Gunstein Kolstad, Radøy

Publiseringsdato: 29.sep.2019 05:00:07

.

Gunnstein Kolstad er frå Manger i Radøy kommune. Han vaks opp på prestegarden på Manger saman med fem sysken. Den yngste broren omkom berre 12 år gamal. Gunnstein Kolstad har vore aktiv i organisasjonsarbeid, vore formann i Hordaland Bondelag og har teke del i kommunepolitikken i fleire år, m.a. som ordførar for Sp.

"Mannfolka dreiv fiske medan kjerringane tok seg av sakene heime på småbruket. Me merka korleis krigsskyene kom nærare, og var forundra over kvifor ein ikkje tok krigstrusselen meir alvorleg. Det er sagt at me hadde lite å hjelpa oss med 9. april 1940, men eg meiner at kystartilleriet kunne vore brukt på ein betre måte. Det som er typisk for bygda vår, er at me ikkje kom bort i direkte krigshandlingar.

Far var ordførar då krigen kom, og det gjaldt å skaffa forsyningar til bygda. Han fekk leigd fiskebåt og henta forsyningar frå Vaksdal. Far ville gå av som ordførar då fylkesmann Lindebrække gjekk av, men han vart beden om å halde ut så lenge han orka for å vera trygg på at ein ikkje fekk inn NS-ordførar i eit område som var strategisk viktig. Resultatet var at fleire ordførarar i bygdene vart verande i stillingane sine. Det vart ikkje utnevnt NS-lensmann her i bygda, og både lærar og prest vart i stillingane sine. Me som hadde gard hadde nok mat, og samhaldet og evna til å hjelpa kvarandre var stor.

Eg distribuerte illegale aviser og fulgte med på radiosendingane frå London. Fiskebåtar gjekk ut og henta forsyningar frå England, og dei vart vidaresendt innover til Masfjordfjellet. Då Manger vart stasjon for tyske vaktbåtar, vart det stasjonert tyske marinefolk her, men dei var ikkje plagsomme. Dei var ute på oppdrag om natta og brydde seg lite om det som gjekk føre seg på land. Radøy låg strategisk til, og det vart bygd store kystfestningar på Vågsnes, Marøy og Fossøy.

Tyskarane rekvirerte alle hus i nærleiken av festningsverka, og folk måtte finne ny stad å bu. Russiske krigsfangar kom til festningsverka medan dei vart bygde. Det var eit grusomt syn å sjå dei avmagra fangane. Dei gav oss små kunstverk av tre som takk for maten me gav dei. På slutten av krigen vart det ein del arrestasjonar, og ein frå bygda fekk hard medfart av Gestapo.

Det vart fødd born med tysk far her i bygda. Dei var uskuldige, så ingen mobba dei. Eg synest det er redselsfullt når eg les om kva mange uskuldige tyskarborn har måtta gjennomgå."

"Under rettsoppgjøret fekk dei første som vart dømt dei strengaste straffene. Dette skuldast at den aggressive haldninga, som avtok etter kvart. Eg beundra Ruge og Fleischer, og tykte Fleischer fekk dårleg behandling av myndigheitene våre i England under krigen."

Opptaket vart gjort på Radøy, 7. januar 1998. Intervjuar var Jan Eidi, fotograf var Oddvar Foss. Samandraget er skrive av Rolf de Graaf. Loggen er laga av Johan Knutsen