Nils Gjerde, Radøy

Publiseringsdato: 29.sep.2019 04:44:22

Nils Gjerde frå Radøy har bygd opp meinigheita Betel i Sletta. Ein periode var han ordførar for KrF. Her fortel han om barndom i 1930-åra, krigsåra, etterkrigstida og åra fram til dagens samfunn.

 "Far dreiv småbruk og eg var einebarn. Men det var dårlege tider, så eg vart ikkje bortskjemt av den grunn. Me som vaks opp i dei harde 30-åra hadde inga framtid. Skulle ein få koma inn som læregut i ei bedrift, måtte det muter til for å få læregutstillinga.

Eg har vore med på å byggja opp den frikyrkjelege meiningheita Betel i Radøy, og eg vart sjølv døypt 19 år gamal. Me kunne bruka ungdomslokala til møta våre, men kyrkjer og bedehus var lukka for oss.

Krigen kom som ei utrygg tid. Ein visste ikkje om naboar var NS-medlemer eller ikkje. Me hadde likevel ikkje restriksjonar frå Wehrmacht si side når det gjaldt møteverksemda vår i pinsemeiningheita Betel. Sjølv om me ikkje hadde radio under krigen, beundra me Kong Haakon. Og Max Manus var litt av ein sprellemann.

Eg tykte ein var urimeleg hard med dei såkalla tyskarjentene etter krigen. Dei var unge og uerfarne, og kjærleiken har ingen grenser mellom nasjonane. Kvinner har ein svakheit for alt som heiter glitter. Denne svakheita kom også fram under krigen då jentene vart blenda av dei tyske uniformerte soldatane. Om det var tyskarar, engelskmenn eller russerar i uniform, så gjorde den same svakheita seg gjeldande.

Eg har og ein teori om kvifor folk melde seg inn i NS. 1.maifeiringa, med raude flagg, verka på mange nesten som ein boikott av 17.mai. Eg trur borgarskapet var luta lei av dette. NS hadde ein appell til dei svake sjelene, som ikkje tenkte så veldig mykje, om å slutte seg til det som var norsk, og NS fikk soleis ein del medlemer på dette grunnlaget. Men tidlegare NS-folk bør ikkje lenger fordømast. Nok er nok! Eg er likevel samd i dødsdomane som vart avsagt over dei store landsforrædarane, gestapistane og torturistane.

Etter krigen har eg site 24 år i kommunestyret og åtte år i Fylkestinget. Det kan vere mangelfullt med eldreomsorg her i landet, men det er himmelvid skilnad samanlikna med korleis det var før. I dag får folk som treng det penger rett i handa. Det er nesten for godt til å vera sant! Eg meiner at me ikkje har noko inn i EU å gjera, og eg trur at Danmark, Sverige og Finland gjorde eit forhasta vedtak."

NILS GJERDE

00:00  Heim og oppvekst

00:45  Dårlege levevilkår

03:25  Oppbygginga av menigheita Bethel

10:43  Søndagsskulearbeid

13:10  Tilhøvet til dei "verdslege"

14:40  Nokon som spotta dykk?

15:25  Aldersfordeling og kjønn i menigheita

16:35  Sentrale namn i vekkelsesbølgja

18:50  Krigstida, 9.april, tyskerane

21:40  Kvinneleg svakheit for uniformar

22:40  NS i Nordhordland

23:47  Politisk engasjement

24:40  Syn på politikk og samfunn