Hovudprosjekt i utvandraråret:
Historia er ein straum som me står midt oppe i.
Dei gamle har meir fortid inni seg enn der er plass til i noko bok.
Dei unge er akkurat der i livet som dei gamle ofte hugsar best.
Og om seksti år er det dei som i dag er 10 år, som sit og fortel om korleis det var, akkurat her, i 2019.
Slik er kjernen i vårt prosjekt. Me skal jobba med å lytta, spørja, hugsa, fortelja og legga att til dei som kjem etter.
Dette er oppsummeringa av sjuande klasse ved Møhlenpris Oppveksttun sitt prosjekt "Snublesteinane" i serien Lokalhistorie i skulesekken. Prosjektet var ferdig til jul i 2020, i samarbeid mellom skulen, Historietorget i Sportsklubben Djerv, Memoar og Landslaget for lokalhistorie. Passordet blir fjerna når klassen har sett filmen.
Dette er oppsummeringa av sjuande klasse ved Møhlenpris Oppveksttun sitt prosjekt "Snublesteinane" i serien Lokalhistorie i skulesekken. Prosjektet var ferdig til jul i 2020, i samarbeid mellom skulen, Historietorgett, Memoar og Landslaget for lokalhistorie. Passordet blir fjerna når klassen har sett filmenm.
Prosjektmål - Møhlenprisl:
To skuleklassar og frivillige frå foreldra, historiegruppa i Sportsklubben Djerv og historielaget Memoar Bergen skal samla, arkivera og formidla forteljingar om oppvekst p Møhlenpris i dag og i dei siste hundre åra. Memoar og
Historietorget/Sportsklubben Djerv har arbeidd med å samle munnleg kjeldemateriale om bydelshistoria sidan 2016.
Tanken med dette prosjektet er å trekka born og unge og den lokale skulen endå tettare inn i samarbeidet. Forteljingane skal formidlast
på nettsidene Historietorget.no og Mohlenpris.blogspot.com og i den digitale vandringsappen Fotspor.mobi
Sjå heile prosjektskildringa her
Gjennomføring: Fram til Koronopandemien endra alt, var planen å gjennomføra prosjektet våren 2020 - med høgdepunkt under skulearrangementet "Møhlenspill" den 10. juni. Det skulle vera eit stort arrangement i Forum og med tema TID. Sjuandeklassingane skulle lage seks kortfilmar om korleis Bergens 950 år lange historie vert fortald i den munnlege kutluren i 2020.
DIGITALT PROSJEKT PÅ MØHLENPRIS:
I siste halvdel av november 2020 (vekene 47-49) skal det gjerast eit nytt forsøk oå å gjennomføre "lokalhistorie i skolesekken" på Møhlenpris.
Det skal handle om jødedeportasjonane frå Møhlenpris i 1942. Elevane skal både arbeide med historia og med minnekulturen rundt det som hende.
Prosjektet blir eit digitalt eksperimenmt: Fyrst skal Memoar gjennomføre eit undervisningsopplegg i sjuandeklassen som er med i prosjektet. Opplegget finn du her
Deretter skal nokre av elevane gjennomføre fjernintervju med tre av dei som står sentralt i arbeidet med å halde minnet om de deporterte levande. Dei andre elevane skal fortelje sine eigne versjonar av det som hende og om fakkeltoget som går kvart år.
Til sist skal alt dette klippast saman til ein digital produksjon "Snublesteinane på Møhlenpris" - som skal ha digital verdspremiere kort før jul.
Avslutta skuleprosjekt:
Fridalen skole: Kreativitet gjennom 80 år:
Den 30. september 2019 markerte Fridalen Skole sitt 80-års jubileum. Førebuingane til markeringa inneheldt mellom anna oppstart av eit samarbeid med Memoar om innsamling og formidling av munnleg kulturarv på Landås. Sjå meir: www.memoar.no/bergen/fridalen
Krigshistorie - Rothaugen skole
I mars 2019 smarbeidde Memoar, Rothaugen skole og Bergen off. bibliotek om innsamling og formidling av munnleg, lokal krigshistorie. Seks tidsvitner som alle hugs krigsåra som barndomsminne, blei intervjua av 9.klassingar. Utdrag av desse intervjua blei formidla gjennom geotagging i vandringsrute-appen "Fotspor".