samtidsdokumentasjon 2024

Dokumenterar studendemonstrasjon i Bergen 

Frå 6. mai startar Memoar innsamling av munnleg historie blant deltakarar og besøkande til “Camp Falastin” på Universitetet i Bergen. Prosjektleiar Martin Svnes Høiberg gjer relativt korte intervjuopptak i og ved campen.  Formålet er å samle munnleg kjeldemateriale som kan dokumentere kven deltakarar og besøkande er,  kva som har ført til at dei deltar, kva dei gjer under demonstrasjonen og kva dei tenkjer om tida framover. 

Opptaka vil bli arkiverte hos Memoar og seinare avleverte til offentleg arkiv når det er klart kven som får oppdraget med å samle munnleg kjeldemateriale i Noreg. For alle som samtykker til deling av intervjuopptaket, vil det bli publisert på denne undersida av Memoar.no  www.memoar.no/samtid2024. Kvart opptak blir fyrst lagt ut med eit passord. som berre den som har blitt intervjua får. Når vedkomande har gitt skriftleg melding om at passordet kan fjernast, blir det så publisert ope. 


Vi trur at dette er ei historisk hending, så vi vil gjerne høyre litt både om forhistoria og tankane og kjenslene akkurat nå for dei som deltar.

Skriftleg samtykke:

Alle som bloir intervjua blitr bedne om å signere dette samtykket. (sjå faksimile)

Bli med å dokumentere!

Memoar vil gjerne ha kontakt med andre studentar eller aktivistar som har lyst å bidra til breiddedokumentasjon av det som nå skjer i studentmiljøet over heile landet. Vi bidrar gjernde med råd, opplæring og infrastruktur - og vi påtar oss gjerne delinga og arkiveringa av ytringar. 

Ta kontakt med post@memoar.no 

2025-05-6-Avtale Palestinacamp.pdf