Bjørg Wolden

Bjørg Wolden er fødd på Ormset i Tingvoll i 1936, og har bodd på Tingvoll heile livet. Ho starta på jobb i Tingvoll Ullvarefabrikk som 16-åring, og arbeidde her til ho ho fekk barn. Då dei vart større, kom ho tilbake til tekstilindustrien og Sellgrens Veveri. Ho fortel levande om lange arbeidsvegar, fagorganisering, ulike rettar for kvinner og menn, ønske om utdanning og utfordringar knytta til økonomi. Eit godt møte med ei sterk dame.

Del 2 opptak i mai 2019.

Tekstsamandrag og logg og redigering av publiserbar video Del 2 er under arbeid.

Video Del 1 er inntil vidare sperra med passord. Spørsmål om passordet må rettast til Bjørg Wolden

Invitasjon til dugnad:

Som nevnt over, er det også gjort opptak til ein Del 2 med Bjørg Wolden.

Dette opptaket skal no dokumenterast - det vil seia at det skal lagast eit oversyn over innhaldet.

Memoar brukar å gjera det ved å laga ei stikkordsliste

eller ein serie kortsetningar som gir eit oversyn over kva samtalen handlar om, omlag minutt for minutt.

Ta kontakt med Tingvoll Museum eller bjorn.enes@memoar.no viss du kan tenkja deg å hjelpa til med dette,

Då får du eventuelt passord til videoen.

Du kan bruka papir og blyant, skriv stikkorda - og send dei til Bjørn.

Det aller beste er om du også skriv kor mange minutt og sekund frå start som kvart tema blir omtalt.

Sjå f.eks. her for å sjå korleis me brukar å gjere det.