Anna "Tinkel" Utne

Anna Utne er bydame. Men heilt frå ho var seks år gamal, har ho vore ein del av nærmiljøet på Glesvær. Derfor har ho både utanfråblikket og innafråkunnskapane om Glesvær, Steinsland og Sund. Oldefar hennar, Hans Gulbrandsen Bakke frå Steinsland, kjøpte den då 250 år gamle handelstaden Glesnesholmen ("Hølmen") i 1890 (Kjøpesummen var 8.500 kroner), etter ein særs vellukka tur på Lofoten. I Anna si barndoms- og ungdomstid vart gardsbruk, fiskebruk, skips- og landhandel, postopneri, telefonsentral, bakeri og notaloft drive av besteforeldra hennar. Ho var der i alle sommar- og juleferiar og ofte elles og. I vaksen tid har ho helde kontakten. Etter at besteforeldra døydde i 1958, ferierte ho hos si tante Aadel, og frå 2000 til 2014 budde ho fast i eige hus på Glesvær. Sjølv om ho har flytta til byen, er ho framleis aktivt med i lokalmiljøet i Sund.

I dette intervjuet fortel ho om daglegliv og kultur fra siste halvdel av 1940-talet fram til i dag: Jorbruket og dyra, strilamålet, Dampen (DS «Vatlestraumen»), telefonsentralen, notaloftet, skarlagensfeberen, tuberkulosen og polyomyelittepidemien som ho sjølv var ramma av, sildafisket, brislingfisket og størjefisket, amerikatanter og stoffmangel, «Utapådalen» og «Heimapådalen», ungdomshus og religiøsitet, teatertradisjonar og dans, folkeviser og ikkje minst: Glesvær og Sund i dag. «Folk held på målet, samhaldet og styrken. Dei er oppdaterte og fylgjer med i tida – dei tilpassar seg det nye og held på det gamle på ein vellukka måte».

Opptaket vart gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 21. juni 2017. Intervjuar var Bjørn Enes. Han har og gjort dokumentasjonsarbeidet.