Hovudprosjekt i utvandraråret:
Judith Hegrenes delar sine innsikter om utvandringa frå Angedalen til Amerika, og Øyvind Hegrenes fortel om ein nabogards historie, der fleire familiemedlemmer emigrerte til Amerika. Begge intervjua utforskar motivasjonane for utvandring, livet i Amerika, og korleis desse historiane har blitt vidarefortald gjennom generasjonar.
Judith Hegrenes delar i intervjuet sine erfaringar med utvandringshistorier fra Angedalen, spesielt fra perioden 1870–1925.
Ho fortel ein spesiell historie om Peder Johannes Eriksson Eikeland, som emigrerte til Amerika i 1870 – saman med heile familia si – kone og 5 born – som blei til 6 før dei gjekk i land.
Denne familia kjøpte seg etterkvart jord i Sør Dacota for ein symbolsk sum – slik alle innvandrarar fekk tilbod om. Det som gjer at Judith har fått så god informasjon om denne familia – er at etter ho la ut bilete frå Angedalen på Facebook, så kom det ein kommentar frå USA – som spurde om ho bussw i den dalen. Det var frå ein av etterkomarane etter Eikeland, som så kunne fortelje heile historia om dei som emigrerte frå ein gard i nabolaget. Dei har i ettertid halde kontakt for det,
Judith Hegrenes fortel også om korleis mange av dei som emigrerte frå Sunnfjord , jobba med skogsarbeid eller starta eigne verksemder i Amerika, eller reiste heim att for å starte enten som bønder eller eigne bedrifter.
Heilt tilfeldig kom ho også i kontakt med eit ungt ektepar som har teke over slektsgarden etter oldefaren – som var ein av dei som kom heimatt og kjøpte ein gard som var til sals. I Amerika hadde han arbeidd med tømmer, og dette hadde han hatt med seg ei mengd bilete av frå den tida. Desse skal nå brukast som plakater i samband med jubileumsmarkeringa i Førde.
Øyvind Hegrenes fortel om ein nabo på Indrebøen som emigrerte til Amerika i 1902. Han ble værande der i 4 år før han kom tilbake til Noreg, kjøpte seg jord og gifta seg med kjæresten som hadde venta på han. I 1910 vart garden rydda, hus blei bygde - og to gutar var blitt fødde. Garden fekk namnet Nybø og dei fekk til sammen tolv born.
Då han drog til Amerika, hadde han åtte søsken, og seks av dei fylgde etter til Amerika.
Dei fire eldste gutane emigrerte så snart dei var blitt vaksne - eller knapt
nok, for yngstemann var berre 16 då han reiste åleine over der for å arbeide på farmen til tante og onkel dei første åra. Alle brørne som drog til Amerika, jobba med skogsarbeid ei tid.
Yngstemann kjøpte seg inn i ein kryssfinerfabrikk og hadde leiande jobb der til pensjonsalderen. Eldstemann var i lang tid medlem av Snikkarforbundet ( The Carpenters Union) og arbeidde som båtbyggar. Han slutta i Tacoma Boatbuilding i 1972.
Han hadde som hobby å lage hardingfeler ble felemakar og laga 72 feler, dei fleste etter at han var blitt pensjonist. Ein tredje kjøpte eigedom i Takoma, der han dreiv med tomtesal og husbygging.
Øyvind nevner også den nest yngste broren som også starta som tømmermann, men blei innkalla til militæret - US-Navy, då andre verdenskrigen braut ut. Han var med i Pearl Harbour og opplevde fleire torpederingar etterpå. Desse hendingane skada han så mykje at han aldri var den samme etterpå. Etter krigen blei også han båtbyggar.
To av dei andre brørne som ikkje emigrerte, gifta seg med søstrene til Øyvinds mor og far, og blei dermed hans "filleonklar". Øyvinds søskjenbarn, som i dag bur i Tønsberg, har stor kunnskap om familien og historia deira, noko som har vore viktig for å bevare forteljingane om utvandringa i slekta.