Norske frontkjemparar på tysk side

II siste halvdel av 1990-talet gjorde prosjektet Norgesdokumentasjon ein serie på 450 intervjuopptak med primærkjelder til norsk krigs- og okkupasjonshistorie. Prosjektleiaren Jan Eidi gjorde dei fleste av opptaka, i samarbeid med ulike samarbeidspartnarar. Det aller meste av materialet vart avlevert til dåverande Stiftelsen Neveragain.no som arbeidde med å bygge opp ei samling munnleg kjeldemateriale om andre verdskrigen. Stiftelsen vart i sin tur innlemma i Stiftelsen Arkivet som i dag har det meste av orriginalmaterialet frå Norgesdokumentasjon. 

Norgesdokumentasjon si samling omfattar 10 frontkjemparintervju som vart laga i samarbeid med dåverande leiar av Mediesenteret ved Høgskulen i Bergen, Jostein Saakvitne, som seinare har vore med på danninga av å utvikle Memoar.  Dei er publiserte her. 

Norgesdokumentasjon presenterte seg sjølv slik: 


Dokumentasjonsprosjektet "Norge under okkupasjonen"

Arbeidet startet i 1994 med delprosjektet "Norge under okkupasjonen". Foran Frigjøringsjubileet i 1995, intervjuet norsk skoleungdom 12.221 personer over 65 år med 90 spørsmål.Selve registreringsarbeidet ble utført under ledelse av Bjørn Balstad, Gallup A/S. I samarbeid med 361 ordførere i Norge, kartla dessuten 1.350 lokalkjente personer tyskernes militære og sosiale aktiviteter i 83 % av kommunene: Krigsanlegg, brakker, lager, flyplasser, administrasjonssteder, "soldatenheim", sykehus, bordeller, fangeleirer og gravplasser. Den landsomfattende dokumentasjonen fra dette arbeidet, mottok Riksarkivet 2/7-1996. Materialet er fordelt i 25 tema-rapporter. Går vi tettere inn på realitetene i noen av disse rapportene, finner vi eksempelvis en sosiologisk analyse av hvem 40.000 nordmenn i fangeleirene var. Arbeidstjenestens organisasjon i Norge med 84 leirer belyses. Nasjonal Samlings organisasjon med 54.651 medlemmer i 495 førkrigskommuner er solid dokumentert. Rapportene beretter blant annet også om hirdens oppbygning, om bonde- og faggrupper, om føreropplæring på Jessheim, om elitegymnas på Gjøvik og Inderøy, og om landssvikoppgjørets fengsler etter 9. mai 1945. 


Norgesdokumentasjons videoprosjekt med 450 personer

Dette prosjektet har siden starten i 1997, i samarbeid med 102 kommuner, bedrifter og institusjoner i 19 fylker, gjennomført en historisk registrering gjennom 450 timelange videointervjuer med syv statsministre, 14 finansministre, politikere, ledere og kulturpersonligheter i Norge, inkludert 231 motstandsfolk og 42 fra tidligere Nasjonal Samling. De intervjuede har fortalt utførlig om blant annet oppvekst, levekår, påvirkningskrefter, utdanning, arbeid, og i tillegg gitt egenkarakteristikker samt sine oppfatninger i eksistensielle spørsmål. Arbeidet er utført i samarbeid med KUF, universiteter/høyskoler og andre, med prosjektleder Jan Eidi, Sandefjord, som ansvarlig. Neste prosjekt vil hete "Hvorfor opplevde vi krigen så forskjellig?".


Jostein Saakvitne: 

Idealistar på ville vegar?

Under krigen meldte over 12 000 norske ungdomar seg til krigsteneste på Østfronten, og mellom 5-6000 drog dit for å kjempe i dei mest grusomme slaga som fann stad under 2.verdenskrigen. Nærare 900 vart liggjande att på slagmarka. Kvifor gjorde dei dette? Kvifor valde dei å gå i teneste for diktatoren Hitler og hans ideologi? Kan det på nokon måte samanliknast med dagens unge nordmenn som dreg til slagmarkene i Midtausten og slåss på liv og død for ein annan ideologi?

I eit stort dokumentasjonsprosjekt videointervjua vi på 90-talet tidlegare frontkjemparar som fortel om sine grunnar til at dei gjorde som dei gjorde, og kva dei opplevde både ved fronten og etter krigen. Med utgangspunkt i desse intervjua set vi desse forteljingane inn i ein historisk samanheng og åpnar opp for eit ordskifte om korleis ein kan sjå på landssvik og idealisme i eit historisk perspektiv.

Kven var dei og kvifor meldte dei seg til frontteneste?

Dei fleste som meldte seg var unge menn, gjennomsnittsalderen var 24 år. Den yngste var 14, som fall ved fronten. Han hadde loge på alderen, som fleire gjorde. Alle yrke var representert, frå bønder og arbeidarar til akademikarar og andre grupper. Byane var overrepresentert, og svært mange kom frå middelklassen.


Grunnane var mange. Det var eit sosialt press i NS-miljø om å melde seg til teneste, «skal du til fronten» var eit vanleg spørsmål. Kamp mot bolsjevismen var viktig, og ein skal ikkje sjå bort frå at eventyrlyst også spela med.

Meir om dette 

Opplevingane ved fronten

Mange hadde rekna med ein kort og ærefull frontinnsats. Det var få av dei norske ungdomane som kunne sjå føre seg det krigshelvetet som låg føre dei. Utdanninga i Tyskland var eit sjokk, med nedverdigande tyske utdannarar. Men endå verre var det ved fronten,i kamp med kulde og matmangel, ein fiende som etter kvart blei sterkt overlegen, redsel for å bli teken til fange og torturertpå det mest grusame, kameratar som vart skotne til filler, og ein evig retrett attende og attende.

Kva var det som gjorde at dei heldt ut?

Meir om dette

Rettsoppgjer og ettertid

Frontkjemparane vart dømt kollektivt skuldig i landssvik, men fekk individuelle straffer etter kva dei hadde gjort. Nokre fekk og tilleggsstraff for NS-verksemd eller samarbeid med tysk politi. Ingen vart dømt for ugjerningar ved fronten, då dette var spørsmål som ikkje kom opp i rettsoppgjeret.

Derimot var det stor skilnad i straffene mellom dei som fekk sakene sine opp til doms like etter krigen, og dei som måtte vente ei tid. Etter kvart som krigen kom på avstand, vart domane mildare.


Nokre kom seg aldri på fote att, men med dei fleste gjekk det bra. Etter å ha sona domen kom dei inn i samfunnet att i vanlege stillingar og kunne leggje krigstida bak seg. Nokre var åpne om fortida si, men for mange gjaldt det å skjule kva dei hadde vore med på, spesielt for jobb og familie. Fordøminga var i mange år stor på alt som hadde med landssvik å gjere, og framleis mange år etterpå var det barn og barnebarn som fekk seg ein stor støkk når det kom fram kva far eller bestefar hadde vore med på.

Meir om dette

Landssvikarar ?

Alle frontkjemparane vart dømde etter krigen, til dels med lange fengselsstraffer. Dette hadde bakgrunn i at dei gjekk i fiendens teneste og i fiendens uniform kjempa for han.

Frontkjemparane sjølve såg det ikkje slik. Dei meinte at dei hadde kjempa for Norges sak, mot den ytre fienden Sovjet, for å hindre at bolsjevikene skulle invadere landet vårt. Dei hadde ikkje kjempa for Hitler sa dei, men på same måten som finnane gått saman med Tyskland for å kjempe mot ein felles fiende.


Frontkjemparane vann ikkje fram med sitt syn, og framleis står dommen over dei som landssvikarar, noko dei sjølve har vore svært bitre over.

Og kva med dagens nordmenn som dreg til slagmarkene i Midtausten?

Meir om dette 

ANDRE KJELDER: