Håkon Skiple
Håkon Skiple (f.1915) var eldst i ein søskjenflokk på fem. Han var vernepliktig sersjant i 1938 og mellom dei fyrste som møtte opp då mobiliseringsordren kom etter det tyske åtaket på Norge 9.april 1940. Etter at landet hadde kapitulert, var han tilsett som politibetjent på Voss samstundes som han tok del i motstandsarbeidet i bygda. "Då krigen kom til Norge var eg nestkommanderande i troppen til kaptein Haukeland. Me gjekk på ski over fjellet fram til kampområdet, og kom i trefningar med tyskarane like utafor Kongsberg. Då me kom til Geilo fekk me høyra at Voss var bomba. I Hallingdal fekk me ordre om å dra vestover, men me vart skotne på av tyske troppar og måtte trekkje oss attende. Dei såra vart sende til Holms Hotell på Geilo, og det vart sett opp ein ny bataljon som skulle sendast til Sogn.
Neste morgon fekk me beskjed om at kampane var slutt og me vart dimittert. Eg ville dra nordetter, men då eg kom til Åndalsnes var kampane slutt. Eg drog heim til Voss. Her vart eg tilsett som politivakt på lensmannen sitt kontor. Eg hadde vanleg politiarbeid, og lensmannen tok seg av det sivile.
Me var tre stykke i politiet, og me måtte heile tida passa på at ingen ting av det illegale arbeidet som hende i bygda kom ut. Tyskerane hadde fått ordre om å retta seg etter norske bestemmelsar. Ein gong kasta eg ut, under stor jubel, to tyske kapteinar frå ei kinoforestilling. Dagen etter vart eg innkalla til det tyske politiet som ga meg ei forferdeleg overhaling.
Eg kom med i motstandsrørsla automatisk. Det byrja med at eg frakta våpen og mat til heimestyrkane. Me nytta politibilen til transport. Til dagleg brukte me dei blå politiuniformane, men når me skulle køyra våpen eller flyktningar tok me på oss dei grøne uniformane. Kom me til ein kontrollpost ropa me berre "heil og sæl" og me gjekk glatt gjennom. Bilen var som regel full av våpen og ammunisjon som skulle leverast til motstandsrørsla. Det hende og at eg måtte gje beskjed til folk som var i faresonen.
Eg vart stoppa i kontroll då eg kom syklande med ei kasse full av sprengstoff bak på sykkelbrettet. Sprengstoffet skulle brukast til å sabotera bergensbanen. Eg klarte å bløffa meg gjennom kontrollen, men etter at eg hadde kome velberga igjennom, kom reaksjonen. I 1943 fekk eg i oppdrag å skaffa teikningar av dei tyske militæranlegga. Teikningane kom fram til England etter at eg hadde utført oppdraget."
"Då tyskarane bygde flyplassen her i distriktet, kom det mykje rask til bygda. Det skaffa oss i politiet mykje ekstraarbeid. Ekstra stas var det blant folk hvis ein NS-mann måtte sitja i arresten. Då gikk folk rundt og ropa: Sjå korleis det går med det nye Norge! "
HÅKON SKIPLE
00:00 Oppvekst
00:43 Mobilisering, sendt til Valdres
01: 40 Møte med tyskarane i Numedal
03:30 Harde kampar på Mjølfjell
08:00 Lokomotiv sendt gjennom Gravahalsen for å stoppa tyskaran
09:40 Dimittert i Ålesund,, gjekk på ski heim att
11:10 Tilsett i politiet
12:40 Politiarbeid
13:40 Kontakt med tyskarane
15:00 Episoden på kinoen
17:45 Med i heimefronten, varsla om tyske aksjonar
19:20 Tips om folk i faresonen, hjelp til kurerar
23:30 Henta sprengstoff, i politikontroll
27:17 Russiske fangar
28:00 Vanskeleg kombinasjon å vera både i politiet og driva illegalt arbeid?
29:15 Tilhøvet til norske nazistar
31:20 Tyske anlegg skapte mykje arbeid
32:30 Rettsoppgjeret og oppgjeret med NS
Intervju på Voss 28.8.1998 Intervjuarar Aslak T.Helleve og Jan Eidi