Wolfgang Vindingstad
Wolfgang Vindingstad meldte seg som syttenåring for frontteneste på grunn av mobbing i skulen og omgangskretsen. Vart sendt til Finland i Skiløparkompaniet, og var del av den norske styrken som vakta Hasselmann og Kaprolat høgdene- I ein overveldande russisk offensiv der 140 nordmenn mista livet, overlevde Wolfgang og vart teken til fange. Gjennom ni år vart han sendt frå fangeleir til fangeleir i Russland, der kameratane døydde og få overlevde. Vart til slutt sendt attende til Norge i 1953 etter Stalins død.