Hovudprosjekt i utvandraråret:
I samband med hundreårsjubileet til Ny-Krohnborg skule i 2024, har Memoar i samarbeid med skulen gjennomført ein "mimrekveld" og ein serie intervjuopptak.
Dei som deltok i "mimrekvelden" vart informert om at det blei gjort lyd- og videopptak av alt som hende den kvelden, og at opptaka ville bli arkivert hos Memoar og seinare avlevert til offentleg arkiv.
Alle dei som blei intervjua, har vurdert og signert "Avtale om opptak, arkivering, tilgang og bruk av intervjuopptak" ut frå den malen som er publisert til høgre for denne teksten.
Det er det publiserte videoopptaket som er primærkjelda og som det kan siterast frå. For å gjere det enklare å finne fram i videopptaket, publiserar vi også så langt råd ein logg eller ein maskintranskripsjon. Logg og transkripsjon er berre meint som hjelp til navigasjon - det må ikkje siterast frå dei.
Korrektur av maskintranskripsjon må gjerast på dugnad - kontakt Memoar for å hjelpe til!