Cathrine Hasselberg - om å vere koronafast

Publiseringsdato: 08.mai.2020 07:54:14

I januar 2020 flytta Cathrine til Vietnam. Ho sa opp leilighet og meldte frå til Folkeregisteret. Ho er frilans journalist og minnesamlar, og hadde fått oppdrag i eit prosjekt der alt gjekk føre seg på nett. Så kvifor ikkje då gjera det frå Vietnam like godt som frå Noreg?

Like etter at ho hadde fått installert seg i ny leilighet i Da Nang, kom koronaen. Vietnam har vore ute for pandemiar før. Dei stengte skulane alt i januar, og i løpet av dei fyrste vekene i februar stengte heile samfunnet ned. Det var nesten ikkje smitte i landet - dei siste tala ho høyrde var 57 smitta og ingen døde. Alt såg ut til å gå greit.

"Men så kom koronaen til Europa". Då blei det brått alvor. Smitte- og dødstal steig loddrett. Tiltak greip om seg - det eine landet etter det andre stengde grenser og stoppa flyruter. Familie og vener - ikkje minst helsepersonell - ringte og sa at ho måtte koma seg heim så fort som råd. Alt tyda på at det var tryggare i Vietnam enn i Europa. Men så fekk ho ei svært nedslåande melding frå oppdragsgjevaren sin: Valutasvingingane som blei utløyst av koronanen gjorde det umogleg å å stå ved avtalane - dei måtte kansellere oppdraget.

Så å seie alle utlendingar reiste. Så å seie alle vietnameserar heldt seg heime - og dei få som var å sjå såg stygt på henne. På radio og TV sa dei jo omatt og omatt - der som elles - at det var utlendingar som hadde ført pandemien til landet. Det var ikkje lenger hyggeleg å vere der. Men då var det for seint. Ho fekk billett, med Quatar Air, via Midt-Austen til Noreg. Men då ho kom til flyplassen i HoChiMinh (Saigon) var det kansellert. Det var alle andre og.

Ho fortel engasjerande om korleis det var - og om det som til sist vart redninga: Polen hadde sett opp eit fly frå Hanoi for å hente heim sine borgarar. Den norske ambassaden forhandla plass til Warzawa for dei ti siste nordmennene. Skildringa hennar av den flyturen fortener å gå viralt - det same gjer skildringa av reaksjonane på flyplassen i Warzawa. Der var dei ikkje berre utlendingar - dei var ikkje eingong frå EU! Og dei kom NESTEN frå Kina!

Intervjuet er gjort som videokonferanse. Intervjuar var Bjørn Enes.