tørrfisk - Stokkfisk
Munnleg tørrfiskhistorie - ein prosjektidé?
Det pågår eit omfattande arbeid for å få alle tradisjonane rundt produksjon, frakt, omsetjing. tillaging og eting av tørrfisk i alle sine variasjonar, inn UNESCO si liste over immateriell verdsarv. Samiske og norske organissjonar samarbeider med organisasjonar i Tyskland, Italia og Nigeria. I innspurten av nominasjonsprosessen snakkar nå initiativtakarane og Memoar om også å samle munnleg historie og levd liv med tørrfisk.
På forsommaren 2024 starta Memoar og Bergen Slowfood ei innsamling av munnleg kjeldemateriale om tørrfisk-tradisjonar og historie. Materialet blir publisert både her og på Bergen Slowfood si prosjektnettside www.stokkfisk.no
Dag Klett er tørrfiskvrakar av den gamle skulen. I dette intervjuet fortel han både om korleis han kom inn i dette faget, og korleis ein erfaren vrakar arbeider for å soertere tørrfisk i alle dei ulike kvalitetane som denne varen har. Intervjuarar er Terje Inderhaug frå Bergen Slowfood og Bjørn Enes frå Memoar.
Slow Food Bergen
ble etablert som frivillig medlemsforening 31. januar 2005, noe som utløste en voksende trend med mange nye Slow Food lokalforeninger rundt i landet.
Slow Food har som mål å gjenreise respekten for god ren og rettferdig mat, fremme kunnskap om matkultur og arbeide for biologisk mangfold.