Ole Christian Næss

Ole Christian Næss - Sjøfart - Memoar
15. november 2015. Intervjuar var Bjørn Enes. Ole Christian Næss reiste ut som styrmannsaspirant hos Wilhelmsen i 1968.

Les meir

Det var ein heilt ny måte å reise ut på, som vart introdusert på same tid som dei store nedbemanningane sette inn. Han fortel om nyvinningar innanfor navigasjonsteknikkar - eigentleg laga for fly - og om den nye opplæringsstrukturen i Wilhelmsen. Då ryktane tok til å gå om jobbar for sjøfolk på plattformer og boreriggar, kunne mange ikkje tenkje seg noko slikt. Derfor var det ikkje vanskeleg å få jobb på dei fyrste norske plattformane. Næss fortel fargerikt om dei fyrste åra av norsk rigg-fart. I Del 1 skjem han fram til 1976, då han gjekk frå plattform til forsyningsskip for å få godkjend skipsførarsertifikatet sitt. Det er den verste farten han har vore i, fortel han - meir om det i Del 2 som vert publisert seinare i desember 2015.

I munnlege forteljingar som denne kan det lett oppstå "trykkfeil" i form av konkrete opplysningar som etterpå viser seg å vere feil. Næss har i ettertid funne to slike faktafeil:

*) Riggraten etter ombygginga av Treasure Hunter i 1976 var 40.000 dollar, ikkje 60.000 dollar som det vert sagt under stikkordet "ratene".

**) Den første hyperbariske livbåten (redningsbåt for dykkarar under trykk) kom i 1977, ikke i 1978 som det vert sagt under stikkordet "Dykkarane". Dykkarane var dermed utan rømmingsutstyr i eitt år, ikkje to.

Ole Christian Næss - Del 2

Veka etter opptaket på Sjøfartsmuseet, heldt intervjuet fram denne, gong heime hos Næss på Askøy. Logg og tekstsamandrag er under arbeid. Passordet blir fjerna så snart Næss har gitt sitt samtykke til det.