Ingebjørg Sæther

Publiseringsdato: 27.okt.2019 21:52:22


Ingebjørg Sæther vart fødd i Sauda, og sjølv om store deler av oppveksten var i Vegårshei, var ho med familien attende til Sauda kvar einaste sommar. Det var også dit ho drog dit då måtte reisa heimefrå som 14-åring for å gå på realskulen. 18 år gamal reiste ho til England eit år for å arbeida og læra språk. Då ho skulle velgja utdanningsveg, tenkte ho lenge på helsevesenet – men valde å søka Telegrafistskulen i Kristiansand i staden. Der begynte ho i 1963, i ein klasse der fleirtalet var jenter (11 av 18). Ho fortel om fagkretsen på skulen. Morsetrening var det absolutt største faget. Eksamenskravet var 100 morseteikn i minuttet på tekst, 80 teikn på kodar. Ho fortel om radiostasjonen dei hadde på skulen, og forklarar omgrep som kallefrekvens og arbeidsfrekvens, kallesignal og prosedyrebok. Dei var og på studietur til Rogaland Radio.

Såvidt ho hugsar, klarte heile klassen eksamenskravet. Det var stor rift om telegrafistar, «reiarane sto nærast på trappa og plukka oss opp». Hennar fyrste båt var motortankaren «Anco Swan» frå Iver Bugges rederi i Larvik. Båten låg på reia i Liverpool - dei hadde venta på henne i to døgn då ho kom fram. Ho fekk ei kjapp omvising i radioromet medan taxibåten venta på han ho skulle løysa av – og så var ho overlatt til seg sjølv. Men det gjekk greit – det var god kontakt på heile turen over Atlanteren. Og det var ein eventyr å koma til USA. Dei var i New Orleans og Houston på fyrste tur. Det var valkamp – ho hugsar særleg eit opptog for republikanaren Barry Goldwater. Ho hugsar også at dei fekk delt ut kaldkrigs-propaganda mot kommunistane.

Fyrste tur var berre eit vikariat, fram og attende over Atlanteren. Det var neste tur som vart den eigentlege starten på sjøfartslivet. Båten var bulkskipet MS «Aino» frå C.H. Sørensens rederi i Arendal, som gjekk mellom Newcastle, Australia og Japan med kol. Det var god tid i land i begge endar, og Ingebjørg fekk ryktet om å vera den som var fyrst i land og sist ombord: Ho knytta kontaktar og venskap i begge endar av ruta – ho har endå kontakt med ei australsk venninne frå den tida.

Kontakten med Rogaland Radio kunne vera vanskeleg i Asia. Ho fortel inngåande både om dei daglege rutinane i sjø og under land, og om dei ulike oppgåvene ho hadde som telegrafist. Ho hadde mellom anna ansvar for timerekneskapet og lønsutbetalingane til kvar av mannskapet. Ho fortel om og ein episode då radioen svikta. Ho måtte bruke naudsendar og få hjelp av ein telegrafist på ein annan båt i nærleiken for å koma i kontakt med rederiet og få instruksjonar om korleis hovudsendaren kunne reparerast.

Stort sett var det uproblematisk å vera kvinne ombord. Som regel var der også salongpiker, så ho var sjeldan aleine. Mannskapet var veldig beskyttande når dei var i land. Men på nokre båtar var der alkohol, og det kunne vera svært vanskeleg. Ikkje berre for kvinnene – sjølv om folk tok ansvar viss andre var fulle, så var det eit mirakel at det gjekk godt nokre gonger. «Dette må også koma fram, synest eg».

Den alvorlegaste hendinga ho var ute for var på MT «Polarsol», Melsom & Melsom, Larvik. Tømmermannen var i arbeid framme på bakken. Dei var på veg nordover, nordaust for Afrika, då det kom ei kraftig undervassbylgje. Skipet var fullt lasta og låg lågt i sjøen, så bylgja slo inn over forskipet. Bylgja var så kraftig at tømmermannen blei stygt skadd. «Eg fekk kontakt med eit fransk marinefartøy som hadde lege ombord. Men dei rakk ikkje fram...» Tømmermannen døydde. Båra vart sendt heim frå Djibuti.

Ho møtte han som skulle bli mannen hennar ombord. Dei segla ei stund i same rederi, men i 1973 mønstra ho av for godt for å vera heime med borna. Seinare tok ho ny utdanning – og havne i helsevesenet likevel.

Intervjuopptaket vart gjort i intervjustudioet i Bergen Bibliotek den 18. april 2018. Intervjuar var Bjørn Enes. Han har også gjort dokumentasjonsarbeidet.




Om stikkordslista:

Stikkord om innhaldet i intervjuet:

(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.

Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:

https://vimeo.com/266098988#t=1h6m38s )

Hent utskriftsvenleg stikkordsliste her