Erik eriksen

Erik Eriksen vart intervjua av Ole Petter Rundhaug, den 2. juni 2022, på Helgeland Museum i Mo. Intervjuet var del av samarbeidet mellom Memoar, Rana Historielag og Helgeland Museum i 2021 og 2022.

Notater logg, Erik Eriksen.pdf

Intervjuet er eit livsløpsintervju der Eriksen fortel om banrdom, oppvekst og vaksenliv. Han vart fødd i Sandnessjøen i 1936, og har mange minne frå kirgsåra. Han tok til på folkeskulen i 1941, og gjekk realskulen i 1948.

Far hans var mellom dei fyrste som fekk arbeid på Jernverket - han hadde arbeidsnummer 1.

Erik gjorde militærtenesta si i 1955. Etter den tok han ingeniørhøgskulen i Hordaland. Han blei også gift i Bergens-perioden.

Frå 1960 fekk han jobb i Vassdragsvesenet. Han kom til Mo kort etter, og frå 1970 arbeidde han i Rana Kommune.

Samtalen handlar om mange sider av utviklinga i Rana-samfunnet, både om arbeid, fritids- og familieutvikling.

Sjå meir detaljar i handskreven logg, der tidskodene (minutt og sekund frå start) også er markerte.

Intervjuar Ole Petter Rundhaug er aktivi Rana Historielag. Teknisk etterarbeid og logg er gjort av Henry Hatling, Rana Historielag.

(Ein teknisk tabbe under opptak er årsaka til at det i realiteten berre er lydopptak av intervjuet)