Halle Thon Gundersen

Publiseringsdato: 27.okt.2019 21:45:10

Halle Thon Gundersen vaks opp i ein familie som hadde sjøsport som hobby, og han bestemte seg tidleg for ein yrkesveg til sjøs. Som 16-.åring hadde han utvida julefeirie frå skulen, og tok jobb på TS “Leda”, fyrst som hjelpegut i byssa og så på dekk. “Båsen kurerte meg for sjøsjuka - han drog meg ut av køya, festa ein pøs rundt livet på meg, kommanderte meg i arbeid, og sa: Ikkje spy på dekk!”

Det blei berre korte jobbar i starten, for han ville ta ei god utdanning før han gjekk til sjøs for godt. Han tok realartium, fyrstegongsteneste i 1970 og deretter Sjøkrigsskulen.

Heime på perm ein gong i 1976, gjekk han innom kontoret til Bergenske Dampskipsselskap på Bradbenken og sa at om dei hadde bruk for han var han interessert. Og ein mørk, kald vinterdag på kanonbåt på veg til Ramsund fekk han telefon: Om han kunne tenkja seg å reisa til Pireus for å mønstra som styrmann på MS “Royal Viking Star”?

Sidan har det blitt cruise for styrmann Gundersen. Då Kloster kjøpte SS “France” i 1979 fekk han jobb der, og var med på ombygging og klargjering i Bremerhaven før dei gjekk til Oslo for omdøyping til SS Norway. I 1982 avanserte han til Staff Captain der. Han ambulerte ei tid mellom Norway og “de hvite skipene” - (”MS Southward” og “MS Starward”) før han i 1986 blei kaptein på MS “Sunward II”

Der fekk han ein dag ein telefon frå rederiet - med beskjed om at heile mannskapet skulle seiast opp, bortsett frå han sjølv. Han karakteriserar utflaggingane som “noe av det minst hyggelige” i heile sitt sjøfartsliv. Sidan har han svært ofte vore einsam nordmann på dei båtane han har ført.

I 1988 blei han bedt om å reise til Finland for å fylgje bygginga av “Royal Viking Sun”. Det skipet kjenner han så å seie frå kjølen ble strekt, (vel - dei strekker ikkje kjøl på nybygg lenger. Skipet blei bygd i seksjonar som så blie sette saman omlag som Lego klossar) . Sidan blei han stort sett ståande ombord der. Båten skifta rederi og blei omdøypt fleire gonger, men kaptein Gundersen fylgde med.

Han er ein god forteljar, og svært mange av forteljingane han serverar i dette intervjuet handlar om Royal Viking Sun / Seaborn Sun / Prinsendam.

Men før det, på Royal Viking Star i 1977, var han med på utprøving av Magnavox satelittnavigator. Den gong var det berre seks satelittar som sende posisjonssignal, og navigatoren måtte kombinera dei med signal frå Omega-systemet. Tre sivilie skip tok del i utviklingsarbeidet, og dei var altså det eine. (Dei andre var MS "Queen Elisabeth II" og tankskipet SS "Manhattan") Han fortel om ei landing i tett tåke Jacksonville, Florida der dei for fyrste gong fann ei bøye på rein elektronisk navigasjon.

Han gir fargerike skildringar av cruiselivet, av kjende personar som har vore ombord og av hendingar og ikkje minst stader han har fått oppleve i denne spesielle formen for skipsfart. “Det er ikkje mange stader med saltvatn som eg ikkje har vore på!”

Sjå meir detaljar om enkeltforteljingane i loggen under videovindauga.

Opptaket vart gjort i Studio 1 i Bergen off. bilbiotek den 10 april 2019. Intervjuar var Bjørn Enes. Han har også gjort logging og tekstarbeid.

Stikkord om innhaldet i intervjuet:

(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.

Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:

https://vimeo.com/333514581#t=16m44s )

Hent utskriftsvenleg stikkordsliste her