Privatintervju

Kunsten å få born til å intervjue besteforeldre blir eit av emnene på kortkurset under kulturdagane. 

Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie 

arrangerar verkstader om 

Minnesamling 

i samarbeid med andre organisasjonar og verksemder. 

Komande arr:

Livshistorier er kulturarv

Under kulturdagane i Fana, Åsane,  Laksevåg og Fyllingsdalen 2023 inviterat Memoar til kortkurs om privat og organisert minnesamling. For oss som lever nå er det enkelt å ta vare på og dele våre eigne fyrstehands forteljingar om livsløp og livserfaringar. Vi kan dele dei med kvarandre - og vi kan gi dei vidare til komande slekter. Dette kortkourset er berekna både på privat minnesamling til familiearkivet - og på deg som kan tenkje deg å  bidra til organisert innsamling av livshistorier som immateriell kulturarv.

Kven kan delta?

Alle som er interesserte er velkomne. Du treng ikkje ha andre forkunnskapar enn interesse for munnleg kulturarv. Og det passar for alle mellom 10 og 100 år.

Vi vil gjerne at deltakarane melder seg inn i Memoar - men det er ikkje eit krav. 

Kva skal skje? 

Fyrst og fremst skal det handle om korleis du kan samle og ta vare på intervju til familiearkivet. 

Mot slutten skal vi fortelje litt om Memoar sitt organiserte innsamlings-arbeid og korleis du kan bli med i det. 

Kven står bak? 

Arrangør er Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Sjå www.memoar.no

Ansvarleg for kortkurset er Bjørn Enes, frilansjournalist og minnesamlar. Sjå www.memoar.no/enes  

PROGRAM:

Bli med-arrangør! Ta kontakt med post@memoar.no

Andre tilbod frå Memoar: 

Profesjonelt  intervju:

Du kan leige ein profesjonell minnesamlar til eit livsløpsintervju med deg sjølv, eller med ein person du kjenner som bør bli intervjua. 

Sjå meir på www.memoar.no/hjelp -  eller bestill her

Kurset "Mitt memoar"

I dag kan ei livsforteljing bevarast og publiserast i mange former: Bok, podcast, multimedieproduksjon, filma livsløpsintervju.  Dette kurset er berekna på deg som vil fortelje - uansett format.

Sjå meir: https://mitt.memoar.no/   

Bli minnesamlar!

Viss du har kapasitet til å engasjere deg i meir enn eigen familie, vil vi gjerne ha deg med som minnesamlar i Memoar. Vi har både frivillige og profesjonelle medlemmer - og treng stadig fleire! 

Sjå meir: www.memoar.no/munnleg-historie