Fredrik Jensen

Publiseringsdato: 29.sep.2019 07:51:57   

Fredrik Jensen vart den mest dekorerte norske frontkjemparen. I dette intervjuet fortel han om dei overbevisningane som låg bak at han meldte seg til krigsteneste. Hans politiske oppfatningar er framleis uendra, og han omtalar frontkjemparane og det norske samfunnets handsaming av denne gruppa med innbitt engasjement.

Faren var glødande antikommunist som likte Vidkun Quislings samfunnsidear. Historielesing om Englands historie gjorde Fredrik Jensen anti-engelsk i sine haldningar. Han var mot tyskarane i 1940, men seinare vart det annarleis, da han meinte å ha fått vite sanninga om korleis og kvifor Norge blei hærtatt. Meldte seg inn i NS i august 1940. Fekk stipendium for å studere politikk og statsvitskap i Tyskland våren 1941.

Avbraut studiane og meldte seg til innsats ved Østfronten. Tok tysk offiserskole og kom til fronten att i Divisjon Wiking. Han fikk krigskorset i gull fordi han meiner sjølv han tok initiativet til trefningar den tida han var offiser. Avslutta krigsinnsatsen ved sydfronten, vart arrestert på sjukehus i Østerrike, og sat i fangenskap i Dachau.

Amerikanarane prøvde i fleire avhør å knyte han til grusomheitene i konsentrasjonsleirane. Hevdar sjølv at han ikkje visste om leirane og heller ikkje om handsaminga av jødane før etter krigen. Rømte med falske papir, men meldte seg på konsulatet og vart sendt til Norge. Fekk ein dom på 3 månader fengsel og tap av statsborgarlege rettar i 10 år.

Gjorde suksess som forretningsmann i Sverige innan kontormaskiner.

Han er framleis nasjonalsosialist, angrar ikkje og hevdar han har eit sant og reint samvit.