Den 30. oktober 2018 møttest eit panel med sju bergenserar i auditoriet på Bergen off. Bibliotek, for å dela barndoms- og ungdomsminne om krigsåra og den tidlege etterkrigstida. For no er det borna sin tur å fortelja - i mange år vart deira forteljingar overdøyvde av dei vaksne sine. No er dei over 80 år gamle, dei som var sju den dagen det smalt. Arrangementert var eit samarbeid mellom Memoar og Lokalhistorisk avdeling på Biblioteket. Eit stort publikum fylgde samtalen frå tilhøyrarplass.
Dei åtte som delte minne var (frå venstre på biletet):
Åshild Lerøy budde på Haukeland og gjekk på Nygård Skole. Ho høyrde til ein familie som var sterkt involvert i motstandsarbeid.
Nils Audun Vassenden - budde i Klokkarvik i Sund, og opplevde eksplosjonen på avstand - men sjølve krigen på nært hald.
Ludvig Myrland var sju år. Han budde i Svaneviken, og hugsar bilane med blodige skadde på veg til det provisoriske sjukehuset på Fridalen Skule.
Bjørn Enes frå Memoar var leiar av samtalen. Han hadde også tidlegare intervjua alle dei sju deltakarane.
Eli Karin Eustice var fem år, og sto saman med mor si framfor vindauget i Nykirkegården på den andre sida av Vågen
Grethe Sangolt var sju år gamal og budde på Nordnes.
Irene Ellinor Johansen - budde på Nøstet. Far var uteseglar - mor måtte arbeide, og Irene måtte passe veslesystera.
Gunnar Ørnulf Aase var ti år og gjekk på Fridalen Skole som vart omgjort til sjukehus.
Den 8. mai 2014 publiserte Bergen Fritidsfilmere ein video med tidsvitneforteljingar, historiske bilete og dramatiseringar som fortel inngåande både om bakgrunnen for hendinga og korleis dagane etter den fryktelege ulukka utvikla seg. Etter avtale med Bergens Fritidsfilmere videreformidlar me filmen her:
Eksplosjonen på Vågen i Bergen skjedde den 20. april 1944. Det nederlandske ammunisjonsskipet «Voorbode» med 120 tonn ammunisjon kom i brann og detonerte ved festningskaien på Vågen klokken 08.39. Ved siden av Filipstad-ulykken var eksplosjonen på Vågen den største ulykke av sitt slag[klargjør] under okkupasjonen av Norge.
158 mennesker ble drept (av disse 102 norske).[1] (NRK oppgir 169[2], 96 sivile og 56 tyske militære[3], beskrives også som 56 utlendinger hovedsakelig tyske[4]). 4 800 personer ble så skadet at de trengte legebehandling.[2] 131 hus forsvant ("blåst bort"[2]). 117 hus ble så sterkt skadd at de måtte kondemneres. 45 hus ble sterkt skadet, mens 3 500 hus fikk mindre skader. I etterkant av eksplosjonen ble 4 260 barn evakuert. - Les meir på Lokalhistoriewiki.no:
Nordnesrepublikken:
"Olufine Lunde, moren til Eli Karin og søsteren Liv hadde sett ut vinduet og blitt oppmerksomme på den kraftige stikkflammen fra båten borte på Festningskaien. De bodde i tredje etasje i Nykirkegaarden 6, de gamle trehusene som gikk helt ned i sjøen nedenfor Nykirken på Nordnes. Det var om morgenen den 20. april 1944. Den dagen den hollandske båten Voorbode skulle gå i luften på Festningskaien og forandre Bergen for alltid.
Hun skyndte seg å kle på barna. Den eldste datteren, Liv på 8 år, stod lengre inne i rommet, mens Eli Karin på 4 år stod sammen med mamma nærmere vinduet.
Da smalt det."