Voss

Kjem

Kjem

Kjem

Krigen kjem til Voss

Voss 1940 - 45 - Mobilisering

Senteret for mobiliseringa for Sogn og Fjordane og mesteparten av Hordaland låg på Voss. Her vart det første veka etter 9.april samla over 6 000 mann. Sjef var general Steffens. Mesteparten av denne styrken vart raskt sendt austover, dei fleste havna i Valdres og Numedalen. Kva var grunnen til dette, og kvifor oppstod det så mykje forvirring kring mobiliseringa?Meir om dette

Bombinga

23.-25.4. gjekk tyske fly til åtak på Vangen, og mesteparten av husa vart øydelagt av bombene. Samstundes vart og Ulvik sentrum bomba. Kvifor utførte tyskarane desse bombetoktene? Var det rein terrorbombing eller strategisk bombing for å oppnå militære mål?Meir om dette

Tyskarane kjem

Etter den første invasjonsbølgja 9.april mot Bergen brukte tyskarane noko tid på å styrkja stillingane sine før dei gjekk vidare inn i landet. Voss vart naturleg nok sett på som det viktigaste målet i innlandet, og angrepet gjekk føre seg frå tre kantar; langs jarnbanelina frå Bergen, over fjellet frå Ålvik og ned Bordalen, og frå Granvin opp Skjervet.Nokre stader kom det til harde kampar, medan tyskarane mest uhindra kunne rykkje fram andre stader.

Meir om dette

Krigskvardag - Mat og rasjonering

Den vanlege kvardagen vart raskt byta ut med ein grå krigskvardag. Dei mange tyskarane i bygda kom til å prege livet for alle. Voss er ei jordbruksbygd, og matmangelen var ikkje så stor her som andre stader i landet, spesielt i byane. Men det vart innført rasjonering på dei vanlegaste matvarene, og bytehandel vart vanleg. Matauk var det nye ordet. Den samla jordbruksproduksjonen gjekk drastisk ned, kvifor det?Meir om dette


Skule, kyrkje og administrasjon

Nasjonal Samling ønskte å ta grep om alle sider ved samfunnslivet for å oppsede folk til "den nye tida". Dei peika ut skule og kyrkje som sentrale område å feste makta på. Alle norske skuleelevar skulle meldast inn i NS si ungdomsteneste, og lærarane inn i det NS-kontrollerte Lærarsambandet.

Alle biskopene gjekk av. Mange prestar sa frå seg embetet sitt i protest, eller vart oppsagt av NS-styret, og fleire heldt fram som "privatprestar". Innsette NS-prestar talte for tome kyrkjer, mens dei andre hadde smekkfulle kyrkjer.

På Voss gjekk heradstyret av og Voss fekk NS-ordførar.

Meir om dette

Nazistar i bygda

Nasjonal Samling fekk aldri den same utbreiinga på Vestlandet som t.d. på Austlandet. På Voss var det få aktive nazistar, og oppslutnaden om partiet NS var liten. Derimot var det ein del utanbygds NS-medlemer i bygda, og avisa Hordaland fekk NS-redaktør. Eit fåtal vossingar drog ut som frontkjemparar, og kom attende svært prega av frontlivet. Ved rettsoppgjeret vart nokre NS-medlemene dømt til bøter eller kortare fengselsstraffer.

Propaganda

Okkupasjonsåra var prega av intens propaganda, frå alle kantar. Tyskarane var meistrar i å laga god propaganda i alle tilgjengelege media, og NS-styret hadde og gode folk til å handtera propagandaen sin. Dei norske styresmaktene i London dreiv på si side aktiv propagandaverksemd, både gjennom radio og illegale aviser.

Meir om dette

Lensmann og politi

Det norske politiet skulle nazifiserast. Det innebar at den enkelte politimann skulle melda seg inn i NS, og alle lensmenn og politimeistrar skulle vera trugne mot det nye NS-styret. Nasjonalt var det svært mange politifolk som gjorde dette, noko dei vart kritisert for etter krigen, sjølv om dei rettferdiggjorde seg med at dei elles ville mista stillingane sine. På Voss vart trugsmålet stort sett ignorert, og dei lokale politimennene arbeidde i det skjulte for heimefronten ved å gje åtvaringar om tyske razziar osv. Gestapohuset i Bergen

Det tyske politiet var det verre med. Gestapo var overalt, og hadde sine informatørar blant folk. Det var ille å havna i Gestapos klør, der ein kunne bli teken med til Gestapohuset i Bergen og utsett for fæl tortur. Frykten for angjevarar var sterk, sjølv om folk her i bygda stort sett visste korleis dei andre sto. Men det var alltid mistenkjeleg når framandfolk kom til bygda og byrja spørje seg for. Fleire vossingar havna i fangeleirar og i Tyskland.

Omgang med tyskarane

I fem år måtte bygdefolket venja seg til å omgå okkupantane. Dei var umoglege å unngå, overalt var dei å treffa; på gata, i butikkane, på badestranda... Stort sett oppførte dei tyske soldatane seg eksemplarisk. Dei var høflege og venlege mot sivile, og vart strengt straffa av sine eigne dersom dei gjorde noko ulovleg. Noko anna var det når tyskarane gjennomførte razziar og aksjonar, då kunne det gå brutalt føre seg.Heimefronten sende ut parolar om å danna ein såkalla isfront mot NS-folk og tyskararar. Den ga seg mest utslag i at folk flest ville ha minst mogleg å gjera med tyskarane. I desse åra sto det til ei kvar tid mellom 3-5 000 tyske soldatar i bygda. Det var mykje eldre menn som ikkje eigna seg så godt for frontteneste, og elles soldatar på permisjon frå Austfronten, der opphaldet her vart rekna som "ferie" frå det harde frontlivet. Norge var elles saman med Danmark det einaste tyskokkuperte landet i Europa der soldatane ikkje trong bera våpen når dei omgjekk sivile på fritida. Nordmenn vart rekna som "fredlege" og "ufarlege" . I ettertid har gjerne tyske soldatar karakterisert opphaldet i Norge som den beste tida deira under krigen.

Russiske krigsfangar

Tysk oppbyggjing på Voss

I løpet av krigsåra gjennomførte tyskarane store anleggsarbeid i bygda. Hovudbasen på Bømoen vart bygd ut med store brakkeanlegg og ein eigen flyplass, og likeeins vart Tvildemoen og Gjernesmoen bygd ut som tyskarleirar. Russiske krigsfangar vart nytta til å byggja vegar og bunkersanlegg. Framleis vert "russarvegen" nytta som navn på vegen langs Vosso frå Tintrabrua nedover i Gjernesmoen. Tintrabrua var også eit tysk byggverk, kalla Major Kleins Brucke, oppkalla etter den tyske offiseren som leia invasjonsstyrken i 1940 og seinare omkom i ei skredulykke i 1941.

Mange stader i bygda er det framleis restar etter tyske observasjonspostar og bunkersanlegg.

Motstand

Motstandsarbeidet tok tidleg til i bygda.

Her kan du lesa meir om dei ulike formene som sivil motstand gav seg uttrykk i, og korleis den militære heimefronten vart bygd opp (Milorg).

Dette var farleg arbeid, då tysk politi heile tida var ute etter informasjon om folk i motstandsarbeidet.

Slepp frå England med fly over Gråsida, agentar som kom i løynd...

Meir om dette

Frigjering

Frigjeringsdagane vart som andre stader i landet ein stor folkefest. Heimefrontkarane kom ned frå gøymestadene sine og paraderte i gatene, tyskarane drog seg attende til leirane sine og vart etter kvart avvæpna. Det var eit fredeleg maktskifte utan større uro. 17.mai 1945 vart ei stor markering av ny fridom.

Meir om dette

Boka "For fridom og fred - Heimefronten i Vossebygdene 1940 - 45"

Einar Rekve og Aslak Helleve si bok med denne titelen vart uitgjeven av Voss Sogelag i 1995. Boka er no digitalisert, og kan lesast i heilskap i den norske "Bokskya".

Boka kan lesast hos Nasjonalbiblioteket