Ragnar Nielsen

Ragnar Nielsen si forteljing strekk seg frå gullalderen i norsk sjøfartsindustri, til langt inn i vår tid.

Han begynte sin karriære som sjømann då han var 16 og eit halvt år gammal. I utgangspunktet ville han utdanne seg som skipsførar, men valde å gå inn i sjøforsvaret, då dei tilbaud gratis utdanning, kost og losji. Før han kunne begynne på sjøkrigsskulen måtte han derimot ha 18 månader med fartstid. Han mønstra derfor på skoleskipet Gann i 1959, straks etter at han hadde fullført realskulen. Som førstereisgut fekk han segle til New York med Stavangerfjord, og der mønstra han på oljetankaren Rayla. Han fortel om ustabile krigsseglarar og kollisjon i Panamakanalen.

I 1961 begynte han på sjøkrigsskulen. Aspirantopplæringa fekk han på fregatten Draug, før han vart sendt på skuleskipet KNM Haakon VII. Etter dette tenestegjorde han på jagaren KNM Bergen til 1966, før han vart sambandsoffiser og tredjekommanderande på KNM Valkyrien. Under den kalde krigen opplevde han litt av kvart, mellom anna nærgåande russiske trålarar, tallause ubåtobservasjonar og auka beredskap under Yom Kippur-krigen i 1967.

Etter endt teneste begynte han som meglarassistent for meglaren Sander i Bergen, før han begynte i operasjonsavdelinga til Hilmar Reksten sitt rederi. Der var han frå 68 til 73, då han gikk over til Johan Ludwig Mowinckel Reksten sitt rederi, før han gjekk over til å jobbe med biltransport for Ugland i Grimstad i 1975. Her vart han varande fram til han gjekk over til Billabong i 1981. Han fortel om brokete tider i sjøfartsindustrien frå slutten av 80-talet, og korleis stadig meir av den norske sjøfartsindustrien vart flytta til lågkostland. Frå 1995 og fram til han pensjonerte seg i 2010 hjalp han Westfal-Larsen med å etablere seg i Singapore. Det mest dramatiske minnet hans frå denne perioden er når det eine skipet deira vart kapra av somaliske piratar, og dei påfølgande forhandlingane.

Ragnar Nielsen - Del 1

Ragnar Nielsen - Del 2

Nielsen, Ragnar_lydlogg