Arnhild Vada Eggum

Publiseringsdato: 27.okt.2019 22:02:22

Fyrste sommarjobben til Arnhild Vada Eggum var på Hurtigruten. Ho tok gymnaset, og forsøkte seg eit år på hotell på Sunndalsøra. Men det var kjedelig. Ho ville til sjøs att – og etter at ho fekk si fyrste hyre som salongpike på MS «Havkatt» (Meyers rederi, Oslo) arbeidde ho aldri meir i land. Det var eit bulkskip. Fyrste tur gjekk til Fort Lauderdale, der låg dei i to veker, med god sjanse til å sjå seg om på land. Jobben som salongpike gjekk ut på å stella lugarane, og å servera offiseane i offisersmessa. Dei var tre kvinner ombord – telegrafisten og ei salongpike som hadde mannskapsmessa. Ho opplevde aldri noko problem med å vera i mindretal.

Sjølv om folk snakka om at det snart ikkje ville vera bruk for telegrafistar lenger, tok ho Radioskulen i 1975. Ho fortel om kunsten å læra morsesignala: Rytmen var viktig – ikkje minst når du skulle senda med den gamle «handpumpa». Der gjaldt det dels å skapa tydelege skiler mellom priklkar og streker – og dels å læra seg dei rette, ledige rørslene med handleddet. Etter kvar kjøpte ho seg sjølv ein elektronisk morsenøkkel som laga faste lengder på prikkar og streker og som ikkje var så belastande på handleddet. Den hadde ho med seg frå båt til båt.

På Radioskulen fekk ho øva opp evnene til å oppfatt morsesignala som bokstavar, ikkje som prikkar og strekar. Morsesignal var framleis den vanlegaste kommunikasjonskanalen til sjøs. Etter kvart var det vanleg å ha ein satelitttelefon ombord, men det vr så dyrt å bruka han at det vart veldig sjeldant.

Ho fortel om rutinane i kommunikasjonen mellom båt og land. Rogaland Radio var knutepunktet til reiarlag og sjøfolka sine familiar. Til faste tider sende dei ut trafikklister med kallesignala til kvar båt som hadde eit eller fleire ventande telegram. Når telegrafisten oppfatta båten sitt kallesignal i trafikklista, måtte ho (eller han) kalla opp Rogaland Radio for å få telegrammet. Det var ikkje alltid mogleg å få kontakt. Aktiviteten på sola (solflekker) var ein av dei faktorane som spelte inn. Ofte fekk dei berre kontakt om nettene, særleg når dei var i Austen. Lastetelegram gjekk oftast i klartekst. Vêrobservasjonar som vargjort ombord og skulle vidaresendast til land, gjekk som regel i talkodar. Utanom kommunikasjonen, arbeidde ho som sektretær for kapteinen. Ho førte hyrerekneskapet, førte og leverte tolllister og skattelister.

Dei båtane ho fortel om er «Havkatt», «Skiensfjord» (Amerikalinjen), «Anna Presthus» (Johs. Presthus), «Texaco Bogota» (Texaco) og «Moscliff» (Mosvold).

Ho var krigsseglar, både i Vitenam og ikkje minst under krigen mellom Iran og Irak. «Moscliff» gjekk i skytteltrafikk mellom Kharg Island og havet utanom krigssona. Det hende at både båten før og båten etter vart råka av rakettar. Men sjølve opplevde dei det aldri. Men til tider tok ho med seg alle pass, sjøfartsbøker og livvesten i køya.

Ut over 1970-åra vart rasjonaliseringane hardare og hardare – og i 1986 vart heile mannskapet på «Moscliff» bytta ut med fillipinarar. Ho kunne ikkje tenkja seg ein jobb på land, og starta jakta på Nordsjøjobb. Ho tok sikkerhetskurs og fekk eit vikariat på «Fortuna Ugland» då Ekofisktanken skulle jekkast opp. Like etter kom arbeidstidsnedsetjinga som skapte behov for fleire folk. Ho vart radiooperatør, fyrst på Ekofisk og seinare på den flytande boligriggen «Poly Mariner». Men så gjekk radiooperatøranes tid mot slutten i olja og. Riggen gjekk i opplag – og ho gjekk attende til Hurtigruten, som purser på «Nordlys». Dei siste ti åra var ho med på omstillingane av Hurtigruta frå tradisjonell kysttrafikk til meir og meir cruiseprega trafikk.

I dag er Arnhild pensjonist. Saman med mannen er ho aktiv i Bergens Skipperforening. Ho ser at mange sjøfolk kan bli einsame i pensjonstida, etter lange liv utan slike kontaktar som folk på land har. Derfor er det bra at det finst mange organisasjonar som folk kan melda seg inn i.

Intervjuopptaket vart gjort 4. april 2018 i intervjustudio i Bergen offentlege bibliotek. Intervjuar var Bjørn Enes. Det er også han som har gjort dokumentasjonsarbeidet.

(Videoen er borte nokre timar den 3. mai - på plass att i ettermiddag)

Stikkord om innhaldet i intervjuet:

(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.

Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:

https://vimeo.com/267765937#t=45m0s )

Hent utskriftsvennlig stikkordliste

Nokre av båtane som Arnhild Vada Eggum sigla på:

MS "Havkatt"

MT "Texaco Bogota"

MS "Anna Presthus"

MS "Skiensfjord"

MT "Moscliff"