Audun Trygve Olsen

Publiseringsdato: 06.okt.2019 08:25:42

Audun Trygve Olsen er pensjonert sjømann. Han reiste ut fyrste gong som dekksgut i 1967. Han var då 18 år gamal, båten heitte MT"Vinga" - ein solventtankar frå Mowinkel rederi i Bergen.

I opptaket som vart gjort med han på Bergen Sjøfartsmuseum den 18/10-2015, skryt ikkje akkurat av fyrstereisa: Etter litt fram og attende langs Italiakysten bar det over til Mexicogulfen der han stort sett opplevde "grøftehol på amerikansk strilaland".

Audun Olsen er ein så god forteljar, at dei 45 minutta som var avsett under arrangementet på museet røyk før me kom inn på livet hans etter styrmannskulen (1992). Det er difor sannsynleg at han vil fylgje opp med eit opptak til i løpet av vinteren 2015-16.

Intervjuar i opptaket er Bjørn Enes frå Memoar.

Direkte adresse til denne sida er http://Audun.Olsen.memoar.no/

Forteljinga handlar om:

- Kvifor han valde sjølivet

- Fyrstereis 1967

- Mexicogulfen

- Telegrafistskulen

- Havneliv (kort)

- Japan

- Havneliv (2) (endå kortare)

- Endringane (etter Exxon Valdez)

- Pensjonistlivet

Meir sjøfart: www.memoar.no/sjoefart