att på roma . vi la alle under sengatil forbundsformannen
22_30
Mange godeinnleiarar. Ebba Wergelanedom arbeidsmiljø - det var arrangørkluibben som inviterte innleiarar. Alle som blei inviterte kom.
23:45
Tre eller fire deltok frå kvar klubb. Klubbstyret innstilte og klubbmøtet bestemte kven som skulle reise, Normalt var det klubbformannen og ein "på opplæring"
25:45
Det blei eit veldig viktignettvekr i det faglegearbeidet
26:20
Aksjonen "Ja til arbeid" var resultat av konferansen. Vi organiserete ein "stafett" som besøkte alle verkstadanee. I kristiansand hadde vi møte på Torget. Folk frå Stavanger og Egersund kom og var med. Vi besøkte alle dei nedlagte verfrta på vegen til Oslo - endte opp framfor Stortinget.
27:45
Ein parallell konferanse var Oslofjordkonferansen - vi var med i begge
28_20
"Stafetten" kom fram samtidig med at LOkongressen starta. Vi delte oss i to - ei gruppe drog til kongressen. den andre på Tinget.
Vi hadde krav i stafettpinnen. Ivan Høgeli og Atle Tranøy (Stord) åpna dei opp på kontoret til Stortingspresidenten. Poenget var å få publisitet,
29:20
Etterpå gjekk vi på Aker Brygge. Ivan og Marit Nybakk talte. Vi avslutta med å hive ein krans i den gamle dokka.
30;20
Nedlegginga av Aker var tema på ein av Vestlandskonferansane. Der var et veldig engqasjement. Anstein Hølmebakk og Ove Larsen var med rå Aker
31_10
På Landsmøtet i 1978 sa Ove Larsen at folk på Aker var sinna på Torbjørn Berntsen
331:20
På slutten av 70-talet bestemte vi å lage ein større og breiare konferanse. Sørlandskonferansen. Post, tele. bryggeri - det var veldig suksess. Han skulle rullere - året etter skulle han vere i Trondheim. Og der har han vore sidan.
33:40
Den fyrste var i KrSand. Torstein Dale og ein svensk forelesar. Flott kulturprogram på Festninga - Ein komikar presenterte seg som utsending frå LO
36:00
Vi klarte ikkje å stoppe utviklinga- Men vi klarte å bremse-
36:30
Utviklinga snudde frå hovudsak positivt til hovudsak negativt - på starten på 1980talet gjekk klubbane si oppgåve frå å kjemper for å skape nytt til å slåst for å behalda det vi hadde.
37:40
Bankane - 1986. i samband med lockouten. streikebidraga var veldig små. Vi gjekk til banken og lånte for å betale ut ekstra streikebidrag.
39:00
Vi lærte noko av det. Då Westamarin gjekk konk var der ikkje penger til løn, Då fekk vi banken til å kome ned ein søndag ettermiddag. Alle som hadde bruk for forskot kunne kome å hente penger medan vi venta på lønsgarantifondet
40:30
Når rentane endra seg fekk vi alltid beskjed med det same om at lånerenta gjekk opp og innskotsrenta ned, Når det gjekk andre vegen. tok det lang tid. Det ergra oss-
Vi sendte likelydande brev tilbake - "situasjonen gjorde det nødvendig"
42:20
Vi fekk det same i innskotsrente som var den vanlege lånerenta
43:05
Om viktigheten av interne avtalane. Da KMV gjekk konk. kunne Westamarin plukke folk som de ville - gamle veteranar måtte begynne med prøvetid. Det blei ein intern avtale at folk hadde med seg ansienniteten. Dermed fekk dei seks månaders oppseiingstid då Westamarin også gjekk konkurs. Interne avtalar er viktige
43:25
Ivan: Vi fekk ein treskiftsavtale - Årsaka var at vi jobba skift i ein uisolert hall. Skifttillegget var elendig. Vi laga forslag og leverte til Klubben.
Magne: Arbeidsmiljøloven var komen med nye begrensingar mot nattarbeid. Vi hevda at det måtte gjelde nattskift og. Vi hevda at dei fleste skiftperiodane var kortvarige . Vi foreslå eit skifttillegg på det firedobbelte av tariffoppgjøret sitt skifttillegg.
49:35
Pga laurdagsfri var fredagane blitt like heilage som laurdagane - vi avslutta skiftet på fredagskvelden kl 19:30
50:30
Avtalen var heilt rå. Ingen hadde noko i nærheten. Den avtalen brukte vi og på Westamarin
21:10
Birger Strømsvåg var personalsjef - Ivan: Når Magne forhandlar - når det er heilt umogleg å finne ei løysing - så kjem Magne og seier ;Då får vi gere det slik....
53_20
Vi tok knekken på Strømsvåg ganske tidleg. Han likte å utsetja. Vi krevde møte med styret. Styreformannen ville forhandle fyrst og spise etterpå. "Nei - heller motsatt. for ellers er det ikkje sikkert vi får med oss noko som helst" - etter det gjekk det betre
56:15
Vi hadde tre jenter i kantina. Dei organiserte seg hos oss- vi kravde at dei skulle få løn som spesialarbeidarar i Jern og Metalltariffen
57:00
Kampmidler - vi brukte sjeldan andre midler enn overtidsnekt.
Men det hendte at heile arbeidsstokken sat på trappa på administrasjonskontoret og venta på resultatet -
58_00
Slikt ville jo aldri noko klubbstyre foreslå. Det kom alltid som benkeforslag ....
Arbeidstidforkortinga - vi sat i timevis og forhandla. Skytøen sa at vi måttegi oss. Eg foreslo at vi skulle arbeide laurdagane. Skytøen trua meg med juling. Vi ville jo ha mista alle folk - vi fekk det som vi ville
01:02:15
Ivan og Magne var i departementet, saman med Gunnar Halvorsen og Jan Ivar Nålsund. Vi skulle ha møte med statssekretæren som var Stein Reegård. Nålsund heldt kjeft heile møtet. Det viste seg at han skulle utnevnasttil ny statssekretær same dag
04:02
I tvisten med Bygnings blei vi innkalt til LO. Arbeidsgi\verforeninga frå Bygnings - og ei halv flylast frå Oslo. Vi meinte det var eit unødvendig møte. Hetland var leiar for møtet, Magne trua med å politlianmelde Bygnings for ulovleg utleige. Klokka fem på to reiste han seg og gjekk. Etter kvart gjekk direktøren og den eine etter den andre
Mange protokollforslag. Vi avviste alle. til sist var vi enige om at Det sto"Klubben hadde ikkje gjort noko gale - men dei måtte aldri gjere det meir"
09:30
Vi sat i forhandlingar i fyrste etasje. Møtet drog ut - Magne køyrde med kameraten. Han fekk sjå kameraten på veg til bilen. Han opna vinduet og hoppa ut -
11:00
Måtte jo heim med Ivar!
11:20
Arbeidsmiljøet var viktig. Klor kautsjukmaling blei brukt i Nordsjøen. Men når du brann på den malinga. blei det utløyst saltsyre, Eit anna forhold var nikkelfare i syrefaste tankar - vi visste at nikkel kunne framkalle kreft
13:20
Vi skulle lage syrefaste tankar . folk skulle berre arbeide halv dag.
Vi hadde avtale med Falconbridge (Ivar Trondsen) om å analysere personbårne målingar --
16:20
Det var medan Ivan var hovudverneombod mellom 82 og 86
17:40
Ulukke i Haugesund etter lekkasje i oksygenflaske
18:30
Etter kvart fekk vi ei stor mappe med interne regler
19:00
Alle reparasjonsbåtar blei sjekka for gass. Slik var det overalt dei åra.
20:00
Tidlegare stengde dei berre brennaren og gjekk heim. Men så mange gonger gløymde dei det - det blei rutine at det skulle stengast og koplast frå på land- Også Pollo-ulukka blei det laga masse reglar
22;00
Pollo-ulukka. Går ikkje ei gong at eg høyrer ein sjuebil utan at eg tenkjer på Pollo, Det var slik i fleire timar. Det tok lang tid å finne alle og å få dei opp. Dei minnene sit i meg
23_33
Magne var nede i maskinromet då det skjedde- Det gjekk greit fyrst. Reaksjonen kom seinare - for meg og når eg høyrer sjukebilar. Tolv døydde, 10 frå KMV. Mange fekk psykiske og fysiske langtidsskader.
25_10
Magne forklarar kva som hende - CO2anlegget i maskinromet blei utløyst - det blei som eit snøver - me måtte gjennom eit kontrollrom for å kome ut.
27:10
Då vi kom ut sa folk at det berre var CO2 og at det ikkje var farleg. men eg sprang og ringte og sa at dei måtte sende sjukebilar og brannvesenet med røykdkkarutstyr
28:20
Ein mann berga seg med luftslange til slipeskive - han låg heilt nederst
29;10
Ein annan hadde vore ute for akkurat same ulukka i Tyskland likeetter krigen. Likevel var det ikkje reglar som saat slike anlegg måtte koplast frå. Rederiane ville ikkje at vi skulle blende
30:10
Verkstaden laga fond til dei etterlatte - mange samla inn. Fondet blei ganske stort . Nå er det 50 år sidan. 5. november 1970
31:20
Hugsar ein brann . der kunne og ha gått femten tjue mann
33:10
Hugsar ei fallulukke
34_20
Løysemidler - stort problem - men rart, for nokre av dei som var mest eksponert fekk ikkje noko mén
36_40
KMV var mest overvåka under den kalde krigen. Arbeiderpartiet og LO var aktive i ette. En tillitsvalgt på KMV blei ansatt i LO. Då han blei pensjonist, fortalde han i intervju med Fædrelandsvennen at dei tillitsvalde på KMV var objekt nr 1.
Ivan hugsar ein konferanse på Revsnes Hotell i Byglandsfjord. Da konferansen var slutt kom vedkommande frå LOkontoret - eins ærend til Revsnes for å snakke med Ivan og Jan Arvid Dal. Dette var på 80-tallet!
40.20
I 1978 var 1.maiarrangementet delt mange folk på venstresida laga sitt eite opplegg av di Samorgarrangementet var eit partiarrangement. Eg var hovudtaler- trur overvakinga starta då.
Ivan fekk telefon i 1979 - kona reagerte på klikking i telefonen. Eg blir heilt matt -
43_00
Magne ba om å få sjå mappa si. Fekk svar om at eg hadde ei mappe. men at den vmappa var untatt for innsyn.
44:10
Då LOsekretæren var på KMV var han ein av dei ivrigaste AP-folka når det var valkamp i klubben, Han blei kalla for "lukekila"
01:45:07
slutt
Del 3 - 20/5 2020
Tidskode (min:sek frå start) og stikkord om innhaldet:
00:00
Østersjøuka - vi brukte å velje ein mann og sende. Vi hadde utbytte av det - når det gjaldt verneutstyr og teknologi.
01:10
Vi hadde ein sovjetisk båt til reparasjon. Ein maskinist gjekk ut på ein kranbane- skipperen fekk sjå det. Det blei tatt veldighardt av skipperen ombord
02:20
Det var ein periode snakk om å bygge skrog i Romania. Ein ingeniør var nede for å sjå . Han var veldig imponert over effektivitet og nivå
03:40
Østersjøuka -Intervjuaren fortel at Falconbridge valde deltakar på årsmøtet
05;00
Det var ein arbeiderkonferanse, Deltakarane var rundt på bedrifter. Mykje var bra . dei hadde kantine slik at folk slapp å lage middag heime. Gode barnehagar. Kultur på arbeidsplassen.
07:00
Ivan jobba på verft i Tyrkia. Der var også mat for alle som arbeidde på verftet . som i ei militær kantine, Her er det kontroversielt å foreslå frukt til ungane på skulen
08;14
Produktivitet: Bedriftsstyrene . der er folk opptatt av økonomi- Men dei er etter Ivans erfaring lite opptatt av det som skapar økonomi . produktivitet det er rart
Reparasjonsbåtar - tente vi var det veldig bra - tapte vi var det klaging. Men vi kunne ha tent mykje meir med god planlegging og produktivitet, Men det var vanskeleg å diskutere - då hadde dei piggane ute
10;35
Vi tente alltid på reparasjonsbåtar. Der var det vanskeleg å få til ein diskusjon om produktivitet. Folk kunne gå i timevis å vente på krana, Vi ville ha ein kran-dirigent.
12:56
Ofte på nybygg blei det skrive kontrakt på to båtar. Normalt kunne du bygge nr 2 med 25% mindre timar. Men eit slikt system fekk vi aldri til å fungere, Til sist ba vi folk om å samle eksempel på gjentatte feil på båt nr 2.
15;20
Men sidan prosjektleiar ikkje hadde tid til å diskutere det, tok vi det opp på styremøte- Men ingenting skjedde etter det heller.
16;40
Magne: Nybygg; Komponentane blei brent inne i hallen og lagt på ein tilfeldig plass. Veldig ofte var det ikkje råd å finne dei når dei skulle brukast. Men det var umogleg å få noko system på det - men på Westamarin fekk eg gjennom at ein mann skulle halde oversyn på dette,
,
Magne; Folk tenkte ofte ikkje på timar som pengar. Vi hadde verktøybur på lageret. Så blei det bestemt at buret skulle låsast pga svinn Men dermed måtte dei gå og leite opp vaktmannen for å låse opp. Vi ba om tal på kor mykje som var stole, Det var 10.000 kroner - vi sa det går mykje meir enn det pga den auka tidsbruk
22:20
Gabba - nestleiaren i klubben i mange år - ba om retrettjobb på lageret; "Ansett meg for eg har alt!" sa han.
Han fekk ikkje lagerjobben. Men han fekk laga reol til røyrmottak
24:05
Men der var ein del smøys. Ein gong kjøpte dei dobbelt så mykje kobber som båten skulle ha
25;20
Magne; Reparasjonsbåt - reparasjon i fryseromet. Det blei tømt for mat
26;50
Torbjørn Berntsen skreiv om akkordar på Aker
28;20
Avtaleakkordar - mange vågde ikkje ta slike akkordar,
29:30
Magne; Dette med bønder - eg hugsar berre to arbeidarar som også hadde gard, (interessant ulikskap mellom Kmv og Falconbridge
31:10
Eg hadde ein kjenning som jobba på Falconbridge, Då han skulle gå av. leigde han Strandpromenaden til avskjedsfest, Eg blei sittande og snakke - eg kjende ikkje att miljøet. Alle dreiv med noko på sia. Der var og andre haldningar til forskjeller i løn - veldig ulikt miljø
33;30
Historie om mann som skulle køyre truck på Falconbridge
34:40
Historie frå Lumber - tremassetromler skulle reingjerast. Ny mann gjekk inn då dei køyrde trommelen
36;30
Ivan om LO: Samanlikna formålsprargrafane til ulike fagorganisasjonar. Berre LO har utvikling av velferdsstaten med i formålet, Tradisjonen er og at velferdskrav skal allmenngjerast. til slutt blir dei vedtatt som lov i Stortinget.
40:00
Fellesforbundet - Begge var mot samanslåinga. Ulike kulturar mellom Jern og metall og Bygnings.
41:31
Slutt
Del 4 - 21/12 2020
Tid: og tikkord om innhaldet
00:00
H: Permiteringar, førtse gong 1982, mykje permiteringar. Trondheim og Aker var først. Vestlandskonferanse, Oslofjordskonferansen. Verfta på astlandet forsvann. Kalnes i Tønsberg, Horten Marineverktøy, Framnes Sandefjord, Drammen, Fredrikstad, Sarpsborg og Moss. Trossvik, Risør, Kragerø og Arendal bestod. Frå slutten av 1970-talet til "KMV" gjekk konkurs.
02:05
KMV var relativt seine med å permitere. Gjorde nødvendig vedlikehaldsarbeid. Leverte siste båt 1982, berre olje og reperasjon etterpå. Kjemekalietankar til Langfeldt. Spesielle ordningar. Bedriftsinternopplæringen. Mindre maskinarbeid. Offshore og reperasjonar. Maskinarbeidarane omskulerte seg til sveisare, fekk midler frå arbeidskontoret. Flinke til å sysselsette.
05:20
Permiteringar i 1982. Hovudavtalen. Permitering etter ansinitet, med omsyn til kvalifikasjonar. J: Jektevik motsette seg dette, ville miste alle dei yngste arbeidstakarane, dyrt å vera permitert. Dei eldtse var enige med vedtaket. H: Rullerte gruupper med permiteringar per 14 dag.
07:20
Permiterte frå torsdag, tok karensdagar i helga. Hadde eigne reglar. Forbud mot overtid. Avspasering. Førte lister, fullstendig oversikt. J: Fylte ut permiteringsskjema sjølv, slapp å vente på arbeidsledighetstrygd. H: Slapp å møte på arbeidskontoret, fylde ut skjemae i fellesskap på klubbkontoret, leverte i bolk på arbeidskontoret. Populær ordning bland medlema.
15:20
J: Arbeidsdirektoratet protesterte. H: Arbeidsdirektør Kjell Stahl gjekk hard ut mot arbeidsrulleringen i Fædrelandsvenen, Agder arbeid kunne ikkje finne nytt arbeid til dei. Hovudavtalen omtalar permitering og rullering.
18:00
J: Ein del sa opp jobben i denne perioden, samtidig som nokre begynte. Fekk nye oppdrag. H: Ting snudde. Arbeidskontoret hadde sprengt kapasitet. J: Ein del oljeoppdrag på 80-talet. Dei store aktørane som overlevde, og småverksted på vestlandet.
21:20
H:Fagforeningar og arbeidsgivar sørga for at norske aktørar fekk oljeoppdrag. 50/60% av verkstedtida gjekk ut av landet, samtidig som norske verft gjekk konkurs. J: Var ikkje billigare å bygge i utlandet. Italiensk aktør laga røyropplegg på større modul, fullstendig ubrukleg, fleirdobla pris.
23:45
H: Snål situasjon, merklege holdningar i oljeselskapa. Store instalasjonar vart erstatta av borreskip, norsk teknologi, bygd i Korea, måtte fiksast i Egersund, Vestamarin konkurs.
25:55
KMV, 1989, største kontrakten nokonsinne, fire kjemikalietankerar, Odfjell Rederi, KMV kjøpte opp Kristiansands industrier, bygde verksted, Andøya, 1.84 milliarder, sikra sysselsetting i fleire år, banken nekta finansiering, henta inn uavhengige konsulentar.
30:30
Bankkrise, myndighetane redda bankane, Kredittkassen og Bergen Bang vart samanslått til DNB, betente heile norsk verkstedindustri. J: KMV var utan gjeld, fekk kanseleringsgebyr frå Odfjell. H: Vart oppretta ei gjeldsnemd, banken forlanga 100 millioner i nytt kapital, Tor Hansen fiksa det på 14 dagar.
33:40
J: Stort sett bedrifter i distriktet og lokale leverandørar som investerte. H: Høyrde med vilkår til store delar av summen, gjeldsnemda nekta, ordna nytt kapital utan vilkår, banken nekta framleis, ville ha ein stor investor, ikkje mange små. J: Byggelån, andre garantistar, Garantiinstituttet.
37:40
H: Ingen forstod noko. Bankane såg ikkje verdien i kontrakten, KMV inngjekk ikkje i banen sine planar for norsk verkstedindustri, gjekk konkurs. Kontraktane vart overført til Gamle Ankerløkken Florø Førde, leigde inn dei tidligare tilsette til KMV. Bonusavtale.
39:40
Magne Jaktevik sat i styret, vart intervjua av Sørlandssendingen, intervjua Henning Asheim, vart "sensurert" før sending, Jektevik lakk upublisert informasjon til journalist, J: Intervjuet bekrefta mistankane om banken sine intensjonar.
41:40
H: Asheim hadde med seg advokat, møte i gjeldsnemda, skulle spør banken om mistankane stemde, advokaten oppmuntra han. Bankane ville deinvestere i norsk industri for å frigjere kapital til "pengeflytting". Vestamarin var ein fortsetjing av KMV, svensk eigar, svensk bankkrise, svenske myndigheitar gav NordBanken beskjed om å gå over til "bankverksemd".
46:15
J: KMV vart fasa ut først fordi dei ikkje hadde gjeld. H: KMV var godt rysta for å gjennomføre oppdraget. J: Hadde håp om ny industri på Andøya. Ulltveit-Moe var først, krevde at dei skulle bygge skrog som skulle innreiast i Bergen, trakk seg. Andre meir eller mindre seriøse aktørar, Ein møtte opp med kontanter i kofferten, ville bygge sementlekterar, svensk.
50:25
Lundin kjøpte. Var sveisar. Skulle jobbe saman med Vestamarin i Mandal. H: Hadde større verft i Sverige og verksemd i Indonesia. Mogleg tilknyttning til Lundin oljeselskap, son hans. Alt hende etter, og paralelt med, konkursen. Hadde oljekontrakt, passasjerbåt, Vestamarin overtok modul.
53:30
Ein del hadde kontinuerleg jobb. H: Endringar under Lundin, gamle leiinga hadde liste med 72 namn dei ville tilsette, horribel liste, fekk vedtak om overanstemming før tilsettingar. Vestamarin var eit juridisk framhald av KMV, Lundin nekta.
56:30
J: Fekk støtte hjå LO om ulovlege oppseiingar. Verksemdoverdraging. Privat advokat. Kjende saken. H: Oppretthladt vedtaket, 42 av 72 navn vart endra i forhold til ansinitet og evne. Trynefaktor. Klubbformenn hadde fortrinn. Jaktevik var på gamle lista, ikkje nye.
1:01:20
H: Jaktevik vart aldri tilsett igjen, meinte dei ikkje ville få kontraktar. Meir enn halve verksemda var reperasjon. Rasmussen var einaste kunde, og ville ikkje ha Jektevik. Vart parodiert i avisa Sørlandet. Protokoll frå forhandlingsmøte hjå Vestamarin, frykta for bedriften sitt rykte.
1:05:20
Trygve Horgen sende utklipp frå ei avis i Bergen som hevda at "den urimelege" klubben hadde skulda for KMV konkursen. Jektevik var syndebukk, brydde seg ikkje. J: Haldt fram med arbeidet sitt på avdelingskontoret. H: Jaktevik hadde kontaktar over heile landet, dreiv arbeidsformidling for alle som kunne reise.
1:07:30
Vendepunktet. Klarte ikkje å overbevise leiinga. Truga med rettssak. Eigaren hadde ikkje konsesjon til å drive verksemd. Gjekk til departemanga og sa ifrå om forholda, haldt tilbake konsesjonen fram til leiinga rydda opp.
1:10:10
Asbjørn Eikeland ringde til klubbkontoret, vart innkalla til møte i Oslo, "arbeidsmiddag", Lundin og hans advokatar, Vestamarin, NHO, Gunnar Halvorsen og Svein Moffetangen frå forbundet. Jaktevik foreslått som personalsjef. Fekk beskjed om sei ifrå til departemanget, gav konsesjon.
1:19:50
J: Venta ei veke før han sa ja, var litt skeptisk H: Kunne alt leiinga ikkje kunne, hadde stor tillit etter 20 år som klubbformann. Klubben valde Jaktevik til å representere Vestamarin i gjeldsnemda. Tala leiaren for gjeldsnemda og banksjefen midt imot.
1:23:33
Vart valdt til å representere dei tilsette ved Vestamarin då han kjende alle. Vestamarin varte 6 år. Lånte eksperthjelp frå Vestamarin i Mandal, kosta 10 millioner. Lundin besøkte alltid Jaktevik sitt kontor først ved bedriftsbesøk, fortalte ting direktøren ikkje ville ha gjort, vart vener.
1:27:10
J: Lundin var verdens raraste mann, det blir streik om det manglar toalettpapir. Fekk foreslå ny direktør, veit ikkje om det var rett mann. H: Ny leiing, ny direktør. Første fohandlingsmøte, stjålne heimestrikka underbukser, 1200 kr i erstatning.
1:33:30
Relasjonane vart normalisert, kjende nye direktøren frå før av. J: Mellomleiinga, ansinitet vart prioritert ved tilseting. H: Nye permiteringar, gamle permiteringslister.
1:38:40
J: Arbeidskontoret og ferielister, ville trekke tre veker frå trygda, tilbakebetaling av trygd, ville ikkje gi seg, vart forbanna, ville kreve betaling frå arbeidskontoret. Ringde frå heile landet. H: Forskriften i loven, Vestmarin hadde rett, arrogant funksjonær på arbeidskontoret, endra praksis. Ny praksis i 2020.
1:44:45
Forskjell på permitering nå og før korona. Frå 60% til 80%. Rammar andre folk nå. Lundin hadde NordBanken, hadde økonomiske vansker, bankkrise i Sverige, NordBanken vart Riksbanken, all verksemd vart avvikla, var eigd av den svenske stat.
1:48:00
J: Produsert ferjer, båt nr 2. vart hogd, hogde opp arbeid for 100 millioner kroner. Kunne gjort gode penger. DNB overttok, Vestamarin vart avvikla, Vestbygg fekk ansvaret for å gjere ferdig ferja. H: Jarlsberg vart direktør, advokat Hoven vart styreformann.
1:50:55
J: Overgangsperiode, direktør ute på mekken, DNB-mann, konsulent, Bjørn Ravnås. H: Flytebrygger, ny bru til Andøya, ferieheimsforeningen var interessert i flytebryggene, ville stele dei, skulle ikkje bli anmelde, nye eigaren betalte frakt.