Aslaug Sudmann, Meland

Publiseringsdato: 29.sep.2019 07:10:58

Aslaug Sudman fra Meland vaks opp som nummer fem i ein syskenflokk på åtte. Faren var småbrukar og steinarbeidar og familien levde stort sett frå hånd til munn. Før krigsutbrotet hadde Aslaug Sudmann gått førstehjelpkurs. Straks etter 9. april 1940 meldte ho seg til innsats for dei norske troppane som tok del i trefningane på Voss.

  

"17 år gamal byrja eg på Salhus Veveri og budde på hybel. 9. april vakna eg av duren frå tyske fly, og litt seinare såg eg at dei var i kamp med engelske fly. Fyrst forsto eg ikkje alvoret. Da mobiliseringsordren kom, reiste me to jenter saman nordetter. Me ville slutta oss til dei norske styrkane på Voss. 11. april kom me til folkehøgskulen i Førde, der me vart innkvarterte saman med nærare 600 frivillige. Me var tre jenter som ordna med mat til alle saman. Omsider kom det kokkar frå militæret og hjelpte til.

Me tok ikkje sjølve del i kamp, men etter kvart kom mange av karane som hadde vore med i kampane på Voss. Dei var i sjokk då dei kom til oss, og sto opp om natta for å gøyma seg i skogen. Dei trudde dei vart angrepne av tyske fly. Eg hadde ikkje sagt frå på jobben på veveriet kvar eg var no. Det var jo full mobilisering, så ein var vant med at folk ikkje møtte opp på arbeidsplassane.

Eg reiste frå Salhus attende til Flatøy 1942. Øya var bomba av engelske styrkar i 1940. Hadde dei truffe det tyske ammunisjonslageret, hadde det ikkje vore stort att av øya. På Flatøy var eg dei tre siste krigsåra. Det budde tyske soldatar i alle sommerhusa, og det var tyske antiluftstillingar her. Eg trur dei vart bygde av polske krigsfangar. Men tyskarane hadde ein veldig moderat sjef. Han har vore på besøk på Flatøy etter krigen.

Eg tror ikkje det var NS-folk på øya, men det var dei som var stripete, og nokre av jentene i lokalsamfunnet fekk seg tyske kjærestar. Mange gutar prøvde å koma seg over til England, og bror min omkom i 1943 under freistnad på å ta seg over i båt. Mat var det dårleg med. Me malte opp poteter som me blanda med fiskemjøl. Eg tåler ikkje lukta av potetkaker den dag i dag. Og stanken frå den heimeavla tobakken var forferdeleg. Båtar som tok passasjerar trafikkerte strekninga Flatøy – Bergen. Båtane måtte ta omvegar, for det var minefelt overalt. På Flatøy var det tysk kontrollstasjon, og alle båtane som passerte måtte gå til kai for å verta kontrollerte."

"Då frigjeringa kom var det som om me kunne pusta ut. To av brørne mine gjekk bort under krigen. Tyskarane som var på Flatøy, verka også glade over at krigen var slutt. Dei reiste frå Flatøy få dagar etter freden. Eg gifta meg straks etter krigen og har i dag fem vaksne barn."

Opptaket vart gjort på Meland 10. desember 1998. Intervjuar var Jan Eidi, fotograf var Jostein Saakvitne. Tekstsamandraget og loggen er gjort av Johan Knutsen. 

https://vimeo.com/237714098