Krigsminner

Prosjekt Krigsminne.Memoar.no er eit dugnadsprosjekt som starta hausten 2016, i samarbeid med enkeltpersonsforetaket Mediekunnskap Jostein Saakvitne. Samarbeidet handlar om digitalisering, publisering og formidling av munnleg kjeldemateriale om hendingar og daglegliv i krigsåra 1939-1945. Mange av desse vart samla inn på 1990-talet, i prosjektet Norgesdokumentasjon som Saakvitne var ein del av.

Har du lyd-, film- eller videoopptak av primærkjelder til krigshistoria - ta kontakt!

Lydband, kassettar, film og videoband har avgrensa levetid. Det er viktig å få dei digitalisert og arkivert slik at dei ikkje går tapt. Me samarbeider gjerne!

Ta kontakt med Jostein Saakvitne på 975 85 357, eller Bjørn Enes på 415 16 745.

Sjå fleire krigsminnar frå: Nordhordland, Voss, Måløy, Sotra, På tysk side, eksplosjonen på Vågen

Nils Audun Vassenden

Barndomsminne frå krigsåra: Nils Audun Vassenden opplevde 9. april og resten av krigsåra i Klokkarvik, et "Drøbaksund" i vest

Kvinnene på Grini: Ella Rafto (Bergen 2016) fortalde om si deltaking i illegalt avisarbeid i Bergen, arrestasjon og fangeopphald i kvinneavdelinga på Grini under to intervju i 2016.

Krigsminne

Eksplosjonen på Vågen: Når bergensarar fortel om levd liv, kjemn så å seie alle som er gamle inn på eksplosjonmen på Vågen i Bergen i april 1944. Me har laga ei samleside med nokre av desse forteljingane under Geografi/Bergen/Eksplosjonen.