Helge Magnar Svendsen

Helge Magnar Svendsen ville eigentleg bli elektronikkingeniør, og kom inn på elektronikklinja til marinen. Han enda opp med å seie frå seg plassen, og begynte i staden som fiskar på ein båt som høyrde til reiarlaget far hans var med i. Men utstyret var dårleg og gammaldags, og haldningane i reiarlaget likeins, så han valde å slutte. Han fiska litt om bord på andre båtar ei stund, men vart etterkvart innkalla til førstegongsteneste. Han var 3 år i marinen, og bestemde seg for at det var sjømann han ville vara. Han byrja på styrmannsskulen i 1965, og reiste rett til sjøs etterpå. I 1970 var han ferdig med skulen, og allereie i 1974 vart han skipper. Han segla som skipper fram til 1982, hovudsakleg om bord på oljetankerar og kjølebåtar som tilhøyrde Reksten sitt rederi. Etter dette har han jobba for fleire andre store rederi, og budd store delar av sitt liv i utlandet, blant anna Costa Rica og Kroatsia, før han til slutt flytta heim til Noreg.


Helge Magnar Svendsen - Logg