Einar Solberg, Meland
Publiseringsdato: 29.sep.2019 07:16:24
Einar Solberg (f.1926) vaks opp som nr. to i rekkja av fire sysken på Flatøy i Meland kommune. Familien livnærte seg av sildefiske og småbruk. På Flatøy hadde tyskarane ein stor kontrollstasjon under krigen, der all skipstrafikk som passerte vart kontrollert og vakta på. Her fortel han om ungdoms- og krigsåra i det okkuperte øysamfunnet.
"Me born tente nokre ekstra kroner når me var med og sette poteter rundt om på gardane. Og me dreiv med snarefangst og fanga trost som me selde for 10 øre stykke. Om somrane samla me o-skjell som vart reinsa, og innmaten i skjella salta ned på tønner. Tønnene vart selde som agn under Lofotfisket. Skulle me vitja andre øyar, eller skulle det sendast bod på jordmor, så måtte me bruka robåten.
Åra før krigen jobba eg som løpargut hjå handelsmannen og bar varer til flystasjonen på Flatøy. Her var det ei sjøflyhavn der ca. 50 norske marinefolk var stasjonert. 8.april 1940 høyrde me på nyheitene at tyske skip i Skagerak var på vei nordetter, og at alle fyr langs kysten skulle slokkast. Dagen etter gjekk dei seks Heinkelflya som var stasjonert på Flatøy på vengjene for å møta dei tyske angrepsflya. Men dei fekk ikkje gjort nokon skade på dei tyske flya.
Konene og ungane til offiserane som var stasjonert i sjøflyhavna på Flatøy, vart evakuert til Romareid. Familien vår evakuerte til ei kusine der me fekk liggja på eit rom som høyrte til Bjelland Hermetikkfabrikk. I mellomtida blei ein tysk båt bomba utanfor Flatøy. Mannskapet tok seg inn i det tomme huset vårt. Her fyrte dei opp ovnen og tok med seg alt det me hadde lagt igjen av tørre klær. Då me seinare søkte om å få erstatta klærne våre, fekk far min beskjed av tyskarane om å senda rekninga til engelskmennene. Det var dei som hadde bomba den tyske båten.
17.april kom tyskarane til Flatøy der flystasjonen no fungerte som tysk kontrollstasjon. Samstundes tok tyskarane to gislar på øya vår og gav beskjed om at dersom dei vart skote på, så ville gislane verta henretta. Alle vart nøye kontrollert, sjølv om det berre var fem minutt å gå heim frå kaia.
Når me skulle reisa med skøyta vår til Bergen, måtte me segla nærme land, og me måtte segla i sikksakk. Sjøen rundt øya vår var minelagt, og på kvar topp på øya var det anten plassert ei kanon eller ein lyskastar. Private hytter på øya vart rekvirert, og der budde dei sivile tyskarane som reparerte flya når dei vart skada."
"Om natta kunne me høyra på flyduren om det var engelske eller tyske fly som kom. Radioen vår var innlevert, men me heldt oss likevel orientert. Då me såg flagget verta heist borte på Salhus, visste me at krigen var slutt. Me ungdommar fekk beskjed om å overta vakthaldet på Flatøy, og me gjekk vakter fram til karar frå Bjørn West overtok for oss."
(Lyden på intervjuet er litt svak og vert med det første sett opp til eit høgare nivå) 20.10.