Runa Tandsether - om å vere ekstrovert skuleelev

Publiseringsdato: 08.mai.2020 07:54:14

Grovt sett ser det ut til at folk kan delast i to hovudgrupper: Introverte og ekstroverte. For dei siste, er koronatida frykteleg kjedeleg. For dei meir stille og innovervendte kan det faktisk vere mange fordeler med heimeskule og stengte fritidstilbod. Slik er ein av hovudobservasjonane til Runa Tandsether (14). Ho fortel om skulekvardagane, med kortare dagar enn vanleg. Ho karakteriserar seg sjølv som typisk ekstrovert - og både for ho og andre i den leiren, trur ho nok at dei lærer mindre enn normalt. Blant dei meir introverte kan det vera motsatt: Mange av dei fungerer faktisk betre nå.

Ho fortel om endringar sidan starten: Fyrst var det veldig alvorleg - nå er det blitt meir vanleg. Ho veit berre om ein familie som har hatt smitte.

Det var veldig godt å treffe vener og få tid til å tulle litt her om dagen. Enden på den dagen var at ho fekk grønt hår.

Ho har tenkt seg ei framtid med teater eller film, og ser ikkje bort frå at ho ein dag skal lage ein film om koronaens tid.

Opptaket vart gjort som videokonferanse den 11. mai 2020. Intervjuar var Bjørn Enes frå Memoar.